Tilbake til søkeresultatene

HELSEVEL-Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstjenester

Co-production of health- and welfare services between local governments and voluntary organizations in Norway and Germany

Alternativ tittel: Samskaping av helse- og velferdstenester mellom lokale myndigheiter og frivillige organisasjonar i Noreg og Tyskland

Tildelt: kr 12,0 mill.

Samskaping har blitt eit svært populært omgrep i velferdspolitikken internasjonalt og i Noreg, og det blir retta mykje merksemd og ressursar mot samskaping som strategi for å møte framtida sine velferdsutfordringar. I CoPro-prosjektet skal vi undersøke samskaping av velferdstenester mellom offentlege og frivillige aktørar innanfor eldre- og rusomsorg i Noreg og i Tyskland. Hovudformålet er å forstå og forklare korleis kjenneteikn ved ulike samfunn sine velferdssystem og tradisjonar for samarbeid set rammer for kva som er mogeleg å få til av samskaping av velferd mellom offentlege og frivillige aktørar. Prosjektet skal fyrst undersøke kva som ligg i sjølve omgrepet samskaping, korleis det er brukt internasjonalt og korleis samfunnstrekk betre kan inkluderast i forståinga av fenomenet (WP1). Vidare skal prosjektet undersøke utbreiinga av, kjenneteikn ved og variasjonar i samarbeid mellom offentlege og frivillige aktørar innanfor eldre- og rusomsorg i Noreg (WP2). Dette blir følgd opp av ein nær-studie av diskursen rundt samskaping og faktisk samarbeidspraksis mellom offentlege og frivillige aktørar på dei to felta i strategisk utvalde kommunar i Noreg (WP3). Her vil vi utvikle kunnskapen om konsekvensane av å involvere frivillige aktørar i velferdsproduksjonen ? konsekvensar for involverte aktørar og for kvaliteten, effektiviteten og den demokratiske legitimiteten til tenestene. For å få eit godt samanlikningsgrunnlag skal vi gjennomføre ein liknande nær-studie i Tyskland, som skil seg frå Noreg på fleire viktige punkt (WP4). Til slutt skal vi knyte saman kunnskapen frå dei ulike del-studiane og identifisere dei sentrale samfunnstrekka som set rammer for framtidig utvikling av kommunal-frivillig samarbeid om velferdsproduksjon (WP5). CoPro-prosjektet vil utvikle og spreie teoretisk, empirisk og politisk relevant kunnskap om implikasjonane, potensialet og barrierar for inkludering av frivillige aktørar i velferdsproduksjon gjennom samskaping.

The object of this project is co-production between governmental bodies and voluntary organizations within elderly care and drug care. The project will clarify the scope of such co-production; variations in co-production practices and policy discourses; implications for the involved actors including the end users of services; and finally what the potentials and limitations are for the further development of governmental-voluntary collaboration in welfare service production. Such clarifications are much needed due to an increased policy attention and resource allocation towards co-production following increased pressure on welfare systems, while at the same time the empirical knowledge on the scope, characteristics and consequences of co-production is inadequate, and theoretical understanding of the implications of institutional context for co-production is lacking. The project will start with an analysis of existing literature and combine perspectives from institutional theory and existing co-production research to develop a conceptual and theoretical foundation for the project. With a main focus on Norway, we will approach the research questions empirically on both the practice- and the discourse-level by analyzing quantitative and qualitative data from local government actors, voluntary actors, and service users (register data, survey data, personal interviews, policy documents and media content). To contrast and validate the findings in Norway, and to improve the theoretical understanding of the implications of institutional context for co-production, we will compare them with a similar study in Germany. Finally, we will synthesize the insights from the theoretical and empirical investigations and perform general analyses identifying the framing conditions for different types of co-production between governmental bodies and voluntary organizations.

Aktivitet:

HELSEVEL-Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstjenester