Tilbake til søkeresultatene

NORGLOBAL2-Norge - global partner

TRUTH COMMISSIONS AND SEXUAL VIOLENCE African and Latin American Experiences

Alternativ tittel: SANNINGSKOMMISJONAR OG SEKSUELL VALD Erfaringar frå Afrika og Latin-Amerika

Tildelt: kr 6,0 mill.

Bruk av seksuell vald som våpen i krig og konflikt er eit utbreidd fenomen og vert rekna som ei global utfordring. Mange land har ein tendens til å oversjå dette problemet etter overgangen frå konflikt til demokrati. Andre land prøver å handtera denne grove forma for vald, saman med andre krigsbrotsverk og menneskerettsbrot, gjennom til dømes sanningskommisjonar. Hovudoppgåva til ein sanningskommisjon er å dokumentera grove menneskerettsbrot og komma med anbefalingar til regjeringar om kva dei kan gjera for å bøta på skaden og hindra at liknande menneskerettsbrot gjentek seg. Dette prosjektet handlar om korleis sanningskommisjonar i Afrika og Latin Amerika frå tidleg på 1980-talet og fram til i dag har handtert konfliktrelatert seksuell vald i mandata, rapportane, og i anbefalingane sine. I kor stor grad har framveksten av internasjonale menneskerettsnormer forma agendaen til sanningskommisjonar? Og i kva grad og på kva måte har sanningskommisjonar medverka til «Kvinner, Fred og Tryggleik» agendaen (FNs Sikkerhetsråds resolusjon 1325) og fokuset på kjønnsbasert vald og konflikt? Dette prosjektet skal etablera ein heilt ny database med informasjon om sanningskommisjonar og konfliktrelatert seksuell vald og dermed bidra til komparativ forsking og nybrottsarbeid på dette fagfeltet. Me håpar at funna våre vil vera relevante for dei som utformar sanningskommisjonar og anbefalingane deira på ein måte som gjer at ein kan handtera denne forma for vald betre og meir effektivt. Prosjektfunna kan også vera med å realitetsorientera forventingane som vert skapa rundt sanningskommisjonar om alt dei skal få til blant dei som utformar politikk, samt aktivistar og offentlegheita. Prosjektet vil bli gjennomført av eit fleirfagleg forskarteam forankra på Chr. Michelsens Institutt i Bergen i nært samarbeid med Centre for the Study of Violence & Reconciliation (Sør-Afrika), ODI (England), CIESAS (Mexico), og PRIO (Oslo).

Sexual violence committed during war is one of the great global challenges. UNSCR1325 has its 20th anniversary in 2020. This landmark resolution commits the international community to take account of the gendered experience of conflict and violence and launched the Women, Peace and Security agenda. An otherwise large literature on transitional justice has paid virtually no attention to how truth commissions interact with this policy agenda. This project investigates how Latin American and African truth commission since the early 1980s have dealt with conflict related sexual violence (CRSV) throughout their operations and in their recommendations, thus assessing how TCs may have contributed (or not) to this global agenda, taking changing international norms and legal frameworks into account. The research has primary relevance to intellectual and policy discourses on transitional justice in Africa and Latin America but carries a broader theoretical and policy potential. By establishing an empirically-based database on the connections between TCs and CRSV, the project provides an analytical basis for cross-regional research on the impact of collective truth-seeking mechanisms. The project has policy implications for the design of TCs and recommendations that are credible and likely to be implemented in the field of CRSV, and for the management of expectations generated by TCs among policymakers, activists, and mass publics. The project will be carried out jointly by an interdisciplinary research team based at the Chr. Michelsen Institute (Norway), the Centre for the Study of Violence & Reconciliation (South Africa), and Overseas Development Institute (UK) in collaboration CIESAS (Mexico) and PRIO (Norway) . The project builds on previous work on transitional justice, truth commissions & CRSV in Latin America and Africa undertaken by the core research team and is intended to further strengthen competence in this rapidly expanding scholarly and policy field.

Aktivitet:

NORGLOBAL2-Norge - global partner