Tilbake til søkeresultatene

BALANSE-Kjønnsbalanse i toppstillinger og forskningsledelse

Kvinneløftet

Alternativ tittel: Promotion for women

Tildelt: kr 1,00 mill.

Den årlege tilstandsrapporten for høgare utdanning og nyare forsking viser at det framleis er meir sannsynleg at mannlege enn kvinnelege førsteamanuensar vert professorar. Kjønnsbalanse i akademia er viktig utifrå perspektiv som likestilling, demokratiske ideal, nasjonale mål, forskingsrelevans og forskingskvalitet. I perioden for Balanseprosjektet «Kvinneløftet» har Høgskulen i Volda (HVO) auka delen kvinner med toppkompetanse frå 25 % til 37 %. I 2022 har HVO fleire kvinnelege professorar og dosentar enn gjennomsnittet i sektoren. HVO har dermed raskt fjerna seg frå å vere blant dei institusjonane med lågast kvinnedel blant dei toppkompetente. Ved Høgskulen i Volda har det vore naudsynt med målretta tiltak både for å auke delen kvinner i vitskaplege toppstillingar og for at fleire kvinner skulle få forskingsleiingskompetanse. Dette prosjektet har ikkje handla om å kvotere, men om å motivere kvinner til å satse på ein akademisk karriere og å ha støttande strukturar i arbeidet med opprykk til toppkompetanse. Gjennom tildelinga frå Balanseprogrammet og deltakinga i Balansenettverket fekk HVO betre kapasitet og kunnskap til å analysere utfordringane med manglande kjønnsbalanse. Hovudtiltaka i Kvinneløftet har vore opprykksseminar og ei mentorordning for dei som har jobba med opprykkssøknader til toppkompetanse og eit program for kompetansebygging for forskingsgruppeleiarar. Vi har også etablert eit lokalt kvinnenettverk som har hatt fire treff i året i prosjektperioden. Høgskulen i Volda har vore mellom dei UH-institusjonane som har hatt utfordringar med å få ein kjønnsbalanse. Samstundes har vi mange kvinnelege førsteamanuensar som publiserer og som kan oppnå toppkompetanse med riktig støtte og motivasjon. HVO har gode opprykksprogram i form av professorstipend (gir like mykje forskingstid og driftsmidlar som eit Ph.d.-stipend) og FoU-stipend (semester med 100% forskingstid). Dei siste åra har kvinner vore tildelt omlag halvparten av midlane frå desse interne ordningane. Denne interne støtta gir mykje forskingstid og moglegheit for å bygge kompetanse hos den enkelte, men den endrar ikkje strukturane som gjer det vanskelegare for kvinner å verte professor. Fram til no har ordningane heller ikkje vore brukt strategisk til å prioritere stipend til det underrepresenterte kjønnet. HVO treng meir framoverlente tiltak for å gjere kjønnsbalansen enno betre. Vi treng i større grad å involvere leiarane og å vurdere arbeidstilhøva i arbeidet for kjønnsbalanse. Treffa i det nasjonale Balansenettverket har bidrege med erfaringsutvekslingar og idear til nye tiltak, og denne inspirasjonen vil vi også nytte i det vidare arbeidet for ein god kjønnsbalanse i dei vitskaplege toppstillingane ved Høgskulen i Volda.

Ved Høgskulen i Volda har delen kvinnelege professorar og dosentar auka frå 25 % i 2020 til 37 % i 2022. Vi har ikkje oppnådd kjønnsbalanse, men HVO ligg no over gjennomsnittet i sektoren. Gjennom prosjektet "Kvinneløftet" har HVO sett fokus på tiltak som forsking har vist at fungerer for å nå måla våre om større kjønnsbalanse. Vi har også auka delen kvinner som er leiarar for forskingsgrupper frå 36% i 2020 til 49% i 2023. Kvinnenettverket ser ut til å vere eit positivt tiltak for auka medvit om fordelane med kjønnsbalanse og eit diskusjonsforum for kva hinder som kan oppstå på vegen. Balanseprosjektet ved HVO har også vore nytta i forsking på kjønnsbalansetiltak. Prosjektet og auken i kvinner med toppkompetanse har vorte formidla i formidlingskanalar som er viktige for regionen, og dei kvinnelege professorane og dosentane ved Høgskulen i Volda er viktige rollemodellar for studentar, andre tilsette og ålmenta.

«Kvinneløftet» er kjønnsbalanseprosjektet til Høgskulen i Volda og gir tilgang til BalanseHuben (2021-2022), Forskingsrådet si nettverksstøtte. Formålet med «Kvinneløftet» er å doble talet på kvinnelege tilsette med toppkompetanse og å få fram fleire kvinnelege forskingsleiarar. HVO har utfordringar med kjønnsbalanse på fleire avdelingar, og deltakinga i BalanseHuben vil vere med på å sette fokus på korleis HVO skal arbeide for å nå måla om kjønnsbalanse gjennom å motivere og støtte kvinner til å satse på ein forskarkarriere gjennom eit nytt kvinnenettverk ved HVO. I prosjektet deltek tre sentrale leiarar, forskingssjefen og to dekaner, som har moglegheit til å jobbe for å betre kjønnsbalansen ved HVO. Vi søker også om ein stillingsressurs i 25% som skal jobbe prosjektbasert med kjønnsbalanse i to år som forskingsrådgivar. Forskingsrådgivaren skal etablere og organisere kvinnenettverket ved HVO og jobbe tett med forskingssjef og den øvrige leiinga om aktuelle tiltak. HVO har gode opprykksprogram i form av professor- og FoU-stipend, og dei siste åra har kvinner vore tildelt halvparten av midlane frå desse ordningane. Dei gir mykje forskingstid og høve til å bygge kompetanse hos den enkelte, men endrar ikkje strukturane som gjer det vanskelegare for kvinner å oppnå toppkompetanse. Forsking og statistikk viser at det er høgare sannsynlegheit for at mannlege enn kvinnelege førsteamanuensar vert professorar. Vi ser at vi må gå inn med meir strategisk styring og fleire tiltak for å auke kvinnedelen, og at vi må arbeide målretta med strukturelle, kulturelle og historiske årsaker til manglande kjønnsbalanse. Det handlar ikkje om å kvotere, men om å motivere kvinner til å satse på ein akademisk karriere og å ha dei rette strukturane på plass for å støtte dei i dette. Dei mest sentrale utfordringane vi forventar å møte i prosjektet er nettopp å finne dei gode løysingane som gjer at kvinner får moglegheit til å prioritere eit karriereløp som fører til toppkompetanse.

Budsjettformål:

BALANSE-Kjønnsbalanse i toppstillinger og forskningsledelse

Finansieringskilder