Tilbake til søkeresultatene

OFFPHD-Offentlig sektor-ph.d.

Læringsbrett i matematikkundervising på 3.trinn - innsikt i læringspotensiale utifrå eit elevperspektiv.

Alternativ tittel: Learning tablets in teaching mathematics at 3rd grade - insight into learning potential from a student perspective.

Tildelt: kr 1,8 mill.

Prosjektnummer:

322970

Prosjektperiode:

2021 - 2025

Midlene er mottatt fra:

Organisasjon:

Digitale reiskap i klasseromma aukar i tilgjengelegheit og synlegheit. Etter at den grunnleggjande ferdigheita om å bruke digitale reiskap i 2006 vart vedteke å skulle integrerast i kompetansemåla, har satsinga kring digitale reiskap auka stort. Sidan 2006 har mange kommunar gjort innkjøp av digitale reiskap med føremål om å nyttiggjere desse i undervisingssamanheng. Ved skulestart 2020/2021 innførte òg Voss herad ei digital satsing, gjennom ein-til-ein-dekning av læringsbrett for alle elevar i 2. og 3.trinn. Med denne satsinga skal Voss herad gjennomføre ei undersøking, med føremål om å gå nærare inn i forskingsfeltet knytt til bruken av læringsbrett i matematikkundervisning på småtrinnet. Undersøkinga vert sett i ljos av fagfornyinga (Kunnskapsløftet 2020) og skal gjennomførast lokalt i Voss herad. Denne undersøkinga skal søkje å få innsikt i kva læringspotensiale som ligg i det å nytte læringsbrett i matematikkundervisinga på 3.trinn. Det vert lagt til grunn eit elevperspektiv når det skal undersøkast kva som kjenneteiknar dette læringspotensialet. For å få innsikt i opplevingar og erfaringar elevar kan få ved læringsbrettaktivitet, skal det søkast etter læringspotensiale gjennom to inngangar. Ein inngang søker innsikt i læringspotensiale knytt til elevarbeid i aktivitet med læringsbrett. Den andre inngangen søker innsikt i læringspotensiale knytt til elevrefleksjon om aktivitet med læringsbrett. Fleire av dei nasjonale undersøkingane som er gjort knytt til innføring av ein-til-ein-dekning av nettbrett, tek utgangspunkt i eit lærar- eller interkommunalt perspektiv. Det er søkt etter, men funne lite forsking som dokumenterer kva potensiale som faktisk finst ved bruk av digitale reiskap i matematikkundervisninga både nasjonalt og internasjonalt (Fosstrôm og Kaufmann, 2018). Ein studie som rettar seg mot dette området kan difor ha stor verdi for å bidra til å tetta eit hol i forskinga og ha direkte bruksverdi for undervising i skule og lærarutdanning.

Det vart i Voss herad politisk vedteke å løyve midlar til ei stor satsing på digitale læremiddel. Eit stort innkjøp av læringsbrett vart gjort, slik at ein sikra ei ein-til-ein-dekning for alle 2. og 3.klassingar i heradet. Gjennom ei slik ein-til-ein-dekning/satsing/tilnærming, ynskjer Voss herad å gå nærare inn i forskingsfeltet knytt til temaet matematikkundervisning på småtrinnet. Målet for undersøkinga er å skaffe innsikt i læringsmogelegheiter som ligg i matematikkundervisinga som kan identifiserast ut ifrå eit elevperspektiv. For å best svare på dette vil Voss herad nytte ei kvalitativ tilnærming. Undersøkinga vil føregå på 3.trinn, og det vert søkt innsikt i temaet gjennom to inngangar. Fyrste inngang skal søke etter læringsmogelegheiter gjennom ei kvalitativ tilnærming der ein serie observasjonar av elevarbeid vil stå i fokus. Ut ifrå observasjonane vert aktuelle arbeidssituasjonar valde ut. Arbeidssituasjonane vil vere utgangspunkt for inngang to, der det vert søkt djupare innsikt gjennom fokusgruppeintervju og semistrukturerte intervju med enkeltelevar. Då kan ein gå i djupna i elevane sine opplevingar og erfaringar med bruk av læringsbrett i matematikkundervisinga. Dette kan inkludere samarbeid, individuelt arbeid, lekser, og liknande. Gjennom intervjua er det ynskjeleg å skaffe ei breiare innsikt i kva elevane erfarer som positivt og negativt ved bruken av læringsbretta. Det er planlagt observasjon på tre skular, gjennom eitt år. Ei triangulering ved å samle inn data observasjon, intervju og analyse kan gje innsikt i verdifulle moment som elevar påpeiker ved matematikkundervisninga. Det er desse verdifulle momenta som i denne avhandlinga kan gje eit grunnlag for å seie noko om læringsmogelegheitene til læringsbretta. Ved ferdigstilling av prosjektet ynskjer heradet å sitte att med kompetanse som kan nyttast i undervisning prega av læringsbrett.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

OFFPHD-Offentlig sektor-ph.d.

Finansieringskilder