Tilbake til søkeresultatene

NORGLOBAL2-Norge - global partner

Mapping marine resource conflicts across sub-Saharan Africa: patterns, drivers and solutions for coastal communities

Alternativ tittel: Kartlegging av marine ressurskonfliktar i Afrika sør for Sahara: utbreiing, årsaker og løysingar for kystsamfunn

Tildelt: kr 6,0 mill.

Kystsoner verda over opplever befolkningsvekst, auka press på tradisjonelle næringar som fiskeri, og vekst i nye kommersielle næringar som oppdrett, energiproduksjon frå vind og bølger, og turisme. Slike endringar er antatt å auke sjansane for konfliktar i marine og kystnære strøk. FN anerkjenner at å løyse slike konfliktar er sentralt for berekraftig ressursforvaltning, men til tross for dette finst det svært lite forsking på utbreiing av marine ressurskonfliktar. Utan slik kunnskap er det vanskeleg å finne gode tilnærmingar for forvaltning eller politikkutforming for å løyse slike konfliktar, og det er ikkje mogleg å identifisere særleg sårbare områder. Desse problema er særs viktige for mange land som er avhengige av marine ressursar til ernæring, økonomisk tryggleik, og vern av kystsona. Vårt prosjekt forsøker å imøtegå dette kunnskapsbehovet ved å gjennomføre den første systematiske analysen av geografisk utbreiing og årsaker til marine ressurskonfliktar på internasjonalt, nasjonalt og lokalt nivå med fokus på Afrika sør for Sahara og case studiar i Ghana, Kenya og Sør-Afrika. Først vil MARICA kartlegge ekspertar og systematisk innhente rapportar om marine ressurskonfliktar i aviser og tidsskrift i ei tiårs-periode, og så samle dette til ein ny database. Deretter vil vi analysere kva faktorar, slike som økosystemhelse, forvaltning eller demografi, som har samanheng med større sårbarheit for konfliktar. Auka forståing for konfliktar kan også hjelpe oss å identifisere moglege positive endringsvegar. MARICA vil nytte ekspertvurderingar frå Afrika sør for Sahara og lokale undersøkingar frå case studie-områda til å lage eit vegkart for å identifisere kva tilnærmingar for politikkutforming og forvaltning som mest truleg kan fungere i ulike kontekstar. Sjølv om vårt fokus vil vere på Afrika sør for Sahara vil resultata frå prosjektet ha breiare relevans for marine ressurskonfliktar også i andre områder. Sidan oppstarten i 2019 har vi hovudsakleg jobba med den overordna kartlegginga av marine ressurskonfliktar (WP1), og førebuing av forsking på lokale årsaker til konfliktar gjennom hushaldsundersøkingar (WP2). Til kartlegginga i WP1 har vi vi ferdigstilt arbeidet med søkestreng og prosedyrar for å gjennomføre søk over ein 10-års periode i relevante tidsskrift og aviser i alle engelsk-, portugisisk- og fransktalande land i Afrika sør for Sahara (gjennom Factiva). Vi har også utarbeida ein oversikt over konflikttypar for sikre transparent og konsekvent tilnærming i arbeidet med loggføring av konflikttilfelle, i tråd med etablerte standardar utarbeida av PRIO og andre forskingsmiljø. Loggføringa av desse oppslaga har blitt nytta til å lage ein database over tilfelle av marine ressurskonfliktar, konflikttypar, nivå, konfliktløysingsmekanismar og kva aktørar som er involvert. For å utfylle databasen ytterlegare gjennomfører vi ei spørjeundersøking retta mot ekspertar for å identifisere ytterlegare konflikttilfelle, deira årsaker, og kva løysingar som har vorte iverksett. Denne er sendt ut, og vil om kort tid verte samanfatta og analysert. Saman vil databasen og spørjeundersøkinga vere til hjelp for å danna oss ein betre bilete av årsaker til konfliktar og deira moglege løysingar. I WP2, har eit første steg vore å utvikle ei spørjeundersøking retta mot hushalds- og nøkkelinformantar, som dannar grunnlaget for datainnsamling i Ghana, Kenya og Sør-Afrika. Spørjeundersøkinga vart testa av lokale partnerar i alle case-områda tidleg 2020, og lærdom herifrå vart nytta til å utarbeide ei felles undersøking med sams utvalsmetodologi for dei tre landa. I løpet av 2021 er denne datainnsamlinga gjennomført, i tråd med naudsynte prosedyrar for å sikre bade forskarar og informantar, men noko forseinka grunna den globale pandemien. Analyser av dette materiale er undervegs. Prosjektet sin 3. arbeidspakke er ei fleirnivåanalyse med utgangspunkt i det føregåande arbeidet, med mål å skape ein statistisk modell for å kunne føreseie konfliktar. Dette arbeidet starta tidleg i 2021 og er ikkje avslutta.

At the United Nations World Summit on Sustainable Development in 2002, it was recognized that the failure to understand and resolve marine resource conflicts inhibits attempts to achieve sustainable resource management. In spite of this recognition, academic research on marine resource conflict patterns is virtually non-existent. Without this knowledge, designing management or policy interventions to mitigate these conflicts is challenging and identifying areas that may be more vulnerable to conflicts is not possible. These problems are particularly important for several sub-Saharan African countries that depend on marine resources for their nutrition, economic welfare, and coastal protection. Our project will fill this gap by implementing the first systematic, multi-scale assessment of spatial patterns and drivers of marine resource conflicts across sub-Saharan Africa and in 3 case studies in Ghana, Kenya and South Africa. First, MARICA will create a novel database of incidents of marine resource conflicts using periodical reports and survey results from regional experts across sub-Saharan Africa. Then, we will explore whether the frequency of conflict is related to potential conflict drivers like resource condition, resource dependence, governance, or population demographics and whether the identity of these drivers changes from international to local scales in our case studies. Conflict can also be a catalyst or inflection point for positive change in resource management. MARICA will use expert surveys from across sub-Saharan Africa and household surveys from our 3 case study countries to create a roadmap for identifying which resource management and policy interventions are most likely to be successful in different contexts. Our approach will be applied to countries in sub-Saharan Africa, but findings will have broad relevance for marine resource management in other regions.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Aktivitet:

NORGLOBAL2-Norge - global partner