Tilbake til søkeresultatene

FINNUT-Forskning og innovasjon i utdanningssektoren

INTERACT: Enhancing upper secondary students’ engagement and learning through video-based professional development on teaching interactions

Alternativ tittel: INTERACT: Videobasert utvikling av lærar-elev interaksjonar i klasserommet.

Tildelt: kr 20,0 mill.

Det som skjer i klasseromma avgjer kor god skulen er. Elevar i vidaregåande opplæring beskriv relativt konsistent og i aukande grad at dei er lite engasjerte og kjedar seg i undervisninga. Mange har planar om å slutte. Samtidig har vi for få lærarar, og mange lærarar opplever stor arbeidsbyrde og er slitne, uavhengig av covid-19 pandemien. Kan tiltak i skulen hjelpe på begge desse utfordringane samtidig? Det vil Interact-studien gi svar på. Studien vil undersøke korleis digital video-basert dialog kan støtte lærarar i arbeidet med å styrke interaksjonar i klasserommet for å auke elevane sitt engasjement og læring. Dialogane mellom den enkelte lærar og ein fagperson utanfor skulen vil særleg rette merksemda mot korleis lærarar kan støtte den faglege læringa til elevane, og bidra til konkretisering av arbeid med sentrale områder i dei nye læreplanane som problemløysing, metakognisjon og djupare forståing for lærestoffet. Dialogane vil i tillegg rette seg mot interaksjonar som fremmar emosjonell støtte til elevane, sikrar at tida til læringsaktivitetar vert godt utnytta og struktur og rutinar vert styrka. Intervensjonen er prøvd ut, og erfaringane frå pilotstudien dannar grunnlag for ein revisjon av intervensjonen i eit samarbeid mellom forskarane i prosjektet og lærarar og skuleleiarar i vidaregåande opplæring. Skuleåra 2022-2024 vert 100 lærarar og ei klasse/gruppe dei underviser (ca. 2000 elevar) invitert til å delta i Interact. Det første skuleåret gjennomfører vi intervensjonen, det andre året gjer vi ei oppfølgingsstudie for å undersøke om eventuelle effektar varer over lengre tid. Intervensjonen vert evaluert gjennom eit randomisert kontrollert forsøk der 50 lærarar og deira klasser/grupper gjennomfører intervensjonen, medan dei resterande 50 lærarane/klassene er ei samanlikningsgruppe som gjennomfører undervisning som vanleg. Etter at oppfølgingsstudien er avslutta, vil dei 50 lærarane i samanlikningsgruppa få tilbod om å gjennomføre intervensjonen.

Student engagement is a key contributor to school completion, yet upper secondary students consistently and increasingly describe themselves as disengaged and bored. Our intervention study will investigate how video-based online coaching can support teachers’ competences in teacher-student-interaction (TSI) and thereby improve student engagement and learning. Unlike many individual and family factors, TSI is open to improvement by the school community. The INTERACT online coaching intervention is designed to add to school- and team-based professional development (PD) for teachers. This is the first attempt to take school, team, and individual levels into account in a PD TSI intervention study. Understanding whether and for whom individual coaching adds to school- and team-level intervention will be crucial to improving teacher PD, which may increase student engagement and reduce school non-completion. The INTERACT intervention consists of 1) an online introductory module, 2) data-driven decision making, and 3) a guided video review process using teachers’ own practices as a starting point. Using digital solutions, we will provide teachers with equal opportunities for high-quality competence development in classroom interactions irrespective of their geographic location within the country. The INTERACT intervention is piloted at the upper secondary level. We will conduct a randomized controlled trial (RCT) with at least 100 teachers and their upper secondary students (n = 2,000). Teachers in the intervention classrooms will participate in the INTERACT intervention for a year as a supplement to school- and team-based PD. During the full implementation and follow-up, we will conduct an extensive implementation and process evaluation (IPE) to understand the INTERACT intervention’s effect on improvements to TSI and student engagement and learning outcomes. We will develop and validate much needed measurements for the investigation of implementation processes.

Aktivitet:

FINNUT-Forskning og innovasjon i utdanningssektoren