Tilbake til søkeresultatene

KLIMAFORSK-Stort program klima

Klimaforsking The YouTube Way – frå sminkevideo til grønt engasjement

Tildelt: kr 0,50 mill.

-

Saman med eit YouTube-influencar nettverk, Splay eller Nordic Screens, skal vi velje ut tre YouTubarar med tre ulike interesseområder og med sjåarar i den ønska målgruppa. Vi inviterer desse profilane til ein workshop saman med CICERO og kommunikasjonsbyrået Trigger der vi definerer definerer korleis vi skal nå gjennom til målgruppa. Dernest finn vi ein måte å formidle klimaforsking på som engasjerer dei unge og, sist, men ikkje minst, definerer vi eigna norske klimaforskarar dei kan møte og intervjue i sin kanal. YouTubarane er dei som kjenner denne målgruppa best, noko vi vil nytte direkte inn i prosjektet og til vidare kommunikasjon med målgruppa. Etter at videoane er ute, vil vi aktivisere målgruppa på to måtar: 1. Vi lar YouTubarane stille forskarane dei “dumme” spørsmåla som dei unge egentlig ikkje tør å stille. I etterkant av episoden inviterer ein eller fleire YouTubarar til livestream. Her kan følgjarane stille klimarelaterte spørsmål – knytta til ting dei no har blitt nysgjerrige på. Til dømes: «Korleis kan eg finne ut kor mykje eg kan påverke klima om eg kutta ut kjøttpålegget eller droppa å kjøpe ny mobiltelefon eller Sydentur?» eller: «Korleis melder eg meg inn i en organisasjon eller politisk parti som jobbar for klimasaka?» YouTubaren er den som tek imot spørsmåla og chattar med ei unge parallelt med at relevante forskarar forklarar kort og enkelt. Spørsmåla kan vi gjere klare på førehand i samarbeid med YouTubaren. 2. På slutten av den undersøkande videoen oppfordrar YouTubarane dei unge følgjarane sine til å stille spørsmål knytt til klima og klimaforsking i kommentarfeltet. Spørsmål og svar blir så liggande ope for alle på ei prosjektside på CICEROs websider i form av ein enkel Q&A kor vi brukar målgruppas spørsmål og forskaranes svar, og vonleg inviterer til meir nysgjerrighet. Under kvart spørsmål lenker vi vidare til artiklar, forskarar eller videoar som gir meir informasjon. Vonleg vil dette utløyse nye klimasamtaler blant unge nordmenn!

Budsjettformål:

KLIMAFORSK-Stort program klima