Tilbake til søkeresultatene

MARINFORSK-Marine ressurser og miljø

Hypoxia effects on fish in west Norwegian fjords: harnessing the power of multidisciplinary studies

Alternativ tittel: Hypoksiaeffekt på fisk i vestnorske fjordar

Tildelt: kr 12,0 mill.

Prosjektet brukar fjordar på Vestlandet som naturleg infrastruktur til å skaffa ny kunnskap om effektar av oksygentap (hypoksia) på mesopelagisk fisk og på bunnfisk. Dette er kunnskap ein treng til bærekraftig forvalting av marine ressursar, og til å vurdere kor oppdrettsnæringa - ei av Norge sine viktigaste næringar - kan etablerast i fjord og kystområde. Globalt er ein bekymra for oksygentap og oppvarming av havet. Tap av oksygen er betydeleg i opne havområde, det skjer også i kystvatn, i lukka sjøar og i fjordar. Det er lite kunnskap om korleis dette påverkar marine økosystem. Effekt av oksygentap er vanskeleg å undersøkja i opne havområde, men er enklare i meir avgrensa område som fjordar. Fjordar på Vestlandet er unike for slike undersøkjingar. Vi kan bruka fjordar med ulik grad av hypoksia som naturlege parallellar til ulik grad av hypoksia opne havområde. Kvar fjord har eit økosytem med mange fysiske og biologske prosessar som liknar på og som er relevante for prosessane i store opne havområde. Masfjorden er ein fjord ofte besøkt av vår forskingsgruppe, og bassengvatnet i denne fjorden blei registrert som hypoksisk i 2016. Vår forskingsgruppe har unike data frå før og etter 2016, og dette gjer det mogleg å undersøkja effekt av deoksygenering i eit veldokumentert økosystem. I tillegg vil vi kunna samanlikna vertikalvandring, fysiologi, atferd, vekst og trofiske interaksjonar i hypoksiske og veloksygenerte fjordar og såleis auka kunnskap om effekt av hypoksia på populasjonar og økosystem. Vi skal også bruka laser-teknologi for å undersøkja om øyresteinar til langt-levande fisk gir informasjon om tidlegare periodar med hypoksisk bassengvatn i fjordar, og om øyrestein kan vere «ferdsskrivar» om kva miljø fisken har levd i. Vi vil også prøva å ta inn levande mesopelagisk fisk til laboratorieforsøk for å undersøkja vekst og fysiologi. Formidling frå prosjektet blir jamnleg publisert på websida https://hyponfjordfish.w.uib.no/ der også arbeidspakkane er beskriven i litt detalj. Prosjektet har delteke på tre tokt til fjordane (juni 2020, februar 2021 og september 2021). Alle tokta har samla inn biologiske og oseanografiske prøvar og data. To PhD studentar, ein post doc og fire masterstudentar har forskingsprosjekt på HypOnFjordFish. HypOnFjordFish har etablert internasjonalt samarbeid med Intergovernmental Oceanographic Commission?s Global Ocean Oxygen Network (GO2NE). Levin og Limburg er medlemmer av GO2NE, og Gallo har delteke I? GO2NE - VOICE program? (?variability of the oxycline and its impact on the ecosystem?). Salvanes og Levin bidrog i ein nyleg publisert GO2NE-sponsa syntese med tittelen: System controls of coastal and open ocean oxygen depletion, og Salvanes skreiv om fjord-hypoxia. GO2NE sitt program ?Decade for Ocean Science Program - the Global Ocean Oxygen Decade (GOOD)? har mål som passer passer godt med HypOnFjordFish og vi trur at HypOnFjord Fish vil bli eitt av GOOD sine case studiar. Limburg har testa ny analytisk instrumentering på otolittar av skolest Coryphaenoides rupestris for HypOnFjordFish. Ho har gjort innleiande analysar på den nye laseren Laser Ablation Inductively Coupled Plasma Mass Spectrometer (LA-ICPMS) instrumentering ved State University of New York College of Environmental Science and Forestry.

This project will use West Norwegian fjords as natural infrastructure to generate new knowledge on effects of hypoxia on mesopelagic and demersal fish communities. Such information is needed for sustainable management of marine resources, and for determining optimal coastal and fjord sites for fish farms, representing one of Norway’s largest, most successful industries. Deoxygenation linked to ocean warming is a large concern worldwide. Loss of oxygen is pronounced in the open ocean, occurring in coastal waters, enclosed seas and fjords. This includes Masfjord, often visited by our research group. This fjord turned hypoxic in 2016. Little is known on how hypoxia affects marine ecosystems. Study is difficult in open oceanic ecosystems, but is more readily conducted in enclosed systems. West Norwegian fjords are unique for this. Their gradients of hypoxia are tractable for study and provide natural parallels with open ocean gradients. Each fjord contains an ecosystem with many physical and biological processes similar and relevant to those of large oceanic ecosystems. Our objective is to study effects of oxygen loss on vertical migration behaviors, fish physiology, behavioral responses to changes, growth, and consequences for populations and communities. We will also explore if patterns of trace-element deposition in otoliths from a long-lived fish could reflect previous hypoxic events. We will compare across fjords that differ in basin water oxygen levels, will use data and samples collected from two fjords (Masfjord and Lustrafjord) during field courses for MSc students, and supplement these with new field campaigns to additional fjords (Lysefjord and Osterfjord). We will also attempt to establish lab populations for two mesopelagic species, but we are aware of that this could be a challenge. For Masfjord, however, we have unique data from before and after the fjord turned hypoxic, enabling study of deoxygenation effects on a well-documented ecosystem.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

MARINFORSK-Marine ressurser og miljø