Tilbake til søkeresultatene

FORKOMMUNE-Forskning og innovasjon i kommunesektoren

Trygg Elv: Identifisering og sikring av kritiske vassdrag.

Alternativ tittel: SafeRiver: Identification and securing of critical rivers.

Tildelt: kr 5,8 mill.

Prosjektnummer:

309731

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2020 - 2023

Ekstremnedbør og flom er ei stor utfordring for samfunnet med tanke på skadar eigedom og infrastruktur og brot på viktige samfunnsfunksjonar som kommunikasjon og transport. Det er forventa å skje oftare og med enno større intensitet i framtida. Ifølge Norsk naturskadepool har skadar relatert til vêr og kosta 27 milliardar kroner over dei siste 10 åra. World Economic Forum reknar ekstremvêr og naturkatastrofar som følgje av endringar i klima som den risikofaktoren som har størst sannsyn for å oppstå og størst global verknad. Flom utgjer ein stor samfunnsøkonomisk risiko og det er ein stor trussel mot liv og helse. Gjennom rett klimatilpassing kan vi redusere desse framtidige risikoane. Kommunane si risiko og sårbarheits analyse skal identifisere dei, men kva verkemiddel og verktøy har i kommunane for dette og for å prioritere og gjere tiltak? Det er allereie eit stort etterslep i vedlikehald av infrastruktur i Norge og det er svært avgrensa nasjonale ressursar til sikring av vassdrag. Det er difor naudsynt å prioritere tiltak med størst nytte i høve til kostnad. Trygg elva har som hovudmål å utvikle metodar og verktøy som skal identifisere område i vassdraga der nytteverdien av tiltak vil vere størst. Gjennom prosjektet vil ein få ein operativ modell for tolking av flomvarsel i dei punkt kommunen eller infrastruktureigaren har funne er kritiske. Ein vil få konkrete svar på kva ein 50-års flom betyr. Kvar det vil vere kritisk, kor elva tek nytt løp og kva som så skjer. Ved bruk av hydrauliske modellar vil prosjektet identifiser topografiske faktorar som kombinert med ulike vassføringar skapar kritisk situasjonar. I ei kopling med GIS system vil slik informasjon bli brukt til å identifisere potensielt kritiske områder i eit vassdrag. Områder kommunane eller infrastruktureigaren må ha ekstra fokus på. Kopla mot lokale observasjonar gjev dette informasjon om situasjonar som utviklar seg kritisk. Ein kan dermed få tid til å førebygge dei verste scenarioa.

Eit klima i endring påfører norske kommunar for ei veksande utfordring knytt til flaum. Ei utfordring dei i liten grad er budd på å møte. Difor har NVE etablert ei ordning der kommunane kan søke tilskot til kartlegging av kritiske punkt i bekkar og bratte vassdrag. Siste års hendingar viser at flaumar i sjølv dei minste bekkane kan føre til store skader og høg risiko for folk. I sjølv dei minste kommunane finst det ei så stor mengd slike bekkar at ei fullstendig manuell kartlegging ikkje er mogleg. Og sjølv med gode instruksar vil ei slik kartlegging krevje ein kompetanse kommunane vil ha vanskeleg for å få tak i. Dette prosjektet siktar mot å automatisere dette arbeidet ved å kople bruk av og kunnskap om hydraulisk modellering saman med informasjon frå geografiske informasjonssystem. Gjennom hydraulisk modellering vil ein identifisere ulike terrengformasjonar og terrengtypar sin verknad på utviklinga av flaumar av ulike storleikar og på denne måten identifisere kvar ein kan forvente utfordringar med store nedstraums konsekvensar. Med denne informasjonen er det mogleg å utvikle rutinar i kommunane sin GIS system som identifiserer lokalitetar ein må vie ekstra merksemd. Dette vil vere eit verktøy som kan brukast for vurdering av kost nytte av førebygging og i ein krisesituasjon til vurdering av skadereduserande tiltak og eventuelt evakuering. Det nye i denne metoden er integrasjonen mellom eksisterande data, nye metodar for enkelt å rekne skader knytt til erosjon, sedimentering og feil i infrastruktur og nye målemetodar og fjernmålte data i eit enkelt og lett brukt system basert på kartinformasjon. Metoden vil kombinere dei siste tilgjengeleg data frå NVE og met.no rundt varsling og faregrad med nye og innovative metodar for kartlegging av kritiske punkt, hydraulisk modellering og koplingar av ulike datakjelder. Kopling mot pågåande innovasjonsprosjekt er viktig, t.d. www.woww.no og www.klima2050.no.

Aktivitet:

FORKOMMUNE-Forskning og innovasjon i kommunesektoren