Tilbake til søkeresultatene

IS-AUR-Samarb.progr. Norge Frankrike

Drug repurposing for improved therapy of myeloid cancers

Tildelt: kr 73 000

Behandling av myeloide kreftformer er særskilt krevjande av fleire grunnar. Dei fleste pasientane er eldre, og toler ikkje optimal behandling. Dei får difor mildare behandling enn yngre pasientar. Det vil difor vera ein større risiko for at behandlinga ikkje lukkast, og at ein får terapi-resistent tilbakefall. I tillegg vil alle pasientar, både unge og eldre vera prega av biverknader frå behandlinga fleire år etter avslutta terapi. For nokre pasientar er dei prega for resten av livet. Dette er særskilt alvorleg for born som gjennomgår cellegift-behandling. Me ynskjer å nytta nanobærarar til å betra behandlinga av myeloide kreftformer. Ved å innkapsla legemiddel i nanobærarar, skjermar ein friske organ for eksponering av cellegifter, samstundes som det er mogeleg å retta nanobærarane til å akkumulera i organ som er råka av kreft, d.v.s. beinmargen for myeloide kreftformer. Nanobærarar som liposom er allereie nytta som legemiddelbærar for cellegift for å redusera hjartetoksisitet hjå kreftpasientar. I tillegg er det mogeleg å innkapsla fleire legemiddel i samme nanobærar slik at ein får samstundes levering av ein cocktail av cellegifter til kreftcellene. Me ynskjer å etablera eit samarbeid med ein av dei leiande forksingsinstitusjonane i Europa innan nanoformuleringar, Institut Galien, ved Univ. Paris-Saclay. Dei har utvikla metodar for å innkapsla legemiddel som har ulike fysikalsk-kjemiske eigenskapar, og som kan tilpassast fleire ulike molekyl. Dette er sentralt i prosjektet, for me ynskjer å finna molekyl med best mogeleg aktivitet, uavhengig av kjemiske eigenskapar. Ved prosjektslutt forventar me å ha ein eller to nanoformuleringar med eitt eller fleire legemiddel, der me har demonstrert effektivitet mot myeloide kreftceller, samt redusert biverknader.

Budsjettformål:

IS-AUR-Samarb.progr. Norge Frankrike