Tilbake til søkeresultatene

ENERGIX-Stort program energi

SUn in Norway: POtential and INTegration of the solar energy resource

Alternativ tittel: Sol i Norge: Potensial og integrasjon av solenergiressursen

Tildelt: kr 5,8 mill.

Prosjektleder:

Prosjektnummer:

320750

Prosjektperiode:

2021 - 2024

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

SUNPOINT skal gjere norske aktørar betre utstyrt for å gripe vekstmoglegheitane som ligg i den norske solenergibransjen. Ved å utvikle betre datagrunnlag, verktøy og analysar for evaluering av den norske solressursen, vil prosjektet tilrettelegge for meir presise og tilgjengelege energiutrekningar for solkraft i Noreg, både for enkeltanlegg og for overordna estimat retta mot beslutningstakarar. Desse måla vil bli nådd gjennom tre komplementære deloppgåver. 1) Innstråling - Meteorologisk Institutt vil utnytte si breie kompetanse på numeriske vérprediksjonar (modellane som er bakgrunn for vérmeldingar) til å produsere betre verdiar for solinnstrålinga i Noreg. Meir presise innstrålingsdata vil bli generert ved å utvikle nye metodar for numeriske vérprediksjonar tilpassa til utrekning av solinnstråling. Dei oppdaterte utrekningane vil bli forbetra ved hjelp av bakkeobservasjonar, satelittdata og himmelkamerabileter. 2) Energiutrekningar - Gode solinnstrålingsverdiar er viktig for energiutrekningar, men ikkje heile biletet. Oversetjing av innstråling til energi avheng nemleg av ei mengde ulike algoritmar og hensyn. IFE skal kartleggje og evaluere dei ulike metodane for oversetjing. Basert på denne evalueringa vil prosjektet gi ei regionalt oppløyst anbefaling på framgangsmåten ein bør bruke når ein skal estimere energiproduksjon frå eit solkraftanlegg. 3) Integrasjon - Med presise energiberekningar for heile Noreg, vil IFE kartleggje det tekniske potensialet for norsk solenergi. Det tekniske potensialet vil bli nytta til å undersøkje korleis solressursen kan utnyttast på ein samfunnsøkonomisk bærekraftig måte, med hensyn til installasjon (kva type bygningar bør ein utnytte? korleis bør solpanelane vere vinkla? kva retning bør dei vere vendt?), fleksibiltetsbehov, og solenergi sin påverknad på andre energikjelder. Prosjektet vil med denne heilheitlege tilnærminga gi gode beslutningsgrunnlag for aktørar i heile solenergibransjen frå utviklarar til politikarar.

Photovoltaics (PV) is rapidly taking a larger share of the Norwegian electricity generation mix and is expected to become a substantial part of the Norwegian energy mix. In the project SUNPOINT, Institutt for Energiteknikk and Meterologisk Institutt have joined forces in order to expand the knowledge about the solar resource in Norway, specifically the potential for PV generation. SUNPOINT will produce state of the art solar resource database combining novel numerical weather prediction models with data from satellite images and all available weather stations in Norway. In the process, we will also identify the inaccuracies of existing databases, and develop improved algorithms for translating weather data to electricity generation to provide more reliable values for the potential of PV electricity generation in Norway. The enhanced insight on the potential of PV generation in Norway will subsequently enable profound analysis on how to cost-efficiently integrate this resource into the Norwegian energy system. An important result from the project will be an knowledge based recommendation standards for PV system planning. The project aims to provide new knowledge on the potential for PV power generation relevant for the Norwegian solar industry, policy makers and the Norwegian energy sector. Hence, all are involved as stakeholders (NVE, EnergiNorge, Norconsult, Solcellespesialisten and Solenergiklyngen).

Aktivitet:

ENERGIX-Stort program energi