Tilbake til søkeresultatene

FORSTERK-Forsterkningsmidler

Kommunikasjonsaktivitet “Transport – Advanced and Modular” (TrAM)

Tildelt: kr 1,0 mill.

Prosjektnummer:

322688

Prosjektperiode:

2021 - 2022

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

TrAM-prosjektet fekk i 2018 12 millionar Euro frå Horizon 2020 programmet i EU, for å innføre nye teknologi i bygging og drift av hurtigbåtar. Norske samarbeidspartnarar i prosjektet er Rogaland Fylkeskommune (koordinator), Hydro, Servogear, Wärtsilä, Leirvik og Fjellstrand, saman med Maritime CleanTech. I tillegg deltar europeiske partnarar som MBNA Thames Clippers (UK), University of Strathclyde (UK), Fraunhofer IEM (Tyskland), National Technical University of Athens (Hellas), HSVA (Tyskland) and Waterwegen & Zeekanal NV (Belgia). Hovudmålet med forsterkingsmidlane er å presentere resultata av den nye fabrikasjonsmetodikken, for å vise korleis norske verft kan bli meir konkurransedyktige i bygginga av framtidas utsleppsfrie fartøy. I eit lengre tidsperspektiv, skal prosjektet bidra til at norsk industri forsterkar sin posisjon som verdsleiande innanfor utsleppsfri maritim industri. Norge er kjent som landet som løyste batteriteknologi på elektriske ferger. Med TrAM har ein tatt dette vidare til hurtigbåtar. Prosjektet har vist at utsleppsfrie tekonologiar kan gjerast konkurransedyktige, bli meir standardisert og kunne overførast til ulike typar fartøy. I dette prosjektet har me drive aktiv formidling til beslutningstakarar og politikarar om teknologisk utvikling, t.d. i høyringar, direkte kontakt med politikarar osv. Forsterkningsprosjektet har også sørga for internasjonal promotering på relevante messer.

EU-finansieringa har støtta utvikling og testing av banebrytande metodar og teknologiar, og forsterkingsprosjektet har bidrege til å visa fram effektar av prosjektet i Noreg og moglegheitene for norsk industri. Det har vore særleg viktig å dela erfaringar og kunnskap med andre norske industriaktørar, slik at desse aktørane også kan posisjonera seg for å bidra med fleire nullutsleppsfartøy og kostnadseffektiv produksjonsmetodikk. Kunnskaps- og erfaringsdeling har vore ein viktig effekt relatert til forsterkingsprosjektet, og det har vore gjennomført fleire opne workshopar og seminar. Internasjonaliseringsaktivitetar har vore særleg viktige, og knytte til både EU- og forsterkingsprosjektet. Gjennom ulike arrangement har norske partnarar styrka nettverket sitt og lagt til rette for kommersialisering av nye løysingar i nye marknader.

TrAM-prosjektet fekk i 2018 12 millionar Euro frå Horizon 2020 programmet i EU, for å innføre nye teknologi i bygging og drift av hurtigbåtar. Norske samarbeidspartnarar i prosjektet er Rogaland Fylkeskommune (koordinator), Hydro, Leirvik og Fjellstrand, saman med NCE Maritime CleanTech. I tillegg deltar Europeiske partnarar som Wärtsilä Holland (Nederland), MBNA Thames Clippers (UK), University of Strathclyde (UK), Fraunhofer IEM (Tyskland), National Technical University of Athens (Hellas), HSVA (Tyskland) and Waterwegen & Zeekanal NV (Belgia). Hovedmålet med forsterkningsmidlane er å presentere resultata av den nye fabrikasjonsmetodikken, for å vise korleis Norske verft kan bli meir konkurransedyktige i bygginga av framtidas utsleppsfrie fartøy. I eit lengre tidsperspektiv, skal prosjektet bidra til at norsk industri forsterkar sin posisjon som verdsleiande innanfor utsleppsfri maritim industri. Norge er kjent som landet som løyste batteriteknologi på elektriske ferger. Med TrAM skal utsleppsfri tekonologi gjerast konkurransedyktig, bli meir standardisert og kunne overførast til mange fleire ulike typar fartøy. For å formidle resultata frå prosjektet utover prosjektgruppa vil det vere viktig å benytte digitale kommunikasjonsplattformer, delta i ulike digitale forma, presentere fartøyet og konstruksjonsmetoden på messer og konferansar. Det er også ei rekkje ulike Norske og internasjonale grupper og nettverk som kan ha nytte av resultata frå prosjektet. MCT ønskjer å organisere ein offentleg workshop for å få får til ein dialog med reiarlag, verftsindustri og FoU-miljø, for å formidle mogleheitene i prosjektet. Prosjektet tar sikte på å drive aktiv formidling til beslutningstakarar og politikarar om teknologisk utvikling, t.d. delta i høyringar, direkte kontakt med politiske fora. Forsterkningsprosjektet ønskjer også at bedriftene som deltar i arbeidet med tilsvarande fartøy reiser på studietur til London og Belgia for å sikre erfaringsutveksling.

Budsjettformål:

FORSTERK-Forsterkningsmidler

Finansieringskilder