Tilbake til søkeresultatene

BIONÆR-Bionæringsprogram

MultiFuelLarve - frå organisk restavfall til verdfulle larveprodukt

Alternativ tittel: MultiFuelLarve - from organic waste to high value larval products

Tildelt: kr 8,8 mill.

Insektlarver inneheld opp mot 50 % protein, og har evne til å leve på mange ulike avfallsbaserte organiske kjelder. Produksjon av insektlarver gjev også eit organisk restavfall. Desse restane, kalla larvefrass, inneheld restar av larvematen, insekthud frå skalskifte og insektavføring. Innhaldsstoffa i larvefrasset har potensiale til å verte høgverdige produkt med gjødslings, jordforbetrande, biostimulerande og plantestyrkande effekt på hagebruksplanter. Målet med dette prosjektet er å undersøkje 1) effekten av insektart, larvemat og forbehandling på næringsstoff og mikroorganismar i larvefrass, 2) påverknad av larvefrass på jordkvalitet og biologisk aktivitet i jord, og 3) påverknad av larvefrass på plantekvalitet og planteskadegjerarar. Til slutt skal produksjons- og marknadspotensialet for larvefrass vurderast. Både larvevekst og innhald i frass frå svart soldatfluge (BSF) varierar med maten larvene er fôra med. Analyseresultat viser at frass frå BSF fôra med grønsaker eller ølmask, begge aktuelle kjelder i insektoppdrett, har ulikt innhald av dei fleste mikronæringsstoff og metall. Effekten av insektart på innhald i larvefrass er testa i forsøk der BSF og mjølbiller har ete organiske materiale levert av Norinsect AS. Frasset vil verte analysert for samansetning av næringsstoff, kitin og kitosan. Analyseresultat er klare i 2022. Det har vore gjennomført veksthusforsøk med raigras dyrka i jord tilsett frass og gjort samanlikningar med både organisk- og mineralgjødsel. I tillegg er effekten av oppmaling av frass og tilsetjing av ekstra kalium, eit næringsstoff som kan vere låg i frass, undersøkt. Resultata viser at frass er ei svært god kjelde til plantenæring, at korkje oppmaling til finere partiklar eller tilsetning av ekstra kalium er naudsynt for å oppnå god vekst, og at dosering er lineært. Analysar av jordkvalitet er enno ikkje gjennomført. Effekt av frass på bioaktivitet og resistensutvikling i planter er i fyrste omgang undersøkt på vekst og resistens mot svartskurv i potet. Frass frå Pronofa AS er tilført jorda i ein konsentrasjon på 1g/L før planting av settepotet. Desse fyrste forsøka tyder på at larvefrass gjev 20% større avlingar enn smitta kontroll, gjev mindre sporulering av R. solani på stenglane og færre luftknollar som er eit symptom på redusert leiingsevne ved R. solani infeksjon. Undersøkingar av larvefrass som eit plantestyrkande middel i frukt starta 2021. Plommetre vart enten tilført frass i pottene (10 g/L torv) eller i vassløysing (2 g/100 ml) som vart sprøytt på trea. Trea var levert av Jåstad planteskule AS og larvefrasset av Invertapro AS. Både effekten på bladlus, midd og sjukdomen sølvglans vart undersøkt. Endring i utbreiing og storleik av populasjon av mjøla plommebladlus (Hyalopterus molitor) vart undersøkt over tid, både på tre som var kunstig infisert med bladlus og tre som ikkje var infisert. Det var ikkje forskjellar i infeksjon av bladlus på tre handsama med frass og tre som ikkje fekk tilført frass. Det var heller ingen effekt på bladmidd (Aculus fokei). Halvparten av trea som vart smitta med sølvglans starta å utvikla sjukdomen på bladverket, men det er for tidleg å seia noko om eventuelle effektar av frass. Liknande forsøk som vart utført i plommer, vart også gjennomført på epletre. Det var heller ikkje her synleg effekt av frass på bladlus (Aphis pomi). Det vart smitta med soppen som er årsak til frukttrekreft og om lag halvparten av skota utvikla sjukdomen. Effekt av frass er ikkje analysert enno. Frukt er ein fleirårig kultur og veks seinare enn dei fleste eittårige planter, og resultata er såleis ikkje overraskande. Forsøka vil gå vidare i 2022. Innhaldstoff i frass, enten ferskt eller løyst i vatn, er undersøkt. Resultata viser at kitin er tilstades i ei vassløysing av frass. Alle analysar er ikkje klare og ei direkte samanlikning av kitin, kitosan og næringsstoff mellom fersk og vassløyst frass er ikkje utført enno. Gjødslings- og fruktkvalitetseffekten av frass vart undersøkt i feltforsøk der plommetrea fekk tilført enten berre frass, standard økologisk gjødsel eller ei blanding av dei to. Frasset var levert av Ecoprot AS. Det vart registrert vekst gjennom sesongen, fruktkvalitet ved hausting og lagringsevne. Resultata er ikkje klare enno. Ein brei gjennomgang av regelverk for nye bioproduksjonar og spesielt biprodukt frå insektlarveproduksjonen er starta. Dokumentet vil verte ferdigstilt i 2022. Frass kan verte omsett som eit gjødselprodukt i ein marknad med nokre store aktørar og eit veksande innslag av produkt basert på biorest frå biogassproduksjon. Det kan gje grunnlag for samarbeid om marknadsføring av frass-produkt. Prosjektdeltakarar har hatt godt samarbeid og god informasjonsflyt gjennom digitale prosjektmøte og via felles gruppe på Teams der alle forskarar og bedrifter har tilgang til filer.

