Tilbake til søkeresultatene

MILJØFORSK-Miljøforskning for en grønn samfunnsomstilling

Coastal foodscapes: a place-based perspective on heritage rooted in coastal ecosystems

Alternativ tittel: Mat og kystlandskapet: kulturarv i økosystem langs kysten

Tildelt: kr 7,3 mill.

Prosjektnummer:

295004

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2019 - 2023

Samarbeidsland:

Norskekysten står ovanfor ei rekke miljø- og samfunnsmessige utfordringar som klimaendring, miljøøydelegging, intensivert arealbruk, og fråflytting. I lys av dette har FOODCOAST undersøkt matproduksjon med fokus på forvaltning av landskapa der mat vert produsert, men også dei sosiale og kulturelle rammene for denne aktiviteten. Gjennom å studere tre utvalde områder har vi sett på korleis matproduksjon i kyst-Noreg vert fremma og forvalta, og studert samanhengane mellom produksjon av mat og tilhøyrande kunnskap, tradisjonar, kulturarv og økosystemtenester. På Værlandet, Vestland, har vi sett på kystbeiting, og samspelet med mellom vedlikehald av kulturlandskap og vern av vegetasjon og fauna. I Porsanger, Finnmark, er sjøsamiske tradisjonar i fokus, der vi har sett på lokale praksisar knytt til mat og naturbruk, og kva utfordringar og moglegheiter denne utviklinga inneber med omsyn på både arealbruk, og kunnskap og identitet. I Salten, Nordland, tek vi utgangspunkt i kystfiske og beitedrift, og korleis klimaendringar og auka rovdyrtrykk fører til større press på areal og auka konfliktnivå i kystområda, og korleis dette igjen påverkar beitedrift og forvaltning av landskap. Vi har kartlagt desse utvalde områda og undersøkt oppfatningar av hindringar og moglegheiter for forvaltning, bruk og verdsetting av natur- og kulturarv. Gjennom å granske korleis næringsutøvarar ser føre seg framtida har vi vidare undersøkt korleis framtidsvisjonar kan vere ein ressurs for å finne felles verdiar og eigenskapar ved landskap der matproduksjon står sentralt. Det overordna målet til FOODCOAST å peike ut strategiar fram mot ei berekraftig og heilskapleg forvaltning av kulturlandskap og naturmiljø med utgangspunkt i ulike produksjonsmønster for mat i kystområda. FOODCOAST er sett saman av ei tverrfagleg forskargruppe frå Norsk institutt for vannforskning (NIVA, prosjektleiar), Nordlandsforskning, Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU), UiT Norges arktiske universitet, Sveriges Landbruksuniversitet (SLU), Museene i Akershus (MiA), og i samarbeid med Mearrasiida, eit sjøsamisk kompetansesenter i Porsanger. I vår kartlegging av matproduksjonssystem i kyst-Noreg har vi vore opptekne av å få ei djupare forståing av dei tre case-områda; både når det gjeld naturbruk, ressursutnytting og landskapsskjøtsel, og dei særeigne kontekstspesifikke faktorane som pregar lokal bruk og matproduksjon. Vidare har vi lytta til lokale forteljingar om naturbruk og matproduksjon og kva som ligg bak spenningar mot regional og nasjonal forvaltning. Dette har gitt oss ulike historier om identitet, fellesskap, sorg, og omsorg som på ulikt vis knytt seg til produksjon av mat og nyttiggjering av ressursgrunnlaget. Vi har gjennom dette fått innsikt ein naturbruk som har djupe historiske røter i lokalsamfunna, men som òg vert sett på som viktige ressursar for framtida. Ein overordna bodskap frå prosjektet er at for å få til ei meir heilskapleg og berekraftig forvaltning av kysten, det matproduksjon og naturbruk inngår, må ein i større grad inkludere lokal- og erfaringsbasert kunnskap i forvaltingstrategiar, og i kartlegging som underbygger desse. Betre integrering av lokal perspektiv vil gi eit politikkutforming som i større grad samsvarer med lokale behov og gjere det lettare å oppnå ei heilskapleg forvaltning som legg til rette for berekraftig brukt og forvaltning på tvers av sosiale, kulturelle, økonomiske og økologiske dimensjonar. Ei breiare forståing av kva verdiar som er viktige i lokalsamfunna og kvifor, vil gje betre føresetnader for lokal medbestemming og kan styrke tillita til forvaltninga.

FOODCOAST har bidrege til å rette merksemd mot utfordingar som lokale matprodusentar som brukar og skjøttar landskap og naturverdiar står i, og synleggjere verdien av deira naturbruk og praksisar. For at natur- og kulturverdiar skal kunne forvaltast på ein god, heilskapleg og berekraftig måte, er det viktig at perspektiva til dei som er nærast desse verdiane – dei som brukar, forvaltar, skjøttar og vidareforedlar - blir høyrt og sett. Utan at forvaltninga er lydhøyre ovanfor lokal kunnskap, lokale praksisar og lokale perspektiv står ein i fare for å miste den største ressursen som trengst for å sørge for berekraftig forvalting; nemleg den praktiske innsatsen til desse aktørane. Våre lokale undersøkingar gir nokre innblikk i dei matproduserande landskapa langsetter kysten. Sjølv om lokal kontekst varierer har vi prøvd å synleggjere nokre av barrierane for denne naturbuken, matproduksjonen og landskapsskjøtselen. Denne synleggjeringa er noko vi håpar kan vere med å skape auka bevisstheit både lokalt, regionalt og nasjonalt om at den lokale matproduksjonen og naturbruken, ikkje berre som ei etterleving frå ei tilbakelagt tid, men er ein ressurs for framtid matsikkerheit og levande kystbygder, der ein evnar å finne gode lokale løysingar og tilpassing til berekraftig ressursbruk og -forvaltning.

Norwegian coastal regions are facing multiple challenges from accelerating environmental and socioeconomic changes, including ecosystem degradation, climate change, intensified resource extraction, land use change and declining populations. In light of these environmental and structural changes, FOODCOAST takes a foodscape perspective on the coast, representing the physical place in which food is produced, as well as the social relations and the cultural meaning that emerge in these specific contexts. By investigating selected food systems representing agriculture, transhumance and fishing in Værlandet, Salten and Porsanger, the project analyse how coastal food production as heritage is nurtured and managed, and investigates the connection between food systems and their embedded cultural practices and ecosystem services in coastal landscapes. Through using three cases that illuminate the diverse patterns of food production in the coastal regions, FOODCOASTs overall objective is to identify avenues for sustainable and integrated management of cultural landscapes, natural environments, and foodscapes. Firstly, FOODCOAST will map the select coastal foodscapes and investigate perceptions of constraints and opportunities for management, use and valuation of natural and cultural heritage across spatial divides and different governance domains. Secondly, FOODCOAST will bring actors together to explore how futures are presented and imagined to investigate how imagined futures can be a resource for identifying shared values and cultural attributes of social-ecological foodscapes. Lastly, FOODCOAST will identify management strategies for holistic and sustainable management and development of coastal foodscapes. FOODCOAST’s interdisciplinary team of researchers will engage closely with stakeholders and formal management at different levels through participatory research activities, workshops, and targeted dissemination.

Budsjettformål:

MILJØFORSK-Miljøforskning for en grønn samfunnsomstilling