Tilbake til søkeresultatene

OFFPHD-Offentlig sektor-ph.d.

Valuation and governance of forest ecosystem services for sustainable community development

Alternativ tittel: Verdsetting og forvalting av økosystemtenester frå skog for berekraftig lokal samfunnsutvikling

Tildelt: kr 1,7 mill.

FN sine berekraftsmål utfordrar nasjonale og lokale styresmakter til å utvikle meir berekraftig bruk og forvalting av naturresursar. Samstundes har mange distriktskommunar i Norge utfordringar knytt til synkande folketal og demografiske endringar, og kommunane opplever ofte dilemma og interessemotsettingar knytt til bruk og forvalting av naturressursar. Dette gjer at kommunar treng kunnskap om korleis ein både kan ivareta interessemotsetningar, og samstundes nytte mangfaldige verdiar frå naturen som ei drivkraft for å skapa livskraftige og berekraftige lokalsamfunn. Skogøkosystem bidreg med mange viktig økosystemtenester og verdiar på lokal og nasjonalt nivå i Norge, som for eksempel råvarer, karbonbinding, mat, rekreasjon og habitat for biologisk mangfald. Det er behov for djupare forståingar om korleis ulike verdiar knytt skog kan bli fanga opp i avgjerdsprosessar, og korleis styresmakter betre kan mobilisera desse verdiane for berekraftig lokal samfunnsutvikling. Med dette som utgangspunkt har ei hovudmålsetting i prosjektet vore å undersøkje korleis ulike tilnærmingar til å verdsette og forvalte skogøkosystem kan fremja gjennomgripande endringar i retning berekraftig samfunnsutvikling. Prosjektet er ei artikkelbasert avhandling med fire artiklar, og det har blitt gjennomført litteraturgjennomgang på fleire område, samt intervju med ei rekke aktørar innanfor norsk skogforvalting. Gjennom ei spørjeundersøking distribuert blant innbyggjarane i 12 distriktskommunar har prosjektet undersøkt innbyggjarane sine perspektiv på verdiar av skog og på berekraftig samfunnsutvikling. Dette datamaterialet har blitt analysert ved hjelp av analytiske rammeverk frå økologisk og institusjonell økonomi. Resultata finn ein ubalanse i kva type økosystemtenester og verdiar som vert fremma i norsk skogforvalting, samt ulikheitar i fordeling av godar frå skog. Nokre av funna er at i) norsk skogforvaltning i stor grad har favorisert forsynande økosystemtenester (som tømmer) framfor mange støttande, kulturelle, og regulerande tenester, ii) avvegingar til fordel for tømmerproduksjon blir støtta opp gjennom offentlege tilskot og utgifter, kombinert med dominans av marknadsbasert verdsetting, iii) sjølv om innbyggjarar gir uttrykk for eit mangfald av verdiar knytt til skog, bidreg institusjonar i skogforvaltinga til ei uforholdsmessig favorisering av instrumentelle og pengemessige verdiar, og iv) det er få institusjonar som myndiggjer innbyggjarane med tanke på medverknad i skogforvaltninga, eller i å definere framtidige «berekraftsbanar» for samfunnsutviklinga generelt. Resultata frå prosjektet bidreg til å kople kunnskap om naturverdiar, berekraftsendringar og distriktsutvikling. Samla sett finn prosjektet at både norsk skogforvalting og distriktspolitikk fremjar «grøn vekst» som ei dominerande retning for berekraftsarbeidet, med vekt på nytte, effektivitet, og instrumentelle verdiar. Alternative «berekraftsretningar», med sterkare vekt på ibuande og relasjonelle verdiar, vert derimot satt på sidelinja. I tråd med kunnskapsutviklinga innan berekraftsvitskap, indikerer resultata at forvalting av skogøkosystem for berekraftig samfunnsutvikling vil krevja eit breiare mangfald av verdiar, inkludert eit skifte vekk frå konkurranseevne og nytte, i retning av omsorg, gjensidigheit, og rettferd.

