Tilbake til søkeresultatene

SFI-Sentre for forskningsdrevet innovasjon

Centre for Geophysical Forecasting (CGF)

Alternativ tittel: Senter for geofysisk monitorering og prognosering (CGF)

Tildelt: kr 90,0 mill.

Vår visjon i senteret er å skape kunnskap og forståing frå geofysiske data. Våre tre hovudbruksområde av geofysisk overvaking er naturskadar som skred, ras og jordskjelv, CO2 lagring og naturressursar. I 2022 publiserte vi ein artikkel i Frontiers of Marine Sciences som fekk stor merksemd. For første gong viser vi at det er mogleg å bruke nedgravne fiberoptiske kablar til å attskape lyden til blåkval. Videre har vi vist at det faktisk er mogleg å bruke kval-lydane til grunn seismisk avbilding, kanskje opp til 200 m under havbotnen. Denne artikkelen fekk omtale i meir enn 100 mediekanalar, særleg internasjonalt. Kjente mediehus som Newsweek, ORF, The Independent, Stern, La Nacion, Der Spiegel samt NRK, Adresseavisen og ikkje minst Svalbardposten skreiv artiklar basert på vår artikkel. I 2023 publiserte vi ein ny artikkel der vi synte at det går an å følgje fleire finnkvalar samstundes (8 stk) i mange timar. I 2023 laga vi ein video kor vi syner korleis ein kan nytte fiberoptiske kablar til kvalovervaking. Videoen er meint å syne korleis ny teknologi kan nyttast og målgruppa er studentar, partnere og forskarar. I 2023 har vi starta på analyse av data som vart samla inn nord for Ula-feltet i 2022. Samanlikning mellom vanlege seismiske data og data frå fiberkablar på havbotnen syner at bileta av sedimenta er like, noko som tyder på at ein kan bruke fiberkablar til seismisk kartlegging og kanskje også overvaking av gass og straumledningar på havbotnen. Ved vårt feltlaboratorium i Rissa har vi gjort mange repeterte målingar samtidig med at bygging av den nye fylkesvegen har stått på. Så langt har vi ikkje observert nemneverdige endringar i skjærbølgjefarta i leira, noko som tyder på at leira ikkje har blitt påverka av arbeidet. Vi har også samla inn data i Grasdalen der vi registrerte eit snøras på ein fiberkabel som går langs vegen. Hensikta med eksperimenta i Grasdalen er todelt: Først å detektere at eit ras har treft vegen, og så undersøkja moglegheitene for eit varslingssystem for snøras nært veg og jernbane. CO2-forskning er ein sentral del av aktivitetane i senteret, og her har vi fokusert på problemstillingar knytt til kostnadseffektiv overvaking av CO2 som lagrast i undergrunnen. Ei sentral problemstilling er å optimalisere deteksjonsevna av tynne langstrekte CO2-lag i undergrunnen. I mars 2023 la vi fiberkablar i Åstfjordbrua. Her har vi eit godt samarbeid med Trøndelag Fylkeskommune som har gjeve oss høve til å plassere interrogator og utstyr i brua. Hausten 2023 har vi saman med forskarar frå universtiteta i Hamburg og München gjort mange målingar som vert analyserte i 2024. Basert på eksperiment utført langs jernbanelinja mellom Trondheim og Støren har vi starta ein innovasjonsprosess med sikte på å etablere ei knoppskytingsverksemd. I 2023 vart det utførd fleire testar, mellom anna får Støren til Kongensvold, i Lofoten og i Oslo by. Dette arbeidet synest å vere så lovande at det er stort sannsyn for ny verksemd. I desember 2023 vil ein avgjere om det er liv laga for å starte ei slik verksemd.

The earth is a dynamic planet. There is a fundamental need to understand the processes influencing the earth’s crust, which ultimately supports and impacts all life. The arrival of rapid (in geological timescales) climate change with its associated ecosystem disruption has created additional challenges. Geophysics is key on both counts. Our vision is to create the world-leading research and innovation Centre for Geophysical Forecasting, by applying game-changing innovative technologies and bridging multiple disciplines and domains, across physics, geology, computer science, mathematics, academia and industry. To do this, a fundamental reorientation is needed in the way we view geophysical sampling and exploitation, shifting from traditional campaign-based approaches to continuous monitoring and forecasting in 4 dimensions. This requires both novel interdisciplinary synergy and the application of emerging technologies such as Distributed Acoustic Sensing through Fibre Optics cables, to the training of Artificial Intelligence (AI) on Big Data. Norway is already at the forefront of exploration geophysics; we intend to leverage that expertise to catalyse a new wave of commercially-valuable geophysical capabilities, applying disruptive technologies that will be game changers in the transition from hydrocarbon geophysics to the new blue economy, founded on sustainable geophysical applications. We have assembled an international cast of partners, both academic and industrial, with substantial backing already in place from key stakeholders. We have identified three core innovation research areas: CO2-storage management, Hydrocarbon production monitoring and Geohazard monitoring and forecasting, which, together, amount to an estimated new revenue potential of 12 Bn NOK of annual business. We will create both new geophysical products and services in the core businesses of our industrial partners, as well as innovative spin-off companies with new geophysical services.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

SFI-Sentre for forskningsdrevet innovasjon

Temaer og emner

CO2-håndteringLTP3 Samfunnssikkerhet og beredskapCO2-håndteringCCS - lagringFNs BærekraftsmålMål 7 Ren energi for alleMiljøteknologiAnvendt forskningKutt i utslipp av klimagasserGrunnforskningPetroleumDelportefølje KvalitetLTP3 Hav og kystLTP3 Fagmiljøer og talenterBransjer og næringerIKT-næringenFNs BærekraftsmålLTP3 Miljøvennlig energi og lavutslippsløsningerLTP3 Petroleum og mineralerDelportefølje Et velfungerende forskningssystemKlimarelevant forskningPetroleumUndergrunnsforståelseLTP3 Samfunnsikkerhet, sårbarhet og konfliktDigitalisering og bruk av IKTPrivat sektorLTP3 Høy kvalitet og tilgjengelighetBransjer og næringerEnergi - NæringsområdePortefølje Banebrytende forskningIKT forskningsområdeLTP3 Klima, miljø og energiDelportefølje InternasjonaliseringPortefølje Demokrati og global utviklingIKT forskningsområdeKunstig intelligens, maskinlæring og dataanalyseBransjer og næringerOlje, gassDigitalisering og bruk av IKTSamfunnssikkerhetPolitikk- og forvaltningsområderOlje og gass - Politikk og forvaltningInternasjonaliseringInternasjonalt prosjektsamarbeidInternasjonaliseringBransjer og næringerPortefølje Energi og transportLTP3 Styrket konkurransekraft og innovasjonsevneLTP3 IKT og digital transformasjonLTP3 Et kunnskapsintensivt næringsliv i hele landetPortefølje Muliggjørende teknologierLTP3 Muliggjørende og industrielle teknologierPortefølje ForskningssystemetPolitikk- og forvaltningsområderPortefølje InnovasjonPolitikk- og forvaltningsområderEnergi - Politikk og forvaltning