Tilbake til søkeresultatene

P-SAMISK-Program for samisk forskning

South Saami Memory Culture: The dynamics of indigenous and nation-state identities

Alternativ tittel: Mellom urfolks- og nasjonalstatleg identitet: Sørsamisk minnekultur

Tildelt: kr 7,7 mill.

Prosjektets mål er å utdjupe kunnskapen om sørsamisk historie, språk og kultur, eit område som har vore relativt lite utforska tidlegare. Noko som skuldast at sørsamisk historie, språk og kultur gjerne har kome i skuggen av den meir folkerike nordsamiske kulturen. Prosjektet er ei undersøking av korleis sørsamisk minnekultur blir danna, artikulert og nytta av ulike aktørar i to spesifikke historiske periodar, der spørsmålet om urfolksidentitet eller nasjonal identitet har vore spesielt avgjerande. Det tradisjonelle landet til sørsamane ligg i sentrale delar av den skandinaviske halvøya, på begge sider av riksgrensa mellom Noreg og Sverige; frå Helgeland og Tärnaby-området i nord til Nord-Østerdalen og Dalarne i sør. Den første historiske perioden, er det som vanlegvis blir kalla fornorskingsperioden/försvenskningen, i kjølvatnet av norsk og svensk kolonisering og nasjonsbygging i dei samiske områda innanfor grensene til dei respektive statane. Den andre historiske perioden er andre verdskrig 1939–45 da spørsmålet om nasjonal identitet vart særs viktig for ein kvar borgar, særleg i dei okkuperte områda i Noreg. Hovudmålet for prosjektet er å analysere korleis sørsamisk identitet og minnekultur er blitt konstruert over tid gjennom forhandlingar mellom samane og det ikkje-samiske majoritetssamfunnet. Vi spør: Korleis har desse to viktige periodane i sørsamisk historie blitt forstått, hugsa, tolka og nytta til å uttrykke sørsamisk identitet? Prosessane, erfaringane og svara frå det sørsamiske samfunnet vil bli sett i lys av tilsvarande prosessar og erfaringar i andre samiske samfunn i Fennoskandia, og samanlikna med liknande prosessar og utfordringar som andre urfolkssamfunn har opplevd i Canada og USA. Vi skal samle inn og analysere tre hovudtypar av data: 1. Kvalitative intervju. 2. Arkivregister og dokument. 3. Historiografiske tekstar, historiske forteljingar og analyse. Teoretisk søker prosjektet å bygge bru mellom moderne minnestudium og urfolksstudium.

The project aims at deepening our understanding of South Saami history and culture, an under-researched field, too often shadowed by the more populous North Saami culture. This project is an investigation of how South Saami memory culture is formed, articulated, and applied by various agents in two specific historical cases, where the question of Indigenous or national identity has been especially crucial. The first one is the period of active assimilation/segregation of the Saami into Scandinavian nation-states. The other is the period of the Second World War 1939–45 which highlighted any citizens’ national identity. The main objective is to analyse how a South Saami identity and memory has been constructed over time through negotiations between the Indigenous and the non-Saami majority society. We ask: How have these two crucial junctures of South Saami history been understood, remembered, interpreted, and used to articulate a sense of South Saami identity, within the South Saami community itself and from the outside? The processes, experiences and responses of the South Saami community is seen in comparison to other Saami communities, and to the similar processes and challenges lived through by other Indigenous communities in Canada and USA. We will be collecting and analysing three main types of data: qualitative interviews; archival records and documents; and historiographical texts, historical narratives and analysis. Theoretically, the project seeks to bridge modern memory studies to the field of Indigenous society and culture.

Aktivitet:

P-SAMISK-Program for samisk forskning