Tilbake til søkeresultatene

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Dyrking av søtkirsebær i potter - Ny dyrkingsmetode for tunnelproduksjon

Alternativ tittel: Performance of sweet cherry trees growing in pots in high plastic tunnels.

Tildelt: kr 0,89 mill.

Førefallet med dette prosjektet var å skaffa fram ny kunnskap slik at dyrkingsteknikken med intensiv søtkirsebærproduksjon i potter skal gje ein framtidsretta, effektiv og lønsam produksjon av søtkirsebær i tunnel. All kommersiell produksjon vert i dag dyrka under plastdekte tak eller tunnelar, hovudsakleg på friland, for å unngå sprekking av fruktene og oppnå høg kvalitet. Søtkirsebærdyrkinga i Noreg har vore minkande dei siste 20 åra og var i 2023 1790 daa. Men produksjonen har vore stabil og med ei auking dei siste åra. Intensiv, produksjon av søtkirsebær i potter i veksthus/tunnel er ein ny produksjonsmetode både i Norge og resten av verda. I Rogaland har ei gruppe med veksthusprodusentar, saman med NIBIO Særheim gjennomført eit utviklingsprosjekt for å prøva ut denne dyrkingsmetoden. Førebels resultat var lovande. Substratproduksjon av søtkirsebær i potter med dryppvatning, gjev svært gode veksevilkår og store avlingar. Men det er ei utfordring å styra veksten gjennom heile omløpet på minst 8-10 år. For å lukkast er ein avhengig av samspelet mellom ei rekkje faktorar, som val av sort/grunnstamme, klimastyring, vatn- og næringstilføring, formings- og skjerings-strategi, og fruktsetjing. Prosjektperioden var frå 2020-2024. Det vart gjennomført feltforsøk ved NIBIO Særheim og ved NIBIO UIlensvang alle vekstsesongane. Arbeidet med å skaffa oversikt over kunnskapsstatusen frå internasjonal litteratur, gjennomgang om næringsopptak og gjødseltilføring hjå søtkirsebærtre dyrka i jord og substrat er gjennomført og publisert i ein Nibio Rapport. Feltforsøk med søtkirsebærtre som står i potter med substrat for å finna optimal næringstilføring og vatning for å sikra høveleg vekst, stor avling og god fruktkvalitet vart starta opp ved Nibio Særheim og Ullensvang våren 2020 og heldt fram til og med 2023. Det vart prøvt tre ulike måtar å tilføra gjødsel på: 1) All næring blir i tilført i dryppvatningsanlegget, 2) All næring blir gitt som granulert langtidsverkande gjødsel i kvar potte og 3) Næringa blir tilført som bladgjødsling . Det vart gjort registreringar på avrenning i pottene, næringsopptak, avling, fruktkvalitet og klima. Trea som fekk tilført næringsIøysing i dropevatnet gav størt avling med store av god fruktkvalitet. I 2020 vart det ved Nibio Ullensvang starta opp forsøk med ulike sortar og forming av trea - spindel tre og UFO (Upright Fruiting Offshoots) for intensiv produksjon i potter ved bruk av svakveksande grunnstammer (G3 og G5). Desse trea var i full produksjon tredje året etter innpotting. Det vart gjennomført dei same registrerigane som under ulike gjødseltilføringløysingar . Arbeidet med å kartleggja noverande og nytt dyrkingsopplegg hjå dyrkarar starta opp i 2022 og vart avslutta i 2023. Samla var 10 brukarar med og det vart analysert på 20 dyrkingsfelt med omsyn til avling, kvalitet og økonomi. Resultata frå prosjektet er formidla som dyrkarmøte, fagmøte og populær og vitskapleg publisering . Prosjekteigar var Ryfylke Frukt SA med samarbeidspartnarane Hardanger Fjordfrukt SA, Nå fruktlager SA, Ullensvang Fruktlager SA, Plant Smart AS, Geirmund Helgøy, Johannes Hauge, Kristen Helgøy, Øystein Valheim, Andreas Kvame , Øystein O. Spilde og Simen A. Myhrene. NIBIO Ullensvang var FoU ansvarleg i samarbeid med Universitetet i Beograd, Serbia og norske søtkirsebærdyrkarar.

