Tilbake til søkeresultatene

KLIMAFORSK-Stort program klima

MEATigation: Towards sustainable meat-use in Norwegian food practices for climate mitigation

Alternativ tittel: MEATigation: Bærekraftig kjøttbruk i norske matpraksiser til klimaomstilling

Tildelt: kr 14,8 mill.

MEATigation er eit forskings- og industrisamarbeidsprosjekt som skal utforske eit viktig trinn i Noregs omstilling til ei lågutsleppssamfunn, nemleg transformasjon av matsystemet. Ein reduksjon i vestleg kjøttforbruk er viktig for å sørge for at vi har nok mat til alle menneske på jorda samstundes som planetens bereevne er respektert med tanke på kor mykje mat som kan produserast. Vi et i gjennomsnitt dobbelt so mykje kjøtt som våre besteforeldre, og vi er no dobbelt so mange folk på jorda som for 50 år sidan. Noregs kjøttforbruk auka frå ca 35kg per år per pers. i 1955 til 75kg i 2017. Som til dømes synt av Klimakur 2030 rapporten har kjøttkonsum i Noreg eit stort utsleppsreduksjonspotensiale. Sjølv om Europearar er positive til klimahandling er dei skeptiske til reduksjon i kjøttforbruk, noko som gjeld spesielt i dei nordiske landa. Reduksjon er vanskeleg fordi kjøtt er ikkje berre kaloriar; det er kultur. Kjøtt er kopla til sosiale vaner som knyter saman meining og verdiar, kompetanse og erfaring, og teknologiar, dyr og landskap. Formålet med MEATigation er å utforske korleis kjøtt er vevd inn i norske matpraksisar, og å finne måtar å fremje berekraftig kjøttbruk i Noreg. Berekraft er forstått gjennom dei «3 R-ane» for berekraftig kjøttbruk: R1, å anerkjenne dyret og folk som jobbar med kjøtt. R2 å bytte ut dyrebasert protein med plantebasert protein og andre alternativ, og R3, å tilpasse kjøttbruk til faktiske behov i staden for ønskjer, for å redusere matsvinn og feilernæring (t.d. overvekt). MEATigation utforskar desse 3Rane av berekraftig kjøttbruk gjennom datainnsamling med hushald, gardar, dagligvarehandelen, restaurantar, og gjennom eksperiment med kosthald og kunstinspirerte intervensjonar. WP2 forskarar har samla inn empirisk data (intervju og sjølvfotografering) frå 52 hushald i Oslo, Trondheim, Ottadalen og Søre-Sunnmøre, i tillegg til 21 korte fokusgruppeintervju utført med parkgrillarar på sommaren i 2021 i Oslo. Vi held no på å analysere datamaterialet, men det vi har hittil syner at det er vanskeleg å endre på måten kjøtt inngår i norske matpraksisar. Vi undersøkjer moglegheiter for fleksibilitet knytt til R1, R2 og R3. Datamaterialet vert også supplert med ei nasjonal spørjeundersøking som om kjøttbruk og kjøtterstatningspraksisar finansiert av FME Include ved UiO. Denne blei utført i slutten av 2021 og resultat og analyse vil vere klare i starten av 2022. WP3 har byrja med etnografisk forsking på små, økologiske gardar med dyrehald i Noreg. WP3 har også byrja å gjere intervju med «endringsagentar» knytta til berekraft i gardsbruk og varehandel. Dette arbeidet skal supplerast med data frå restaurantsektoren i 2022. I 2022 skal vi også organisere eit stort møte med alle prosjektdeltakarar i MEATigation, leia av Ruralis. WP1 har designa ein diett basert på historisk forsking på matpraksisar i Noreg, som vi kallar «Et som dine besteforeldre», eller ELG-dietten. WP1 tar akkurat no kontakt med kokkar og matinfluensarar i Noreg for å «gjenvinne» («upcycle») historiske rettar og samle desse oppskriftene, saman med historiske og reflekterande essay, til ei kokebok som vi kallar «Et som dine besteforeldre». WP4 planlegg å utføre eit eksperiment basert på tre diettar som skal testast av ulike hushald i løpet av 2022-23. Kunstbasert arbeid i WP4 har byrja. Vi planlegg no MEATigation utstillinga, som er kurert av Center for Genomic Gastronomy, og skal vere den 15. februar til 1. mai 2023, på Gråmølna i Trondheim i samarbeid med Trondheim Kunstmuseum. Gjennom dette arbeidet vil MEATigation levere solide og anvendelege anbefalingar til aktørar i styresmakter og industri, og samstundes stimulere folkeleg engasjement rundt berekraft og kjøtt.

