Tilbake til søkeresultatene

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam

MONS 18. Møte om norsk språk 2019

Tildelt: kr 0,13 mill.

MONS (Møte om norsk språk) er ein nasjonal konferanse som har vorte halden annakvart år sidan 1985. Arrangementsansvaret går på rundgang mellom dei norske universiteta som har forskingsmiljø i norsk språkvitskap. Arrangør i 2019 er Institutt for språk og litteratur og Institutt for lærarutdanning ved NTNU – Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Dette samarbeidet viser bandet mellom språkstudiet i nordisk språkvitskap og norskfaget i lærarutdanninga. Vi reknar med om lag 150 deltakarar. Konferansen samlar forskarar som arbeider med norsk(e) språk, uavhengig av særdisiplin. Han er såleis den viktigaste konferansen for utforskinga av språk i Noreg, og den einaste som samlar forskarar frå ulike disiplinar innanfor både nordisk, lingvistikk, norskfaget i lærarutdanninga og norsk teiknspråk. MONS er det viktigaste forumet for utveksling av resultat, idear og synspunkt knytte til forsking på norsk språk uavhengig av særdisiplin og teoretisk retning, og ikkje minst ein viktig møteplass mellom den teoretiske språkvitskapen og praksisfeltet. Over tid er konferansen derfor ein viktig føresetnad for best mogleg kvalitet på norsk språkvitskapleg forsking. Stortingsmelding 35 (2008) Mål og meining peikar på at «Det overordna målet for språkpolitikken fordrar eit kontinuerleg arbeid over eit breitt felt med sikte på å styrkja og utvikla norsk språk som eit rikt og funksjonelt bruks- og kulturspråk og som uomstridt nasjonalspråk og hovudspråk i Noreg.» Ein slik innsats føreset ei brei forsking på norsk språk med tette band mellom den teoretiske språkvitskapen og praksisfeltet, særleg norskfaget i lærarutdanningane og skulen. MONS er den viktigaste møteplassen for denne breie forskingsfronten slik at resultata av tidlegare og pågåande forskings- og infrastrukturprosjekt blir kjende av alle som er aktive på forskingsfeltet.

Budsjettformål:

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam

Finansieringskilder