Førefallet med dette prosjektet var å skaffa fram ny kunnskap slik at dyrkingsteknikken med intensiv søtkirsebærproduksjon i potter skal gje ein framtidsretta, effektiv og lønsam produksjon av søtkirsebær i tunnel. All kommersiell produksjon i Noreg vert i dag dyrka under plastdekte tak eller tunnelar, hovudsakleg på friland, for å unngå sprekking av fruktene og oppnå høg kvalitet. Dyrkingsteknikken for søtkirsebærdyrking er langt på veg den same i Noreg som i andre land. Dyrking av søtkirsebærtre i substrat er pionærarbeid innan internasjonal forsking og dermed ny innovasjon både i Noreg og utanlands. Det krevst mykje større presisjonsgrad med å gje vatn og næring til eit avgrensa substratvolum. Det vart gjennomførst eit litteratursøk frå internasjonal og norsk litteratur og skrive ein rapport om tilføring av makro- og mikronæringsemne til jord, gjennom dropevatningsystemet jord/substrat og til blad. Det vart gjennomført feltforsøk med søtkirsebærtre dyrka i potter i plasthus/tunnel i fire vekstsesongar. Trea som fekk gjødselvatning gjennom dryppa med ledetal 1 gav signifikant størst avling med opptil 10 kg per tre for sorten Regina i 2021. Det var ingen skilnad mellom fruktvektene for dei ulike gjødselbehandlingane og fruktene var store. Auka nitrogentilførsel reduserte sukkerinnhaldet i fruktene. Alle treformingssystem har som føremål å byggja opp eit tre som har potensiale til å produsera store avlingar med kvalitetsfrukt. Sortane som vert dyrka i søtkirsebær i Noreg, er internasjonale og stammar hovudsakleg frå Canada, USA og Europa. Våren 2020 vart ulike søtkirsebærsortar poda på grunnstammene Gisela 3 og 5 og forma som spindeltre og UFO potta inn i ein plasttunnel ved NIBIO Ullensvang. Pottene fekk tilført gjødeselvatn med ledetal 1 frå vår til september. Sorten Tamara gav størts avling andre og tredje året etter innpotting med 6 og 8 kg per tre. Fruktene var store uavhengig av dei ulike kombinasjonane med gjennomsnitt 10.5 g andre året og 12.6 g tredje året. Det økonomiske resultatet frå dyrking av søtkirsebær i potter vart samanlikna med det ein oppnår i tradisjonell søtkirsebærdyrking i tunnel der trea var planta i jord med større avstand. Planting av kraftige 2-årige tre korta ned etableringsperioden, og ein kan oppnå gode avlingar etter 3-4 år. Sorten Tamara hadde høgast resultat med Lapins som ein god nummer to. Avlingsnivå er den viktigaste økonomiske faktoren. I prosjektet har det vore registreringar i veksthus, tunnelar og 3-strengssystem. Det var høgare avling og økonomisk resultat på spindelfelt enn UFO. Ulike dyrkingsmedium som jord, potter og sekker har også vore sett på i prosjektet. Resultat frå enkeltfelt viser at det er fullt mogleg å oppnå god økonomi ved å dyrke søtkirsebær i andre vekstmedium enn jord. Prosjektet har gjeve oppdatert kunnskap om dyrking av søtkirsebær i potter med tilføring av vatning og næring som gjødselvatning og økonomien av dei ulike dyrkingsmåtane i søtkirsebær.

Føremålet med dette prosjektet er å skaffa fram ny kunnskap slik at dyrkingsteknikken med intensiv søtkirsebærproduksjon i potter skal gje ein framtidsretta, effektiv og lønsam produksjon av søtkirsebær i tunnel. All kommersiell produksjon vert i dag dyrka under plastdekte tak eller tunnelar hovudsakleg på friland for å unngå sprekking av fruktene og oppnå høg kvalitet. Søtkirsebærdyrkinga i Noreg har vore minkande dei siste 20 åra og er no i underkant på 2000 daa. Intensiv, produksjon av søtkirsebær i potter i veksthus/tunnel er ein ny produksjonsmetode både i Norge og resten av verda. I Rogaland har ei gruppe med veksthusprodusentar, saman med NIBIO Særheim gjennomført eit utviklingsprosjekt for å prøva ut denne dyrkingsmetoden. Førebels resultat er lovande. Substratproduksjon av søtkirsebær i potter med dryppvatning, gjev svært gode veksevilkår og store avlingar. Men det er ei utfordring å styra veksten gjennom heile omløpet på 8-10 år. For å lukkast er ein avhengig av samspelet mellom ei rekkje faktorar, som val av sort/grunnstamme, klimastyring, vatn- og næringstilføring, formings- og skjerings-strategi, og fruktsetjing. Innleiingsvis skal det skaffast oversikt over kunnskapsstatusen frå internasjonal litteratur, gjennomgang om næringsopptak og gjødseltilføring hjå søtkirsebærtre dyrka i jord og substrat. Det skal gjennomførast feltforsøk med søtkirsebærtre som står i potter med substrat for å finna optimal næringstilføring og vatning for å sikra høveleg vekst, stor avling og god fruktkvalitet. Tilsvarande skal det prøvast ut av sortar og forming av trea for intensiv produksjon i potter. Noverande og nytt dyrkingsopplegg skal kartleggjast hjå dyrkarar med verknad på avling, kvalitet og økonomi. Det skal gjennomførast feltforsøk over ein periode på fire år ved NIBIO Særheim og Ullensvang og hjå dyrkarar, gjera kunnskapen kjend til norske fruktdyrkarar og publisera resultata.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Finansieringskilder