Tilbake til søkeresultatene

OFFPHD-Offentlig sektor-ph.d.

We are sinking. What are you thinking about? Tilgangskompetanse og fagspråksdidaktikk

Alternativ tittel: We are sinking. What are you thinking about? Literacy and technical language didactics.

Tildelt: kr 1,8 mill.

Å meistre og forstå eit fagspråk er ein så sjølvsagt del av yrkesutøvinga at ein gjerne ikkje tenker på det. Dagleg kommuniserer vi fagspesifikk informasjon ved hjelp av eit fagspråk, og det er også ein viktig og stor del av mange yrke. I delar av fagutdanninga er opplæring i fagspråk eit sikkerheitskrav, medan kommunikasjonskompetanse, generell eller fagspesifikk, i det heile vert tillagt stor betydning i arbeidslivet. I den globale arbeidsmarknaden er det viktig å kunne fagterminologi på både norsk og engelsk. Prosjektet "We are sinking. What are you thinking about?" vil vere eit konkret bidrag i utvikling og styrking av fagspråkutdanninga i både høgare utdanning og vidaregåande skule. Gjennom kartlegging, analysar og tilrådingar er det eit mål å utvikle fagspråkdidaktisk kompetanse. Forskingsfeltet er den sertifikatgivande maritime fagutdanninga, der krav til fagspråksopplæring er ein den av den internasjonale STCW-konvensjonen. Gjennom utdanninga skal studentar få naudsynt tilgangskompetanse til å navigere i tekstlandskapet dei møter i arbeidslivet. Spørsmål prosjektet vil forsøke å svare på, er mellom anna kva den fagspesifikke tilgangskompetansen består av, og korleis fagspråkopplæringa kan legge til rette for å meistre desse diskurskrava, og samstundes legge til rette for å tileigne seg evna til å tenke kritisk og å handle autonomt.

Prosjektet har til mål å utvikle fagspråkdidaktisk kompetanse, og med dette styrke fagspråkutdanninga i både høgare yrkesfagleg utdanning og i vidaregåande skule. Den politiske prioriteringa på fagskulesektoren dei seinaste åra og behovet for kvalifiserte fagfolk i norsk sektor, gjer at den yrkesretta kommunikasjonskompetansen og språkundervisinga i fagutdanninga bør bli eit prioritert forskingsfelt. Forskingsområde for dette prosjektet er høgare maritim yrkesfagleg utdanning. Kva er formålet med språkeemna i høgare yrkesfagleg utdanning, og kva tilgangskompetanse skal desse emna gi? Tilgangskompetansen det er snakk om her er ikkje forstått som ein generell term, men tekstkompetanse ein må inneha for å kunne delta i den gjeldande diskursen. Det er snakk om ein område- og fagspesifikk tilgangskompetanse, såkalla diciplinary literacy. Forsking omkring språk og tekst har lenge vore interessert i literacy, men det er forska lite på område- og fagspesifikk lese- og skriveopplæring i fagutdanninga. I høgare yrkesfagleg utdanning er språkemne ein del av nesten alle studier. Maritim utdanning er eit spanande forskingsfelt mellom anna fordi Den internasjonale konvensjon om normer for opplæring, sertifikater og vakthold for sjøfolk, STCW, definererer innhaldet i utdanninga. Dette gjer at ho har internasjonal gyldigheit, og ein kan gjere samanlikningar med alle land som driv maritim utdanning. Prosjektet vil svare på spørsmåla gjennom ei artikkelbasert avhandling med inntil fire artiklar, både på norsk og engelsk, der det empiriske materialet danner grunnlaget for drøftingar rundt tilgangskompetanse og fagspråkdidaktisk opplæring. Grunna det fleirspråklege aspektet ved denne forskinga, vil det ikkje vere vasstette skott mellom dei to, og også den metodiske tilnærminga vil vere fleirdelt i normtekstanalyse og datainnsamling. Det er ein konkret ambisjon å bidra til å utvikle relevant fagspråkleg tilgangskompetanse for fagutdanninga.

Budsjettformål:

OFFPHD-Offentlig sektor-ph.d.

Finansieringskilder