Tilbake til søkeresultatene

FRIPRO-Fri prosjektstøtte

Active Learning Norwegian Preschool(er)s (ACTNOW)

Alternativ tittel: Aktive lærande barnehagar og barnehagebarn

Tildelt: kr 8,0 mill.

Fysisk aktivitet er viktig for å fremme barn si helse og utvikling. Det er imidlertid aukande bekymring knytt til lågt fysisk aktivitetsnivå hjå barnehagebarn. Ettersom 97% av 3-5 år gamle barn i Noreg går i barnehagen, er barnehagen ein unik arena for fremming av fysisk aktivitet, helse og utvikling, for å gi alle barn den beste starten i livet. Målet med Active Learning Norwegian Preschool(er)s (ACTNOW) er difor å utvikle og implementere ein effektiv og bærekraftig modell for kompetanseutvikling for personale i barnehagen for å auke fysisk aktivitet i barnehagen, fremme fysisk aktivitet i samfunnet, betre barn si helse og utvikling, og for å redusere sosial ulikhet i helse og utvikling gjennom tidleg innsats. Gjennom denne tilnærminga ynskjer me å fremme innovasjon i offentleg sektor, å forme framtidig folkehelse, oppvekst og utdanningspolitikk, og leggje grunnlaget for eit fysisk aktivt, likeverdig og berekraftig samfunn. Prosjektet har ein tiltaksmodell på 2 nivå der kompetanseutvikling for tilsette i barnehagen har mål om å auke personale sin kapasitet, motivasjon og mulighet for å fremme fysisk aktivitet med moderat til høg intensitet, motorisk utfordrande aktivitet, kognitivt engasjerande fysisk aktiv leik og fysisk aktiv læring for barn i alderen 3-5 år. Tiltaket utviklast i tett samarbeid med barnehageeigarar og relevante aktørar for å sikre utvikling av relevante, gjennomførbare og bærekraftige modellar for kompetanseutvikling. På barnehagenivået vil me undersøke korleis tiltaket påverkar praksis knytt til fysisk aktivitet. Hjå barn vil me undersøke verknaden av tiltaket på fysisk, motorisk, sosio-emosjonell og kognitiv utvikling. Tiltaket vil bli evaluert gjennom ein randomisert kontrollert studie på to nivå, for barnehagar og for barn, over 18 månadar i 46 barnehagar (23 tiltak og 23 kontroll) på Vestlandet. Me har samarbeida med 77 tilsette (styrarar og minimum 1 pedagog frå kvar avdeling som tek del i prosjektet) over ein 2-års periode, der dei fyrste 7 månadane var ein intensiv kompetanseutvikling. Kompetanseutviklinga (år 1) var strukturert som 6 dagar med fysiske seminar (4 dagar på campus og 2 dagar lokalt i kvar barnehage), 2 webinar (totalt 240 minutt) og 9 digitale førelesingar (totalt 240 minutt fordelt på innhald knytt til intervensjonen hjå barn og barnehagen sitt utviklingsarbeid), samla omkring 50 timar. I tillegg hadde me eitt ein-dags fysisk seminar på år 2 (12 månadar etter start). Tiltaksbarnehagar fekk også tilgang til ein digital idebank for fysisk aktivitet som vart utvikla i samarbeid mellom forskarar og personale i barnehagane (som no er ope tilgjengeleg her: https://aktivibarnehagen.no) og ein pakke med utstyr som kan nyttast for i bevegelse, leik og læringsaktivitetar. Av dei 77 tilsette som deltok, valte 16 tilsette å gjennomføre ei 15 studiepoengs vidareutdanning på frivillig basis. Denne vidareutdanninga har vorte vidareutvikla til ei utdanning på 30 studiepoeng i «Fysisk-motorisk aktivitet og utvikling i barnehagen” finansiert av Utdanningsdirektoratet. Prosessevalueringa av prosjektet viser så langt at 94-95% av barnehagepersonale er nøgd med at dei har delteke i prosjektet, meiner dei har fått tilstrekkeleg kompetanse til å fremme fysisk aktivitet i barnehagen og at dei truleg vil forsetje med intervensjonsmodellen etter prosjektet er avslutta. Dei rapporterer imidlertid også at fysisk aktivitet kunne vore betre integrert med andre aktivitetar i barnehagen og kun 21% rapporterer at dei har gjennomført alle intervensjonskomponentane som planlagt (35-64% for kvar komponent). 1265 barn deltek i effektevalueringa i prosjektet. Me har ingen publiserte resultat på effektar enno. Gjennom ACTNOW har me mål om å byggje eit nasjonalt og internasjonalt leiande tverrfagleg forskingsmiljø innan tiltaksforsking knytt til integrering av fysisk aktivitet, folkehelse, oppvekst og utdanning, som kan vere eit springbrett for innsats når det gjeld fremming av fysisk aktivitet og menneskeleg kapital hjå små barn.

Physical activity (PA) plays a key role in preventing a host of non-communicable diseases and developing human capital from an early age. Yet, there are growing concerns about low PA levels among preschoolers. As 97% of 3-5-year-olds in Norway attend preschool, preschools are unique arenas for intervention, laying the foundation for equitable development of health, human capital, and life opportunities. Yet, we lack evidence of scalable, effective and sustainable interventions to increase PA and concomitant outcomes in this age group. Therefore, we will conduct a large cluster randomized controlled trial investigating the effects of PA professional development of preschool directors and staff (a 15-credit university module) on preschool PA practices and child health and development during 18 months. We will recruit 40-44 preschools and 700–1100 children in one county in the western part of Norway to allow for detecting small to moderate effect sizes and ensuring a heterogeneous sample for the study of implementation. The project is organized in 3 work packages to investigate children’s physical development, children’s socio-emotional and cognitive development, and intervention implementation. The intervention will be developed with strong user involvement from municipalities and relevant stakeholders to facilitate the development of sustainable solutions. In strong collaboration with partners of national and international stature, we will develop a leading research group on transdisciplinary intervention research relating to promotion of PA and public health in the preschool sector. If successful, ACTNOW will be a springboard for future national and international implementation of PA initiatives in preschools, along with joint international project proposals and efforts to promote PA, physical fitness, motor competences, socio-emotional health, cognition, learning, and human capital in complex and culturally diverse contexts.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FRIPRO-Fri prosjektstøtte

Finansieringskilder