Tilbake til søkeresultatene

FORSTERK-Forsterkningsmidler

Piloting Multi MW Ammonia Ship Fuel Cells - ShipFC

Tildelt: kr 0,98 mill.

Prosjektnummer:

322674

Prosjektperiode:

2021 - 2022

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

ShipFC-prosjektet skal utvikla og pilotera eit 2MW brenselcellesystem drive av ammoniakk på eit offshore-supplyfartøy. Ammoniakk som maritimt drivstoff gjennom ein brenselcelleløysing, har aldri blitt demonstrert tidlegare i storskala. Val av ammoniakk som energiberar kan vera gunstig av fleire grunnar. Produksjon og transport av ammoniakk eksisterer i dag, ettersom ammoniakk har andre bruksområde som gjødsel. Ammoniakk har også lågare vekt enn samanliknbare energiberarar som f. eks hydrogen og er enklare og meir fleksibelt å lagra og transportera. Hovudmålet til ShipFC er å validera at det er mogleg med nullutsleppsløysingar for større fartøy. Gjennom prosjektet skal eksisterande brenselcelleteknologi skalerast opp til 2MW, vidare skal heile systemet integrerast om bord på fartøy gjennom retrofitting. Når brenselcellesystemet er installert skal det testast og opererast gjennom ein 12 månadars periode. I tillegg til pilotfartøyet, har me fleire replikatorar i prosjektet for å klargjera moglegheita for oppskalering til enda større skipstypar (20MW). Vidare vil konseptet bevisast i kommersiell bruk gjennom ein kontrakt på skipet mellom Eidesvik og Equinor. Gjennom Forsterkningsprosjektet har me styrka partnarar sitt nettverk nasjonalt og internasjonalt og sikra kunnskapsdeling med andre relevante ammoniakkrelaterte prosjekt. Det har me gjort gjennom å arrangera og delta på fleire møteplassar, som konferansar, messer, politiske arenaer og andre type arrangement kor ShipFC kan promoterast for relevante aktørar. Me har også lagt opp til opne arrangement, for å sikra at eit breiare publikum av aktørar kan få info om prosjektet.

Følgjande verknader og effektar har vore resultat av forsterkingsprosjektet: - Auka bidrag til at norsk industri blir fremja som leiande når det gjeld utvikling av maritime brenselcellesystem med ammoniakk som energiberar. - Aktiv kommunikasjon og formidling av ShipFC. Det har sikra kunnskaps- og erfaringsoverføring til anna norsk og internasjonal industri, spesielt rederi og verft. - Styrka internasjonaliseringa for partnarar og norsk industri, det har vore gjennomført fleire opne workshopar og arrangement i andre land. - Auka moglegheiter for meir satsing på etablering av grøn ammoniakkproduksjon og infrastruktur.

Fleire viktige organisasjonar, mellom anna DNVGL og andre leiande maritime miljø, hevdar at ammoniakk er det mest lovande karbonfrie drivstoff alternativet. Grunnane til det er kvalitetane til ammoniakk som høg energitett, eksisterande produksjon og moglegheiter for å produsera grøn ammoniakk frå billig straum. Gjennom EU-prosjektet ShipFC validerer me teknologien i storskala gjennom installasjon av 2MW brenselcelle som går på ammoniakk om bord på eit offshore supply skip. Gjennom Forsterkningsprosjektet skal me sikra at resultata frå EU-prosjektet blir spreidd ut og formidla i mykje høgare grad enn utan ekstra-finansiering. Ekstra midlar gjer det mogleg å nå ut til enda fleire interessentar, som kan vera eit viktig bidrag til at teknologien kommersialiserast og tas i bruk i større skala. Me ønsker at nullutsleppsløysingar innanfor shipping skal skalerast opp, og spesielt at norske verft og rederi skal heva sin kompetanse innanfor produksjon og operasjon av ammoniakk-drevne fartøy. Det skal Forsterkningsprosjektet vera med å bidra til gjennom deltaking på arrangement for å spreie prosjektresultat, samt arrangera opne workshops for å sikra erfaringsoverføring. Auka formidling av prosjektet retta mot politiske miljø, vil også kunne legga til rette for betre incentiv og rammeverk for maritim miljøteknologi, som gagnar norsk industri generelt. Gjennom Forsterkningsprosjektet skal prosjektpartnarar styrka sin kunnskap om teknologi som skal utviklast gjennom prosjektet, noko som vil vera positivt for framdrift i EU-prosjektet.

Budsjettformål:

FORSTERK-Forsterkningsmidler

Finansieringskilder