Tilbake til søkeresultatene

KLIMAFORSK-Stort program klima

15 klimaforedrag a 15 minutt der ein forskar presenterer eit aktuelt tema knytt til klimaendringane og klimaomstillinga av samfunnet.

Tildelt: kr 0,25 mill.

Prosjektnummer:

321698

Prosjektperiode:

2021 - 2021

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Klimakvarteret er ein digital formidlingsserie i femten delar. I kvar del presenterer ein ny forskar eit konkret tema knytt til det breie klimafeltet. Sjølve foredraget er på 15 minutt. Klimakvartera blei sendt direkte i 2021, men er no tilgjengeleg som opptak via Youtube. Norsk klimastiftelse er ansvarleg utgjevar.

Klimakvartera har vore særs populære og har bidrege til auka faktaformidling i offentlegheita. Vonleg vil dei få eit langt digitalt liv. Vi har distribuert omlag halvparten av Klimakvartera til lærarar i skulen. Dette arbeidet skal vi halde fram med i 2022. Vi har også fått positive tilbakemeldingar frå einskilde verksemder som har brukt Klimakvarteret som utgangspunkt for interne faglunsjar. Klimakvarteret hadde eit nokså stramt format, for nokon av forskarane var dette litt uvant. Som konsekvens har prosjektet leverte ein god dose med skulering i presentasjonsteknikk.

I vår testa Klimastiftelsen ut ein pilot basert på eit nyutvikla formidlingskonsept vi kalla «Klimakvarteret». Konseptet gjekk ut på å la ein forskar snakke om eit aktuelt tema i 15 minutt - etterfulgt av spørsmål. I piloten var temaet «Klimamyter» og innleiar var professor Helge Drange frå Bjerknessenteret for klimaforsking. I alt 500 personar følgde arrangementet direkte. Vi ønsker å gå frå pilot til prosjekt, og det er det vi søker støtte til frå Forskingsrådet. Konkret ønsker vi å levere 15 Klimakvarter-episodar a 15 minutt i 2021 - med oppstart i januar. Vi skal rekruttere forskarar frå minst 5 ulike nasjonale forskingsintitusjonar og skal ha god balanse i kjønn og alder. Kvar episode skal ta for seg eit relevant tema relatert til klimaendringane (problem) eller omstillinga av samfunmnet som følgje av klimaendringane (løysingar). Etter presentasjonen må forskaren svare på spørsmål frå publikum og programleiar. Det heile har ei ramme på eit kvarter. Tematisk vil vi balansere mellom klimaproblem og løysing. Vi kjem til å ha med forskarar frå ulike fag og disiplinar. I tillegg til solid fagleg innhald vil sjåaropplevinga bli ein viktig suksessfaktor, det vil seie at arrangementet engasjerar tilhøyrarane og at det ser proft ut, sjølv om forskaren sit heime eller på arbeidsstaden. Her vil vi ta i bruk den kompetansen som vi finn i Media City Bergen - der Klimastiftelsen har hovudkontor. Vi søker også om pengar til å utvikle ein quiz til kvart klimakvarter - for å gje opptaket av Klimakvarteret ein ekstraverdi, særleg i skulen. Klimastiftelsen har langt erfaring med forskingsformidling gjennom prosjektet tograder.no, som mellom anna inkluderer distribusjon av klimakunnskap mot skulane i samarbeid med UiB, NTNU, NHH, UiS og Bjerknessenteret. Distribusjonskrafta vi har utvikla gjennom tograder.no-prosjektet vil også tene «Klimakvarteret» godt. Det gjer blant anna tilgang til lærarar over heile landet som alt kjenner oss.

Budsjettformål:

KLIMAFORSK-Stort program klima