Tilbake til søkeresultatene

FINANSMARK-Finansmarkedet

Central banks expanding role in financial markets

Alternativ tittel: Sentralbankers utvidede rolle i krisetider

Tildelt: kr 3,7 mill.

Prosjektnummer:

315503

Prosjektperiode:

2021 - 2025

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Dei siste to tiåra har sentralbankar fått ei større rolle i samband med handtering av økonomiske kriser. Denne tendensen har ein særleg sett i etterkant av utbrottet av den globale finanskrisa i 2007 og igjen i samband med covid-19- pandemien. I samband med desse krisene har for eksempel sentralbankar i ein rekkje jurisdiksjonar brukt historisk høge summar på å kjøpe verdipapir i marknaden. Formålet er å legge ut eit omfattande offentleg tryggingsnett under det finansielle systemet og stimulere til økonomisk vekst (quantitative easing). Klimakrisa påverkar også økonomisk og finansiell stabilitet. I aukande grad ser ein at sentralbankar engasjerer seg, eller blir bedt om å engasjere seg, i spørsmålet. Særleg er det diskutert at sentralbankane bør ta omsyn til klimarisiko når dei vurderer og førebyggjer finansiell risiko, men også når dei sjølv investerer i verdipapir. Både sentralbankane sine auka investeringar i finansmarknaden og omsynet til klimarisiko har fordelingsmessige konsekvensar, og er avgjersler og kompetanseområde som er underlagt folkevalde organ (stortinget). Utviklinga der sentralbanken får ansvar for nye sider ved økonomisk krisehandtering kjem med eit paradoks. På den eine sida kan ein stille spørsmål om sentralbankane ikkje har gått utover mandatet som dei folkevalde i utgangspunktet har gitt dei. På den ande sida ser vi at det auka engasjement i finansmarknaden også kan skape nye restriksjonar for sentralbankane. I finansmarknaden er det nemleg ein risiko for at sentralbanken blir bunden av privatrettslege reguleringar som hemmar institusjonane si evne til å oppfylle sitt mandat om å sikre økonomisk stabilitet. Forskingsprosjektet undersøker dette paradokset gjennom å analysere korleis nasjonal og internasjonal rett både legg til rette for og avgrensar sentralbankane si utvida rolle i finansmarknaden i krisetider.

In the aftermath of the outbreak of the Global Financial Crisis in 2007 and again today in response to the covid-19 pandemic, we see that central banks have gained an expanding role in economic crisis management. The expansion is particularly seen in the unprecedented increase in central bank purchases of financial assets in the market to stabilise the economy. We have also seen that central banks’ areas of competence have expanded into that of other public institutions, e.g. the parliament and financial supervisory authorities. In 3 work packages (WP), the project explores how the law facilitate and limit central banks’ expanding role. WP1 analyses how domestic administrative and constitutional law, as well as international law draw up the outer limits of central banks’ expansion. WP2 examines whether private and financial market law applicable to central banks’ operations may constitute obstacles for their ability to ensure monetary and financial stability, as the rules originally are tailored for actors with commercial objectives. While WP1-2 focus on Norwegian developments, WP3 explores how international institutions and international law developments facilitates central banks’ expansion. Legal research on central banking is typically dominated by domestic administrative and constitutional law approaches. This project takes a comprehensive and multilevel approach, analysing how domestic and international law, public and private, together shape the legal framework governing central banks’ operations. The project is of a descriptive nature, relying on textual analyses of a broad spectre of different publicly available legal sources. The project consists of 1 project manager, 2 academic participants (professors) and 1 postdoc from the University of Oslo. A reference group of Norwegian and international legal scholars and central bankers is established to provide high quality input to the project participants.

Aktivitet:

FINANSMARK-Finansmarkedet

Finansieringskilder