Prosjektet bidreg til å kople kunnskap om naturverdiar, berekraftsendringar og lokal samfunnsutvikling. Kunnskap om korleis institusjonar og maktdynamikkar påverkar dei grunnleggjande verdiane i samfunnet, og dermed også handlingsrommet for å mobilisere eit mangfald av naturverdiar for berekraftig samfunnsutvikling, er viktig både nasjonalt og lokalt. Prosjektet bidreg også med å vidareutvikle og styrke metodar og analytiske rammeverk frå det internasjonale naturpanelet (IPBES) sin rapport om naturverdiar, lansert sommaren 2022. Gjennom resultat frå prosjektet får nasjonale, regionale og lokale styresmakter tilnærmingar som dei kan nytta for å synleggjere samanhengar mellom berekraftig samfunnsutvikling og verdiar knytt til skogøkosystem. Dette inneber mellom anna konkrete innspel til kartlegging og vurdering av skogøkosystemtenester, samt kunnskap om korleis ein kan kartleggje innbyggjarane sine perspektiv på verdiar frå skog, og korleis styresmakter kan balansere maktskeivhetar i avgjerdsprosessar. Metodane og kunnskapen som er utvikla gjennom prosjektet vil også vere relevant for forvalting av andre naturtypar, som mellom anna havområde og fjellområde. Nokre av funna frå prosjektet har allereie blitt nytta og formidla som del av Distriktssenteret sitt arbeid med berekraftig samfunnsutvikling i distriktskommunar. Dei 12 kommunane som deltok i spørjeundersøkinga knytt til prosjektet har fått rapportar som dei kan nytta i sitt planleggingsarbeid, mellom anna knytt til naturtypen skog. Etter kvart som fleire av artiklane frå prosjektet vert publisert utover hausten 2023, vil resultata frå desse bli formidla i ulike kanalar. Gjennom hausten 2023 vil det bli arbeida med å gjere dei akademiske funna om til praksisnær kunnskap med nytte for alle som arbeidar med lokal samfunnsutvikling. Dette inneber mellom anna verkemiddel for vurdering av mangfaldige naturverdiar (og korleis maktdynamikkar påverkar avvegingar av slike verdiar), og kunnskap om medverknadsprosessar for drøfting av framtidige «berekraftsretningar». Kunnskapen frå prosjektet vil bli formidla gjennom fleire av Distriktssenteret sine kanalar, og spørjeundersøkinga vil bli tilpassa til ei undersøking som kommunar sjølv kan ta i bruk for å utvikle sitt eige kunnskapsgrunnlag.

FN sine berekraftsmål utfordrar både lokale, regionale og nasjonale styresmakter til å utvikle meir berekraftig bruk og forvalting av naturresursar. Mange distriktskommunar i Norge har utfordingar knytt til synkande folketal og demografiske endringar. Kommunane opplever ofte også dilemma og interessemotsettingar knytt til bruk og forvalting av lokale naturressursar. Korleis kan kommunar og lokalsamfunn ivareta interessemotsetningar og handtere ulike dilemma knytt til bruk og forvalting av naturresursar, og samstundes nytte verdiar frå naturen som ei drivkraft for å skapa attraktive og berekraftige lokalsamfunn? Doktorgradsprosjektet har mål om å utvikle handlingsrelevant og praksisnær kunnskap om korleis verdiar frå økosystemtenester kan bli forstått og nytta arbeid med berekraftig lokal samfunnsutvikling. Prosjektet vil ta utgangspunkt i verdiar frå skog og skogøkosystem, og vil gjennom konkrete eksempelstudiar undersøkje korleis lokale, regionale og nasjonale styresmakter i Norge betre kan forstå og vurdere verdiar frå skog og skogen sine økosystemtenester for berekraftig lokal samfunnsutvikling. Projektet vil også undersøkje korleis økosystemverdiar betre kan bli fanga opp i avgjerdsprosessar og i institusjonar som forvaltar naturressursar. Prosjektet vil bygge på teoriar frå økologisk økonomi og institusjonell økonomi, og det vil bli nytta ulike analytisk rammeverk for å undersøkje samanhengar mellom økologi, samfunn og økonomi, som mellom anna integrert verdsetting av økosystemtenester og institusjonell analyse av resursstyringssystem. Det er eit mål å utvikle kunnskap med særleg nytte for lokale styresmakter, og andre aktørar som er involvert i utvikling av distriktsområder. Ny kunnskap om naturverdiar og institusjonar som forvaltar økosystem i skog, kan potensielt også gi viktige innsikter for andre områder av lokal samfunnsutvikling som er relater til bruk og forvalting av økosystem, som mellom anna jordbruk, havbruk og bruk av fjellområde.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

OFFPHD-Offentlig sektor-ph.d.

Finansieringskilder