Produksjon av insektlarver som proteinkjelde til fôr er ei aukande næring globalt og no også nasjonalt. Insektlarver inneheld opp mot 50 % protein, og har evne til å leve på mange ulike organiske matkjelder. Produksjon av insektlarver gjev også eit organisk restavfall. Desse restane, larvefrass, inneheld restar av larvematen, insekthud og insektavføring. På grunn av innhaldstoff og funksjon har larvefrass potensiale til å verte eit høgverdig produkt med gjødlings-, jordforbetrande-, biostimulerande- og plantestyrkande evne. Prosjektet har som mål å utvikle eit høgverdig nytt produkt basert på organisk avfall. Saman med insektlarver til protein vil produkt av larvefrass gje 100 % utnytting av dagens organiske avfall, og gje insektbedriftene to bein å stå på. Ecoprot AS vil, saman med tre andre insektbedrifter og ein planteprodusent, skaffe dokumentert kunnskap, etablere eit erfarings- og kunnskapsbasert samarbeid og utvikle eit multifunksjonelt produkt. Gitt dagens prisar for gjødsel og plantevernmiddel vil ei vellukka produktutvikling basert på larvefrass utgjere ein verdi frå 200 mill til 2 mrd kroner. Korleis insektart, larvemat og forbehandling påverkar innhald av næringsstoff og mikroorganismar i frasset skal kartleggjast i prosjektet. Vidare skal effekten av ulike typar larvefrass på jordkvalitet, biologisk aktivitet i jord og plantevekst undersøkjast. Korleis frass påverkar plantekvalitet og motstandskraft mot planteskadegjerarar og stress skal undersøkjast både hjå næringspartnarar og under kontrollerte tilhøve. Resultata vil leggje føring på val av restråstoff og insektart hjå bedriftene. Verdiskaping og inntjening er avhengig av rammebetingelsar, eigenskapane til produktet og marknaden sin betalingsvilje. Marknadspotensiale for frassprodukt skal undersøkjast med intervju av marknadsaktørar på distribusjons- og kjøparsida, innhenting av pris, volum og produksjonskostnader og med vurdering av konkurranseevne basert på systemanalyse av marknaden for gjødsel.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

BIONÆR-Bionæringsprogram