Tilbake til søkeresultatene

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Dyrking av søtkirsebær i potter - Ny dyrkingsmetode for tunnelproduksjon

Alternativ tittel: Performance of sweet cherry trees growing in pots in high plastic tunnels.

Tildelt: kr 0,89 mill.

Førefallet med dette prosjektet er å skaffa fram ny kunnskap slik at dyrkingsteknikken med intensiv søtkirsebærproduksjon i potter skal gje ein framtidsretta, effektiv og lønsam produksjon av søtkirsebær i tunnel. All kommersiell produksjon vert i dag dyrka under plastdekte tak eller tunnelar, hovudsakleg på friland, for å unngå sprekking av fruktene og oppnå høg kvalitet. Søtkirsebærdyrkinga i Noreg har vore minkande dei siste 20 åra og er no i underkant på 2000 daa. Intensiv, produksjon av søtkirsebær i potter i veksthus/tunnel er ein ny produksjonsmetode både i Norge og resten av verda. I Rogaland har ei gruppe med veksthusprodusentar, saman med NIBIO Særheim gjennomført eit utviklingsprosjekt for å prøva ut denne dyrkingsmetoden. Førebels resultat er lovande. Substratproduksjon av søtkirsebær i potter med dryppvatning, gjev svært gode veksevilkår og store avlingar. Men det er ei utfordring å styra veksten gjennom heile omløpet på 8-10 år. For å lukkast er ein avhengig av samspelet mellom ei rekkje faktorar, som val av sort/grunnstamme, klimastyring, vatn- og næringstilføring, formings- og skjerings-strategi, og fruktsetjing. Arbeidet med å skaffa oversikt over kunnskapsstatusen frå internasjonal litteratur, gjennomgang om næringsopptak og gjødseltilføring hjå søtkirsebærtre dyrka i jord og substrat er starta opp. Feltforsøk med søtkirsebærtre som står i potter med substrat for å finna optimal næringstilføring og vatning for å sikra høveleg vekst, stor avling og god fruktkvalitet er starta opp ved Nibio Særheim og Ullensvang våren 2020 og heldt fram i 2021. Det vert prøvt tre ulike måtar å tilføra gjødsel på: 1) All næring blir i tilført i dryppvatningsanlegget, 2) All næring blir gitt som granulert langtidsverkande gjødsel i kvar potte og 3) Næringa blir tilført som bladgjødsling . Tilsvarande er det starta opp forsøk med ulike sortar og forming av trea - spindel tre og UFO (Upright Fruiting Offshoots) for intensiv produksjon i potter. Fleire prosjektdeltakarar i Ryfylke har starta opp med søtkirsebærdyrking i potter. Arbeidet med å kartleggja noverande og nytt dyrkingsopplegg hjå dyrkarar er også starta opp og skal analyserast med omsyn til avling, kvalitet og økonomi. Feltforsøka skal gjennomførast over ein periode på fire år ved NIBIO Særheim og Ullensvang og hjå dyrkarar, gjera kunnskapen kjend til norske fruktdyrkarar og publisera resultata.

Føremålet med dette prosjektet er å skaffa fram ny kunnskap slik at dyrkingsteknikken med intensiv søtkirsebærproduksjon i potter skal gje ein framtidsretta, effektiv og lønsam produksjon av søtkirsebær i tunnel. All kommersiell produksjon vert i dag dyrka under plastdekte tak eller tunnelar hovudsakleg på friland for å unngå sprekking av fruktene og oppnå høg kvalitet. Søtkirsebærdyrkinga i Noreg har vore minkande dei siste 20 åra og er no i underkant på 2000 daa. Intensiv, produksjon av søtkirsebær i potter i veksthus/tunnel er ein ny produksjonsmetode både i Norge og resten av verda. I Rogaland har ei gruppe med veksthusprodusentar, saman med NIBIO Særheim gjennomført eit utviklingsprosjekt for å prøva ut denne dyrkingsmetoden. Førebels resultat er lovande. Substratproduksjon av søtkirsebær i potter med dryppvatning, gjev svært gode veksevilkår og store avlingar. Men det er ei utfordring å styra veksten gjennom heile omløpet på 8-10 år. For å lukkast er ein avhengig av samspelet mellom ei rekkje faktorar, som val av sort/grunnstamme, klimastyring, vatn- og næringstilføring, formings- og skjerings-strategi, og fruktsetjing. Innleiingsvis skal det skaffast oversikt over kunnskapsstatusen frå internasjonal litteratur, gjennomgang om næringsopptak og gjødseltilføring hjå søtkirsebærtre dyrka i jord og substrat. Det skal gjennomførast feltforsøk med søtkirsebærtre som står i potter med substrat for å finna optimal næringstilføring og vatning for å sikra høveleg vekst, stor avling og god fruktkvalitet. Tilsvarande skal det prøvast ut av sortar og forming av trea for intensiv produksjon i potter. Noverande og nytt dyrkingsopplegg skal kartleggjast hjå dyrkarar med verknad på avling, kvalitet og økonomi. Det skal gjennomførast feltforsøk over ein periode på fire år ved NIBIO Særheim og Ullensvang og hjå dyrkarar, gjera kunnskapen kjend til norske fruktdyrkarar og publisera resultata.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Finansieringskilder