MEATigation joins eleven researchers in Social Sciences Humanities and Arts with nine industry partners in food provision and sustainability communication to investigate a key challenge facing Norway’s transition to a ‘low-emission society’: transforming the food system. A reduction in Western meat consumption is critical for global food security, respecting planetary boundaries and improving global health. However, even when positive to climate action, Europeans are reluctant to reduce their meat consumption, especially in the Nordic regions. This is because meat is not just calories: It is culture. Meat is deeply embedded in social practices that weave together meanings, identities and values; competences, skills and professions; materials, animals and landscapes that all go into making meat. MEATigation’s primary objective is: To explore how meat is embedded in Norwegian food practices and to identify ways to promote sustainable meat-use in Norway. ‘Sustainability’ is articulated following the ‘3Rs’ of sustainable meat-use: R1 Recognising the animals and people working to provide meat, R2 Replacing animal-based proteins with plant-based, insect-based or in-vitro alternatives, and R3 Refining meat-use to match needs versus wants, reduce waste and malnutrition (e.g., obesity). MEATigation investigates the ‘3Rs of sustainable meat-use’ through data collection with households, farms, retailers, restaurants, and via experimentation with dietary and art-based interventions. MEATigation has three further secondary objectives, to: Deliver sound and usable advice to decision-makers in government and industry on ‘Best practices for sustainable meat-use’; Stimulate public engagement with sustainability and meat, and a methodological meta-objective; Pursue responsible research and innovation (RRI), engage private and public stakeholders to produce project outcomes. Achieving these objectives will get Norway one step closer to reaching its 2030 mitigation goals through meat.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

KLIMAFORSK-Stort program klima

Temaer og emner

Delportefølje KjønnsperspektiverLTP3 Et kunnskapsintensivt næringsliv i hele landetLTP3 Høy kvalitet og tilgjengelighetPolitikk- og forvaltningsområderMiljø, klima og naturforvaltningKlimaPortefølje Mat og bioressurserLTP3 Fagmiljøer og talenterBioøkonomiØvrig bioøkonomiPolitikk- og forvaltningsområderPortefølje Energi og transportLTP3 Tillit og fellesskapBransjer og næringerLandbrukFornyelse og innovasjon i offentlig sektorDelportefølje Forskning og innovasjon (forskning på)Politikk- og forvaltningsområderSkog, landbruk og matDemokrati, makt og styringLTP3 Klima, polar og miljøBioøkonomiKjønnsperspektiver i forskningKjønn som perspektiv i problemstillingAnvendt forskningLTP3 Styrket konkurransekraft og innovasjonsevneMatKjønnsperspektiver i forskningInternasjonaliseringInternasjonalt prosjektsamarbeidLandbrukBransjer og næringerNæringsmiddelindustriLandbrukSamfunns- og markedsperspektiver landbrukPortefølje Klima og miljøLavutslippKutt i utslipp av klimagasserDelportefølje InternasjonaliseringNaturmangfold og miljøTerrestrisk naturmangfold, økosystemer og økosystemtjenesterNaturmangfold og miljøLTP3 Utenforskap, inkludering, kulturmøter og migrasjonLandbrukHusdyrPortefølje InnovasjonLTP3 Klima, miljø og energiLTP3 Miljøvennlig energi og lavutslippsløsningerLTP3 Bioøkonomi og forvaltningForskning og innovasjonPortefølje Banebrytende forskningInternasjonaliseringLTP3 Kultur, sivilsamfunn og medienes rolleKulturSamfunnets kulturelle grunnlagResponsible Research & InnovationRRI MedvirkningKulturKlimaGlobale klimautfordringerResponsible Research & InnovationMatMat - Grønn sektorKlimaRammebetingelser og virkemidler for utslippsreduksjon og karbonopptakBransjer og næringerVarehandelBransjer og næringerMatMat, helse og velværePortefølje ForskningssystemetDelportefølje Et velfungerende forskningssystemPortefølje Velferd og utdanningDelportefølje KvalitetLTP3 Innovasjon i stat og kommuneLTP3 Demokrati, styring og forvaltningPortefølje Demokrati og global utviklingKulturKultur og naturGrunnforskningKlimarelevant forskning