Tilbake til søkeresultatene

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Sustainable postharvest handling of apple

Alternativ tittel: Bærekraftig handtering av eple etter hausting

Tildelt: kr 9,7 mill.

Det er forventa ein 40% auke i norsk epleproduksjon frå 2018 til 2023. Skal omsetnaden handtera ei slik mengd med eple må fruktkvaliteten optimaliserast i saman med betre handtering av epla etter hausting, forbetra lagringstilhøve for kort og lengre lagring, og meir kommunikasjon i verdikjeda. Prosjektet Eple-Handling vil fremja samarbeid i heile verdikjeda, med fokus på å redusera omfanget av fysiologiske skadar og ròte. I prosjektet skal det utdannast ein PhD og fleire masterstudentar. Det skal etablerast eit nettverk om forskings- og utdanningsaktivitetar mellom PhD-studentar og forskarar i Sverige og Tyskland. Forsøk til Ph.D-oppgåva inkluderte samhøve mellom kalsium, etylen og mogningsgrad. Bruk av eit middel som blokkerar etylenreseptorar har vore testa på frukt med ulik mogningsgrad. Frukt frå felt ved Esteburg i Nord-Tyskland av hovudsortane i Noreg har vore lagra med ulike nedkjølingsstrategiar i begge land. Registreringar av fysiologiske skadar og fruktkvalitet er ikkje avslutta. Meir inngåande forsøk med molekylære metodar vil verta gjennomført framover. Forsøk med fjerning av smittekjelder for soppen som er årsak til gul monilia har vore gjennomført i Norge og Tyskland. Sidan sesongen var så tørr vart det lite å fjerna og lite monilia under lagring. Forsøket i Tyskland er ikkje avslutta. Gråskimmel og gul monilia er viktige sjukdomar på norske eple. Sporar av gråskimmelsoppen har vore samla inn og skal undersøkast i Tyskland for resistens mot fungicid. Innrote av Fusarium og andre soppartar har vorte undersøkt både i Norge og Tyskland. Ein metode for å detektera fleire mykotoksinar i eplejuice vart utvikla og prøvar frå 2020 analysert. I juice laga med om lag 10% innrote, sannsynlegvis av Fusarium-artar, vart det funne eit toksin som er kjent frå denne soppslekta. I 2021 vart frukt smitta med ein Fusarium-art og juice frå eple med innrote skal analyserast. Det vanlege og kjende mykotoksinet i juice er patulin. I 2021 vart eple smitta med soppen som er hovudprodusent av patulin, Penicillium, laga juice av. Resultata frå dette skal nyttast til å vurdera kor stor risiko det er for mykotoksinar i juice. Temperatur, relativ luftråme og etylen i lagerrom ved ulike fruktlager vart målt i 2020. Sidan det var relativt små mengder med eple det året vart nye målingar gjort i 2021 i det tilknytta prosjektet FruktKlima (NFR 317763). Spesielt hjå fruktlagera på Vestlandet var det låge volum av eple og lågt nivå av etylen. I fulle rom på Austlandet var det høgare nivå av etylen, spesielt i fulle rom med hovudsorten Raud Aroma. I 2021 vart det målt høge nivå av etylen hjå alle fruktlagera som hadde full rom. Etylenproduksjon I eple er knytt til sort og mogningsgrad. Resultata skal brukast til å tilrå tiltak for å redusera mengda etylen i romma slik at det ikkje påverkar fruktkvaliteten. Førebels resultat syner at det er for stor skilnad i mogningsgraden til Raud Aroma ved hausting. Sjølv om det vert hauste til tilrådd tidspunkt kan nokon meir mogne eple fremja mogninga på dei andre som ligg i same kasse og er på same rom gjennom at dei produserer etylen. Lagring ved lågt oksygennivå i relativt lang tid vart testa ved eit fruktlager med Rubinstep og hjå NIBIO med Rubinstep og Elstar. Resultat med omsyn til fruktkvalitet var lovande i 2020. Lagring av Raud Aroma i ULO i kortare tid vart undersøkt ved to fruktlager i 2021. Kommunikasjon i verdikjeda vart etablert og vedlikehalde gjennom online-møte. Våren 2021 vart det gjennomført 11 seminar med ulike emne.

A 40% increase of the Norwegian apple production is anticipated over the coming five years. This will require optimal quality fruit and careful treatment at harvest, improved environmental conditions for short- and long-term cold storage, and a better communication within the apple industry. Eple-Handling will facilitate collaboration in the whole value chain of the apple production, with focus on reducing the incidence of physiological disorders and fungal decay of the fruit. Physiological disorders will be reduced by increasing the awareness and competence about their causes, optimize orchard conditions, and combine technological, physical, biological and economic knowledge to improve storage management. There will be a special emphasis on fruit calcium content, optimized harvest time and cooling in the early storage phase, with an overall aim to slow the fruit maturation processes. Fruit decay in Norway are caused by numerous fungal pathogens, and Eple-Handling will improve our understanding of pathogen biology, reveal pre- and postharvest sources of inoculum and environmental conditions that cause infection and disease development. Furthermore, Eple-Handling will investigate the postharvest stimulation of pathogens on formation of ethylene and mycotoxins, with subsequent adverse effects on fruit maturation and juice contamination, respectively. The project will be devoted to improving both short- and longer-term storage conditions. An existing or new software program will be adapted to follow the fruit from the orchard via storage to the market, and thus contribute in revealing fruit qualities and critical points of improvement at individual farms and the packinghouses. The project will include education of a PhD as well as MSc students in Norway and form a network of research and educational activities with PhD-students and scientists in Sweden and Germany.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri