ReTPro (Rehearsing Teaching Professionally) har som overordna mål å bidra til å etablera ei grunnskulelærarutdanning der lærarstudentane får høve til å øva på å vera den fagleg utøvande læraren, også når dei er på campus. Lærarstudentane vekslar mellom å øva på, utøva, undersøkja og reflektera over si eiga og andre si undervisning for å utvikla rike og reflekterte faglege undervisningsrepertoar. Dette skjer i samspel med lærarutdannarar, lærarar, medstudentar og elevar. Me kallar ein slik arena for Øvingsrommet for å synleggjera at me utviklar og studerer kva det vil seia å arbeida øvingsbasert i lærarutdanninga og kva dette medfører for dei involverte.
I samarbeid med partnarskulane våre fokuserer me på inklusjonsdidaktikk, kritisk tenking og demokratisk medborgarskap. Sjølv om det er internasjonal semje om at demokratisk medborgarskap er ynskjeleg og bør fremjast som ein integrert del av skule og undervisning, er sjølve konseptet komplekst og ofte vanskeleg å få tak på. I tillegg til kvalifisering, vektlegg øvingane også sosialisering, der føremålet er å bli ein del av det sosiale fellesskapet, og subjektivisering, som dreier seg om autonomi og dømmekraft (Biesta, 2017). I ReTPro utviklar me difor studentane sine undervisingsrepertoar av målretta handlingar som tek vare på alle desse tre pedagogiske føremåla.
I første omgang er det eit mål å utvikla undervisningsrepertoar i matematikk og engelsk der me nyttar undervisningsmetodane læringsdialogen og pedagogisk drama for å møta Fagfornyinga sitt verdigrunnlag knytt til inklusjon og demokratisk medborgarskap. Læringsdialogen og drama er metodar som kvar på sin måte legg til rette for å utvikla dømmekraft gjennom dialogiske møte.
ReTPro er eit samarbeidsprosjekt mellom lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, Haugesund og Stord kommunar og tre grunnskular, ein i Haugesund og to på Stord. Me samarbeider også med universitetet i Aberdeen, Skottland og universitetet i Limerick, Irland.
ReTPro`s overall ambition is to establish a practice-based supportive framework for teacher education (TE) in which pre-service teachers (PSTs) are provided opportunities to develop diversity-sensitive didactics (DSD) as part of their professional teaching repertoires. This approach implies a systematic redefinition and restructuring of TE to implement ReTPro as an explorative analytic space, and rehearsal as a tool for learning teaching and for TE research.
In light of the current changes to TE in Norway, building on the insights from a pilot and wrestling to understand how best to bridge the gap between theory and practice, ReTPro will develop a conceptual space between practicum schools and teacher education at campus. We envision that ReTPro becomes a space where PSTs alternate between enacting and investigating their own and others’ teaching, all of which is supported and reflected on by teacher educators, school mentor teachers and peers.
While there is a general international consensus that democratic citizenship as a status and as a mode of behaviour is desirable and should be fostered as an integral component, the concept itself remains a complex and often elusive one. To meet this didactic challenge, we will elaborate on DSD as a strategy for exploring and developing democratic citizenship because DSD is based on students’ personal and cultural strengths, cognitive capacity and previous experiences and makes school learning relevant for them by drawing on their cultural knowledge, life experiences, frames of reference and languages.
Our vision is aligned with Biesta’s claim that teaching is also about giving students orientations to the world, qualification in terms of deep learning, socialisation in terms of becoming part of tradition and subjectification, in terms of autonomy and judgement. ReTPro therefore aims to develop PSTs’ diversity-sensititive teaching repertoires of purposeful actions where skills, qualities and dispositions are embodied.