Tilbake til søkeresultatene

FORREGION-Forskningsbasert innovasjon i regionene

Kvinneløftet FixIT - aktivitetar for å auke kvinner si deltaking i innovasjonsprosjekt (FORREGION)

Alternativ tittel: FixIT - activities to increase the proportion of women in innovation projects (FORREGION)

Tildelt: kr 0,60 mill.

Sjølv om innovasjon vert oppfatta som sentralt for samfunnsutvikling, er det få kvinner som deltek i forskingsbasert innovasjon. Dette gjeld særleg i teknologiutvikling innan fagfelt der kvinner utgjer eit mindretal. "Kvinneløftet FixIT" vil bidra til å auke kvinner si deltaking i forskings- og innovasjonsfeltet i Sogn og Fjordane og Hordaland. FixIT har som mål å fremje kjønnsbalanse i prosjekta som er knytt til Forskningsrådet sitt program FORREGION, som mobiliserer næringslivet til forskingsbasert innovasjon. I samarbeid med partnarane har prosjektet bidratt til å auke fokus på å identifisere, mobilisere og rekruttere kvinner til innovasjonsprosjekt. Kvinneløftet FixIT har utarbeida ein "balansekompetansepakke" som skal bidra til generell auka merksemd og kunnskap om kjønna strukturar i forskings- og innovasjonsfeltet. Ei rekke balansekompetansekurs har blitt arrangert for innovasjonsaktørar frå privat og offentleg sektor, med mål å auke kompetansen blant FORREGION-deltakarar og andre i innovasjonsfeltet om kva mekanismar som kan fungere inkluderande og ekskluderande. Eit sentralt tema er kunnskap om kva verkemiddel ein kan ta i bruk for å sikre betre kjønnsbalanse. Aktivitetane har blitt evaluert og balansekompetansepakka er gjort tilgjengeleg for andre Forregion- og innovasjonsaktørar. Vestlandsforsking ved Hilde G. Corneliussen er prosjektleiar for FixIT, som er eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet med representantar frå FORREGION-prosjekta Teknoløft Sogn og Fjordane og Kabis i Hordaland. I tillegg er ei breitt samansett gruppe som inkluderer privat og offentleg sektor involvert, med IT-forum Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge samt kvinnenettverka Girl Geek Dinners i Førde og Bergen og Oda-nettverket for "kvinner i tech", avdeling Bergen. FixIT er og tett knytt til Nordwit, eit nordisk "Centre of Excellence" som forskar på kvinner i teknologirelaterte karrierar (nordwit.com), og som dannar det forskingsbaserte kunnskapsgrunnlaget for balansekompetansepakka.

Kvinneløftet FixIT har utformet en "Balanse¬kompetanse-pakke" som omfatter et inspirasjonshefte på 32 sider med kunnskap, veiledning og verktøy for at bedrifter og organisasjoner skal kunne jobbe mer effektivt for å øke kjønnsbalanse og mangfold i innovasjons¬prosjekter. Heftet har blitt presentert sammen med et foredrag med mål å motivere innovasjonsaktører til å reflektere over egen organisasjon og å bidra til økt satsing på økt mangfold.

"Kvinneløftet FixIT" skal bidra til å auke kvinner si deltaking i forskings- og innovasjonsfeltet i Sogn og Fjordane og Hordaland. FixIT skal særleg fremje kjønnsbalanse i prosjekta som er knytt til Forskningsrådet sitt program FORREGION, som mobiliserer næringslivet til forskingsbasert innovasjon. I samarbeid med partnarane skal prosjektet bidra til å identifisere, mobilisere og rekruttere kvinner til innovasjonsprosjekta. Kvinneløftet FixIT svarar på tre behov i innovasjonsfeltet: 1) Behov for auka merksemd og kunnskap om manglande kjønnsbalanse i det (teknologidrevne) forskings- og innovasjonsfeltet. 2) Behov for aktivitetar som bidreg til å rekruttere og inkludere kvinner i feltet. 3) Ein føresetnad for dette er at relevante kvinner i nedslagsfelta til Teknoløftet og KABIS vert identifisert, synleggjort og mobilisert inn i aktivitetane. Kvinneløftet FixIT byggjer på fersk forskingsbasert kunnskap om kvinner i forskings- og innovasjonsmiljøa på Vestlandet, etablert gjennom Nordwit, eit Nordic Centre of Excellence (NCoE). Nordwit er eit 5-årig NCoE, finansiert av Nordforsk/Nordisk ministerråd, som sidan starten av 2017 har gjennomført kvalitative studiar på feltet. Dette gir FixIT ein unik og brei kunnskaps- og forskingsbasert bakgrunn, samstundes som sjølve prosjektdesignet for FixIT er handlingsorientert og har fokus på konkrete aktivitetar for å bidra til auka balansekompetanse blant relevante innovasjonsaktørar, samt å auke kvinner si deltaking og synlegheit i innovasjonsfeltet.

Budsjettformål:

FORREGION-Forskningsbasert innovasjon i regionene