Tilbake til søkeresultatene

FORREGION-Forskningsbasert innovasjon i regionene

FORREGION VESTLAND – MOBILISERING TIL MEIR FORSKING I BEDRIFT

Tildelt: kr 6,0 mill.

2021 har vore eit godt år for FORREGION arbeidet i Vestland fylke. Vi har i stor grad nådd dei måla som var sett for arbeidet. Ein samarbeidsavtale mellom Vestland fylkeskommune, Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet var på plass i januar, og prosjektet har derfor hatt aktivitet i alle året sine 12 månader. Strategiske grep med å involvere klynger, næringshagar, inkubatorar og kapasitetsløft i gjennomføring av nettverksmøte (FoU-møte i Vestland) har vore vellukka, med heile 10 slike møte organisert og spreidd ut over store delar av fylket. Vi har gitt tilsegn til 10 forprosjekt og 6 mobilitetsprosjekt. Samla er det høgare aktivitet enn budsjett, noko som er kompensert av ekstra midlar frå Vestland fylkeskommune. Det er også gjennomført 2 digitale prosjektverkstader saman med RFF og Forskingsrådet. Prosjektleiar har organisert ei gruppe med deltaking frå koordinator ved Vestlandsforsking, høgskulen, dei regionansvarlege i Forskingsrådet og personar i fylkeskommunen. Gruppa har hatt digitale møte kvar veke, og har fungert som eit vitalt nav både for gjennomføringa av FORREGION Vestland, men også som plattform for samarbeidet med RFF, Forskingsrådet og andre verkemiddel. Slik koordinering er eit viktig resultatmål for FORREGION arbeidet. Dei gode erfaringane vert vidareført i 2022.

147 unike prosjektinitiativ der enkeltbedrifter er involvert i kompetanse-mekling ? 1:1 eller mindre grupper 10 nettverksmøte i samarbeide med andre 6 mobilitetsprosjekt 10 FORREGION forprosjekt i forskingsumodne bedrifter. 2 prosjektverkstader saman med regionansvarlege i Forskingsrådet og RFF Vestland Bidratt til 11 innsendte forprosjekt/ kvalifiseringssøknader frå bedrifter til RFF Vestland og Forskingsrådet. Arbeidet med 8 andre initiativ sammen med bedrift. Bidratt til 17 søknader til IPN og andre hovudutlysingar i Forskingsrådet og RFF Bidratt til 2 søknader til Horisont Europa og i tillegg nokre initiativ som kan resultere søknad. Mobilisering av fleire kvinner til deltaking i innovasjonsarbeidet; 8 av 12 i FORREGION partnarskapen er kvinner (66%). 45 % av deltakarane på våre prosjektverkstader i 2021 var kvinner. Men for bedrifter/prosjektinitiativ i kompetansemekling er kvinnedelen berre 21 %. Denne siste burde vore høgare.

Bedrifter i Vestland fylke nyttar ikkje forsking som verktøy i sine innovasjonsprosessar i den grad ein kan forvente gitt næringsstruktur og kunnskapsmiljø. Forregion Vestland skal bidra til ei endring av dette. Med meir bruk av forsking skal bedriftene i Vestland fylke kunne auke nytten av naturgjevne føresetnader og sterke teknologi- og kompetansemiljø til å utvikle eit klimanøytralt, konkurransedyktig og berekraftig næringsliv med fleire arbeidsplassar og god omstillingsevne. Prosjektet er del av fylkeskommunen si langsiktig satsing på forskingsmobilisering. medan denne søknaden gjeld aktivitet i 2021. Kompetansemekling vil vere hovudaktiviteten i prosjektet og er vesentleg i forhold til alle aktivitetane i FORREGION Vestland. Nettverksmøte skal vere spissa slik at deltakarane saman arbeider med konkrete problemstillingar der forsking kan ha potensial for å løyse ut innovasjon og verdiskaping. I FORREGION Vestland ønskjer vi å samarbeide med næringshagar, inkubatorar, klynger og kunnskapsparkar om Nettverksmøte og som god arena for å utøve verkemiddel i FORREGION. Mobilitet er ein aktivitet FORREGION Vestland ønskjer å bruke til hospitering frå bedrift til FoU- organisasjon eller «Forskar til låns» frå FoU-organisasjon til bedrift. Vi legg ikkje opp til studentmobilitet. Forprosjekt har vist seg å fungere som ein viktig faktor i «forskingstrappa», der bedriftene får høve til å avklare nokre første innleiande problemstillingar saman med forskar. FORREGION Vestland skal arbeide for å redusere geografiske skiljeliner med omsyn til bruk av forsking i det nye fylket (delmål 3), og søke målretta involvering av aktørar med komplementær rolle og kompetanse knytt til økosystem for innovasjon. Vestland fylkeskommune skal gjennomføre FORREGION Vestland i partnarskap med Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Vestlandsforsking, som tek med seg mykje erfaring og høg kompetanse innan arbeid med mobilisering til forsking i bedrifter.

Budsjettformål:

FORREGION-Forskningsbasert innovasjon i regionene