Tilbake til søkeresultatene

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Improving conditions for agricultural management of drained peatlands while reducing GHG emissions (PEATIMPROVE)

Alternativ tittel: Betre agronomisk drift og reduserte klimagassutslepp på drenert myrjord

Tildelt: kr 4,4 mill.

Myrjord er ein viktig ressurs, særleg i grovfôrproduksjonen på Vestlandet og i Nord Norge. Ein del eigenskapar ved myrjord er positive for jordbruksdrift, slik som høgt innhald av plantetilgjengeleg vatn, men andre eigenskapar er utfordrande. Myrjord er vanskeleg å drenere, blir lett vassmetta, er utsett for jordpakking, overvintringsskader og låge avlingar, i tillegg til myrsynking og utslepp av klimagassar. Ved fornying av dreneringssystema på allereie dyrka myrjord trengst alternative metodar for å redusere klimagassutslepp og oppretthalde lokal fôrproduksjon i eit våtare klima. PEATIMPROVE sitt hovudmål er å betre forholda for jordbruksdrift på myrjord på same tid som klimagassutsleppa blir reduserte. I prosjektet skal ein studere ulike dreneringsmetodar, og spesielt omgraving som ein lovande metode for å beskytte myrjord mot nedbryting og legge til rette for effektiv produksjon. Hovudfeltforsøket blir i Fræna i Møre og Romsdal, men det er også planlagt feltaktivitet i Sortland (Nordland), Pasvik (Finnmark) og Våler (Innlandet) for å fange opp variasjon i klima, hydrologi og planteproduksjon. Hydrologiske målingar, klimagassmålingar, avlingsregistrering og kalkulering av lønnsemd og verdiskaping inngår. PEATIMPROVE vil oppdatere statistikk over myrjord i jordbruksdrift og estimere storleiken på myrjordsareal som er eigna for omgraving. Kombinert med resultat frå klimagassmålingar kan dette brukast til å oppskalerer effekten av alternative dreneringsmåtar på nasjonalt nivå. Formidling av resultat til næring og forvalting er ein viktig del av prosjektet. Prosjektet er eit samarbeid mellom NIBIO (prosjektleiar), NMBU, NORSØK, NLR og TINE SA (NO), Universitetet i Oulu, Luke (FI) og National University of Ireland (IE). PEATIMPROVE har brei økonomisk medfinansiering frå fylkeskommunar og ulike næringsaktørar.

Improving conditions for agricultural management of drained peatlands while reducing GHG emissions (PEATIMPROVE) is a 4 year interdisciplinary project. Peatlands used for agriculture emit greenhouse gases (GHG), are poorly drained and easily waterlogged leading to poor trafficability and lost yield and yield quality. Novel management approaches for existing shallow peatlands in Norway are urgently needed to limit GHG emission and to sustain forage based agricultural activity in rural Norway, where peatlands are important for farming. PEATIMPROVE will study different drainage options and “peat inversion” in particular as a promising management option for protecting peat from degradation while allowing for effective forage production. The focus will be on alternatives for already drained peat soil in need for renewal, but the research will also aim to answer more general challenges with agriculture on peat soil. We will set up a series of sites to study soil properties, soil physics, hydrology, forage production potential, GHG emissions and carbon balances. The selected sites are representative for the regions where forage production on peat soil is common representing climatically different conditions. The studies outline controlling factors and links between plants, soil hydrology and GHG emissions. PEATIMPROVE seeks to estimate the suitable area for peat inversion in Norway by synthesizing different public available data from soil mapping. We will integrate the results using spatial data, modelling, databases and stakeholder surveys for upscaling and generalization to assess drainage potential, climate change effects, costs and benefits of “peat inversion” and the potential for GHG mitigation. The results are communicated professionally throughout the project. The project is a collaboration between NIBIO (lead), NMBU, NORSØK, NLR and TINE SA (all NO), Univ. of Oulu and Luke (FI), and National Univ. of Ireland (IE). A PhD student will be employed in the project.

Aktivitet:

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri