Tilbake til søkeresultatene

PES2020-Prosj.etabl.støtte H2020

Etablering europeisk katapultsamarbeid

Tildelt: kr 88 776

Prosjektnummer:

311435

Prosjektperiode:

2020 - 2020

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Det er stort behov for overgang til hybride energisystemer med innfasing av fornybar energi i alle deler av havnæringane. Omstillinga representerer ein stor industriell moglegheit for Norge globalt. I Regjeringas nyleg mottatte utgreiing om verkemiddelapparatet blir det peika på behovet for testing av meir klimavenlege energiteknologiar og meir digitaliserte og integrerte energisystem. Då trengst det meir internasjonalt FoU-samarbeid raskt for kjappare utvikling frå idé til marked. Sustainable Energy følgjer opp anbefalingane frå utgreiinga og gjennomfører 7.-9. januar reise til England for møte med sterke britiske innovasjonsmiljø for å utvikla framtidige europeiske samarbeid. Målet er å rigga norske bedrifter til å ta større del som industripartnarar i komande energiomstillingsprosjekt i EU. EU har nyleg varsla i sin "Green Deal" at energisektoren skal baserast på fornybare kjelder, supplert med rask utfasing av kull og dekarbonisering av gass. Europakommisjonen skal gjennomgå, og om nødvendig revidera, relevant energilovgiving i åra framover. Norsk og britisk energisektor er leiande i Europa når det gjeld utprøving og testing av nye energiformer. Ved å knyta dette til digitalisering, produksjonsteknologi og moglegheiter offshore kan Sustainable Energys norske partnarar ha gode sjansar for å oppnå finansiering via EUs forskings- og utviklingsprogram. Besøk/nettverksmøte/omvisingar og workshop 8.-9. januar hos fire av verdas fremste katapultsenter for test og utprøving av nye løysingar: - Digital Catapult and Sunderland Software City - Offshore Renewable Energy Catapult and and National Renewable Energy Centre Blyth - Energy Systems Catapult Birmingham - The Manufacturing Technology Centre Coventry

Budsjettformål:

PES2020-Prosj.etabl.støtte H2020