Tilbake til søkeresultatene

HELSEVEL-Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstjenester

Co-production of health- and welfare services between local governments and voluntary organizations in Norway and Germany

Alternativ tittel: Samskaping av helse- og velferdstenester mellom lokale myndigheiter og frivillige organisasjonar i Noreg og Tyskland

Tildelt: kr 12,0 mill.

I CoPro-prosjektet undersøker vi samskaping av velferdstenester mellom offentlege og frivillige aktørar innanfor eldre- og rusomsorg i Noreg og i Tyskland. Hovudformålet er å forstå og forklare korleis kjenneteikn ved ulike samfunn sine velferdssystem og tradisjonar for samarbeid set rammer for kva som er mogeleg å få til av samskaping av velferd mellom offentlege og frivillige aktørar. I prosjektet har vi fyrst gjort ein systematisk litteraturstudie (WP1) av internasjonal (engelskspråkleg) forsking om samskaping av velferdstenester i tre land (Noreg, Tyskland, Storbritannina) som representer tre ulike typar velferdsmodellar. I ein innsendt artikkel til fagfellevurdering i internasjonalt tidsskrift har vi undersøkt status for forsking på kollektiv samskaping av velferd i dei ulike velferdsregimene, og i kva grad desse seier noko om korleis historiske og institusjonelle faktorar formar velferdstenester og relasjonar mellom offentleg og frivillig sektor. Eit formål i artikkelen har også vore å knyte saman feltet for tredje-sektor forsking med feltet for forsking på samskaping. Ein andre artikkel er påbegynt. I den andre arbeidspakken (WP2) har vi gjennomført ei spørjeundersøking blant over 500 organisasjonar registrert i Frivillighetsregisteret under Næringsområde Q:Helse- og sosialtenester. I undersøkinga vart organisasjonane stilt spørsmål om kjenneteikn og karakteristikkar ved deira relasjonar og samarbeid med norske kommunar. I ein artikkel publisert i tidsskrift for velferdsforsking undersøkjer eg i kva grad frivillige organisasjonar innan helse- og omsorgsfeltet i Noreg har relasjonar til kommunar som omhandlar tenesteproduksjon og politisk interessepresentasjon, i kva grad relasjonar er formaliserte og institusjonaliserte, og kven som har definisjonsmakt og styringskontroll i relasjonane. Analysane syner at organisasjonar sine relasjonar til kommunar i relativt stor grad handlar om formell interesserepresentasjon og til ein viss grad om samarbeid om kommunal tenesteyting, men er dominert av mindre institusjonalisert enkeltsakssamarbeid. Det ligg her eit potensial til å betre dra nytte av frivillig sektor sine særbidrag i utviklinga av og i produksjonen av velferdstenester i Noreg. For å få til dette kan ei forbetring av dei grunnleggande rammevilkåra for frivillige organisasjonar innan helse og omsorg vere ein viktig faktor. I den tredje arbeidspakken (WP3) har vi samla inn data blant frivillige og kommunale aktørar (kvalitative intervju) i fire kommunar i Noreg, samt analyser av medieoppslag og offentlege dokument knytt til offentleg-frivillig samarbeid. Vi har her samla inn informasjon om kjenneteikn ved kommunalt-frivillig samarbeid innanfor eldre- og rusomsorg, om kva utfordringar samarbeidet eventuelt har, samt kva som hemmer og fremjer samarbeid. Vi vil her få innsikt og kunnskap om korleis samarbeidet går føre seg i praksis og korleis samarbeidet blir omtalt og diskutert i det lokale ordskiftet og blir nedfelt i offentlege dokument. Basert på dei innsamla data skal vi utvikle fire artiklar. To er sendt inn til vurdering tidsskrift og to er i utvikling. For å få eit samanlikningsgrunnlag for nærstudien i arbeidspakke 3 har vi i arbeidspakke 4 (WP4) gjort ein tilsvarande men nedskalert versjon av nærstudien i Tyskland, som har ein annan type velferdsmodell enn den norske. Vi har her gjort intervju blant kommunale og frivillige aktørar innanfor eldre- og rusomsorg i to byar. Frå denne studien skal det skrivast ein engelskspråkleg artikkel som vil samanlikne forholda i Oslo og Berlin. I den siste arbeidspakken i prosjektet (WP5) skal vi til slutt knyte saman kunnskapen frå dei ulike arbeidspakkane (WP1-WP4) og identifisere dei sentrale samfunnstrekka som set rammer for framtidig utvikling av kommunal-frivillig samarbeid om velferdsproduksjon. Til saman vil CoPro-prosjektet kunne utvikle og spreie teoretisk, empirisk og politisk relevant kunnskap om implikasjonane, potensialet og barrierar for inkludering av frivillige aktørar i velferdsproduksjon gjennom samskaping.

The object of this project is co-production between governmental bodies and voluntary organizations within elderly care and drug care. The project will clarify the scope of such co-production; variations in co-production practices and policy discourses; implications for the involved actors including the end users of services; and finally what the potentials and limitations are for the further development of governmental-voluntary collaboration in welfare service production. Such clarifications are much needed due to an increased policy attention and resource allocation towards co-production following increased pressure on welfare systems, while at the same time the empirical knowledge on the scope, characteristics and consequences of co-production is inadequate, and theoretical understanding of the implications of institutional context for co-production is lacking. The project will start with an analysis of existing literature and combine perspectives from institutional theory and existing co-production research to develop a conceptual and theoretical foundation for the project. With a main focus on Norway, we will approach the research questions empirically on both the practice- and the discourse-level by analyzing quantitative and qualitative data from local government actors, voluntary actors, and service users (register data, survey data, personal interviews, policy documents and media content). To contrast and validate the findings in Norway, and to improve the theoretical understanding of the implications of institutional context for co-production, we will compare them with a similar study in Germany. Finally, we will synthesize the insights from the theoretical and empirical investigations and perform general analyses identifying the framing conditions for different types of co-production between governmental bodies and voluntary organizations.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

HELSEVEL-Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstjenester