Tilbake til søkeresultatene

UTENRIKS-Internasjonale forhold - utenriks- og sikkerhetspolitikk og norske interesser

The political economy of river sand mining in South Asia: A commodity chain approach

Alternativ tittel: Politisk økonomi analyse av storskala uttak av sand frå elvane i Sør Asia: Ei verdikjede tilnærming

Tildelt: kr 8,9 mill.

Sand er verdas mest brukte ressurs etter vatn, med stadig meir avgrensa tilgang. Verda brukar stadig meir sand i ein voksande bygningsindustri. Ein har historisk trudd det var fri tilgang på sand, men det internasjonale samfunnet har gradvis oppdaga at forvaltninga av sand må verte ein hovudprioritet for verdssamfunnet og lokale regjeringar. Miljøverknadene av uttak av sand gjer regulering enno meir aktuelt. Forskingsprosjektet har prøvd å forstå dagens regulering av sand i tre land (Bangladesh, India og Nepal) i nedslagsfeltet til Ganges-Brahmaputra-Meghna (GBM) elvane. Nedslagsfeltet til desse store elvane har vore spesielt påverka av uttak av sand, og er spesielt sårbart for klimaendringar. Prosjektet har kombinert kvalitativt feltarbeid med ein hushaldssurvey. Prosjektet analyserte tilhøvet mellom makt, kapital, arbeidskraft og levebrød, og undersøkte både formelle og uformelle styringsformer for utvinning, transport og forbruk av sand. Forskingsprosjektet forsøkte ikkje berre å auke kunnskapen om gjeldande regulering, men også leggje grunnlaget for utforming av økologisk og sosialt berekraftig politikk når det gjeld uttak av sand. Dei sentrale forskingspartnarane har vore Institute of Population and Development Studies i Nepal og The East Asia Study Center ved Dhaka University. Ein gjennomgang av eksisterande litteratur avslører ein nær total mangel på studiar av dag-til-dag regulering av sand industrien. Prosjektet inngår i ein ny og voksande offentleg samtale om ikkje berre dei miljømessige konsekvensane, men også den sosio-politiske konteksten for uttak av sand. Mens den (avgrensa) litteraturen i stor grad har fokusert på kriminelle nettverk, så tyder våre funn på at biletet er meir komplisert. Regulering finst og vert brukt, slik som sandlova av 2010 i Bangladesh. Også andre stader implementere lokale styresmakter enkle reglar for uttak av sand. Men mange stadar, også der offisiell løyve finst, så vert ikkje alltid reguleringa implementert. Og lokale elitar utnyttar reguleringa til å få eige tilgang til ressursrentene. Sjølv om me opplevde mafia tilstandar og ulovled uttak av sand, så er konklusjonen at dette ikkje er eit generelt funn, og detf inst meir komplekse styringsmekanismar under overflata. Og tidlegare litteratur legg for lite vekt på levekårsaspekta ved uttak av sand. Analyse av våre survey data syner at sandarbeidarar i Nepal og Bangladesh tener om lag det same som andre ufaglærte arbeidarar. Sand opnar for meir diversifiserte levebrød, og meir permanente inntekter smanlikna med tilsvarande jobbar i landbruk eller byggenæringa. Data tyder også på at sandarbeid er eit alternativ til arbeidsmigrasjon, som normalt gir høgare inntekt, men som inneber ein kostnad ved at ein må vere vekke frå familien i månader eller år. Mens ein i Nepal ser at familiar jobbar saman i småskala uttak av sand, så er uttak av sand i Bangladesh ein (mekanisert) aktvitet dominert av menn. Dette i kontrast til hamnene der sanden endar opp, der kvinner dominerer blant dei (lågt betalte) arbeidarane som lossar sandbåtane. I Bangladesh har me dokumentert eit skifte frå lokalt forankra småskala uttak av sand til mekaniserte kapital-intensive operasjonar der sanden vert teken ut ved muddring. Andre stadar finn ein derimot framleis i stor grad små-skala uttak, ved bruk av enkle reiskapar, der folk som but langs elvane arbeider i små arbeidslag, gjerne frå same familie. Forskinga viser at småskala sandarbeidarane har relativt god kontroll over eigne liv. Og småskala uttak av sand kan også vere meir berekraftig. Reguleringa av næringa bør ta omsyn til dette samspelet mellom teknologi og organiseringa av arbeidet. Eit slikt fokus på dei kompliserte samanhengane mellom regulering, teknologi og organiseringa av arbeidet bør likevel ikkje ta vekk fokuset frå dei miljømessige konsekvensane av uttak av sand. Slike konsekvensar vart diskutert med informantar langs Brahmaputra i India, og omfatta brot med økologiske normar, erosjon, og skifte av elveleiet. Det er eit problem at miljømessige konsekvensar ikkje er teke omsyn til i planane for uttak av sand, og overvåking er heller ikkje tilstrekkeleg dei fleste stadane me gjorde feltarbeid. For å oppsummere, forskinga vår har ført til ei nyansert forståing av variasjonen som eksisterer i sandsektoren i Sør Asia. Me utfordrar stereotypiar knytta til sandmafia og peiker i staden på den store variasjonen i teknologi brukt, og dermed i konsekvensane for levekår og miljø. Forskinga peiker på kor viktig lokal regulering er for å beskytte arbeidarane og sikre bærekraftig uttak av sand som balanserer miljømessige og sosiale konsekvensar.

Outcomes: The project has built extensive knowledge on the political economy of sand extraction in South-Asia. This knowledge has been and will be further communicated to the academic community, as well as policy makers. The knowledge has been used to provide policy advice (e.g. to UNEP and the Belgian Directorate-General for Development) on how this growing industry can be regulated taking into account the power structures that exist at the local level and the interests of sand labourers. The core target group are local and national governments, as well international agencies working on regulation of natural resources. Impacts: The project has enabled the establishment of a network of researchers interesting in the fieldwork based study of sand economies. Ideally the project’s insights will be used to counteract elite capture of natural resources in fast growing Asian economies. Detailed knowledge of the industry and the people who benefits from it, including workers who may be poor, can be used to design policy instruments that may improve regulation, and ultimately benefit the local community, including farmers, workers, and potentially also the local elite, as over exploitation of resources may be avoided.

South Asia's riverbeds are a primary site of conflict between the need for development and environmental protection. The region's unprecedented construction boom has created a scramble for sand, and one of the primary sources for this newly valuable commodity is its vulnerable river systems. The large Ganga-Brahmaputra-Meghna (GBM) River Basin has been particularly affected by the search for sand sources. This multi-disciplinary, multi-sited project will use innovative theoretical and methodological approaches to investigate sand mining in the GBM River Basin. The project will focus on Artisanal and Small-scale mining, which are the primary modes employed within the basin, and approach them from the perspective of commodity chain analysis. It will include fieldwork at four sites within the watershed and a household survey. Its outcomes will contribute substantially to the literature on the political economies and ecologies of sand extraction, inform government policies on sand-mining, and inform public conversations on resource management. Additionaly, such a focus will strengthen and further develop research on Asia in Norway by developing interdisciplinary cooperation between Norwegian, Asian and other scholars engaged in research on Asia.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Budsjettformål:

UTENRIKS-Internasjonale forhold - utenriks- og sikkerhetspolitikk og norske interesser