Tilbake til søkeresultatene

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam

Future preservation of past life: A multidisciplinary investigation into preservation of ancient biological remains from medieval cemeteries

Alternativ tittel: Bevaring av fortidig liv for framtida: Ei tverrfagleg undersøking av biologiske leivningar frå mellomalderske gravplassar.

Tildelt: kr 8,0 mill.

Skjelett fortel historiar. Kor snakkesalige dei daude er avheng av kor godt bevart dei er. Men, kva påverkar bevaring av arkeologisk biologisk materiale? For å undersøkje dette spørsmålet, har forskarane i Future Past utført ei arkeologisk utgraving av ein mellomaldersk gravplass i Stavanger, samt analysar av skjelett frå samlinga til universitetsmuseet i byen. Ei djupare analyse av utvalde skjelett vil illustrere verdien av materialet som arkiv for levd liv. Kor kom dei tidlegaste byborgarane i Stavanger frå? Korleis skilde liva deira seg frå dei som budde på landsbygda når det gjeld kosthold, helse og sjukdommar? Når ein studerer menneske og samfunn i fortida er det få funn som er meir forteljande enn leivningane etter menneska sjølve. Bein og tenner har alltid vore viktig kjeldemateriale for arkeologar. Dette gjeld i enno større grad i dag, med nye metodar som gjer at me kan analysere gamalt DNA og protein. Slike biomolekyl fortel òg historiar, om individ, og om populasjonar over lang tid. Men, materialet er følsamt for nedbryting og forureining. Det kan redusere moglegheiter for analysar og vår evne til å få skjeletta i tale. Difor er det viktig å undersøke og forstå korleis biologiske leivningar blir brote ned, eller bevart. Dette er ikkje enkelt. Dette er komplekse materialar, grove ned i eit komplekst miljø, i hundrevis eller tusenvis av år. I tillegg er biomolekyla usynlege for det blotte auge. Me kombinerer difor tradisjonell arkeologi med miljøvitskap og molekylærbiologi. Me vil bruke dei aller nyaste metodane og teknologien for å analysera både biologiske leivningar og miljøforhold. Den nye kunnskapen me oppnår med dette vil kunne bidra til betring av metodar for å sikre og ivareta det verdfulle men skjøre arkivet desse leivningane utgjer. Prosjektgruppa vil samarbeide med interessentar, i hovudsak dagens befolkning i Stavangerregionen. Det er deira historie det gjeld og deira engasjement er nødvendig for å sikre bevaring i framtida. Difor har me årlege møter med referansegruppa vår beståande av interessentar, med representantar for kyrkje, skule, lokal politikk og lokalt kultur- og næringsliv. Me har etablert samarbeid med politiet, der me skal halde eit felles seminar om det som vert kalla ‘forensisk arkeologi’, for utveksling av erfaringar og metodar som er relevant for begge faggrupper, krimteknikarar og arkeologar. Utgravinga i den gamle kyrkjegarden ved Stavanger domkyrkje viste tett gravlegging av folk på eit relativt lite område, og datering av materiale støttar opp tidlegare indikasjonar på at ein større del av området var kyrkjegard allereie før domkyrkja var bygd, kanskje allereie frå vikingtid. Førti graver vart avdekka, og 600 jordprøvar vart tatt for å finne mikroskopiske og kjemisk spor som kan fortelje både om liv, død og nedbryting. Til saman er det tatt prøvar av 83 skjelett frå gamle gravplassar rundt omkring i Rogaland for ulike typar analysar. Dei første isotopanalysane av mellomalderskjelett frå Rogaland, tyder på at folk var ganske heimekjære. Isotopanalysar av tann-emalje kan nemleg vise om ein person er lokal, eller har flytta til området i løpet av livet. Første analyseresultat av materiale frå inne i kyrkja indikerer at den store variasjonen i tilstand kan ha med gravleggingsmetodar å gjere, kanskje type tresort brukt i kista. Ei grav med fullstendig pulverisert skjelett kan ligge like over ei grav med eit svært godt bevart skjelett. Ei rekke ulike typar planter er funne i gravene ved analyse av pollen og frø. Dette kan òg fortelje om gravritual eller meir praktisk tilhøve som luktproblem knytt til rotnande lik under golvet. Vidare kan plantemateriale ha positiv eller negativ påverknad på bevaring av menneskelege leivningar.

The archaeological deposits in cities with a medieval origin constitute a valuable source of knowledge about the human condition throughout long-term processes of environmental and socio-cultural changes. Skeletal remains and other biological materials are key in this respect, providing a direct window into past lived life. Stavanger was one of few medieval towns in Norway. Skeletal remains from the period have previously been excavated in the city, and in the surrounding rural areas. The collections have never been the subject of systematic research, and current condition of the materials in- and ex situ is unknown. Analyses of ancient biomolecules have become powerful new tools in archaeological research. However, we lack fundamental knowledge on preservation issues concerning this invisible archive. The FUTURE PAST project will involve an excavation of select areas in the city, and advanced analyses of biological remains, both recently excavated, and from the existing collections of human remains. It will be the first to combine multi-scale assessment of material and environmental conditions with state of the art bioarchaeological methodologies, including the analyses of ancient lipids, proteins and DNA. We will use a new holistic approach to explore the relationships between material and environmental conditions at different scales of analyses: Molecular to macro preservation of biological remains; grave, site and regional/storage environment. This will address the societal and scientific challenge of monitoring and safeguarding the invisible and sensitive biomolecular archives. The project will promote a new line of research within conservation science; the conservation and management of biomolecular cultural heritage. It is a timely research proposal as biomolecular analyses are being established as standard tools in archaeology. We therefore need to address the conservation challenges facing the biomolecular archive.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam

Finansieringskilder