Tilbake til søkeresultatene

INNOFFARENA-Innovasjonsarena for stat og kommune

Kunstproduksjon gjennom digitale medium og elevens oppleving (#ungkunst, dks og skole)

Alternativ tittel: Art production through digital medium and the pupils experience (#youngart, The Cultural Schoolbag and schools)

Tildelt: kr 1,8 mill.

Prosjektnummer:

323139

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2021 - 2024

Geografi:

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal ordning som sørger for at alle skuleelevane i Noreg får oppleva profesjonell kunst og kultur kvart år. I 2019 førte denne ordninga til at 823 245 elevar på 3 212 skular var med på til saman 2,5 millionar unike kunstmøte som ein del av skulekvardagen. Totalbudsjettet var på 548 millionar kroner. Kulturtanken er ein statleg fagetat for kunst og kultur til barn og unge i skolen. I tildelingsbrevet for spelemidlar til Den kulturelle skolesekken (DKS) for skoleåret 2020/2021 skriv Kulturtanken at tilbodet i DKS bør reflektera den medie- og teknologirike verkelegheita dagens barn og unge lever i. Denne skildringa av kvardagen til barn og unge finn støtte i undersøkinga Barn og medier 2020, der 86 % av barn og ungdom mellom 9 og 18 år svarer at dei speler dataspel. Problemet er at DKS i dag har eit mangelfullt tilbod av produksjonar innan dataspel og interaktive medium. Kulturtanken peiker i rapporten Dataspill som kulturuttrykk i DKS-ordningen på at ei mogleg årsak til dette kan vera manglande kompetanse på dataspel som kulturelt produkt og kunstnarleg uttrykksform. Formålet med ph.d.-prosjektet er å analysera kva kunsterfaringar ungdommar kan få gjennom dataspel og interaktive medium. Ein stor del av teorien og metodologien for forskinga blir henta frå nevroestetikk, som er ein tverrfagleg vitskap som inkluderer filosofisk estetikk, psykologi og nevrovitskap Resultatet vil gje viktig kunnskapsgrunnlag til utviklingsarbeidet Møre og Romsdal fylkeskommune, Kulturtanken og UKM driv innan datakultur for ungdom. Undersøkingane tar utgangspunkt i kordan ungdommane erfarer kommersielt tilgjengelege dataspel med kunstnarlege ambisjonar og kunstproduksjon for interaktive medium utvikla av DKS Møre og Romsdal med støtte frå Kulturtanken. Forskinga er basert i Kristiansund og er del av eit forskings- og utviklingsprosjekt som skal bidra til innovasjon av produksjonane i Den kulturelle skulesekken. Dette prosjektet heiter #ungkunst, dks og skule og er initiert og eigd av Møre og Romsdal fylkeskommune. Ph.d.-stipendiaten fylgjer Kunst i kontekst-spesialiseringa på Universitetet i Agder.

Ph.D.-prosjektet er ein del av eit større forskingsprosjekt som heiter #ungkunst, DKS og skole (vidare kalt #ungkunst) og er eigd av Møre og Romsdal fylkeskommune. Hovudmålet for #ungkunst er å bidra til innovasjon ved å prøva ut nye måtar for samarbeid mellom Den kulturelle skulesekken og utdanningssektoren. Delmål 1 Modeller for organisering av DKS i samarbeid med skulen, er å utvikla modellar, gjennomførbare i DKS, som legg vekt på elevmedverknad i kunstprosessar over tid, og hensiktsmessige samarbeidsstrategiar mellom kunstnarar, lærarar, skuleleiarar, skoleeigarar og kunstinstitusjonar. Delmål 2, Kvalitet for elevane, er å undersøka korleis barn og unge opplever å delta i skapande og kunstnarlege prosessar, kva som er kjenneteikna på kvalitet i slike prosesser og om dei styrkar elevens ferdigheiter og kompetansar slik dei er definerte i Kunnskapsløftet 2020. Delprosjekt C i #ungkunst er «kunstproduksjon gjennom digitale medium og elevens oppleving», og Ph.D.-prosjektet inngår i dette. Det overordna forskingsspørsmålet i Ph.D.-prosjektet er "Korleis kan barn og unge få kunstopplevingar gjennom digitale medium?". Feltarbeidet er å undersøka opplevingane til elevane som er med på den digitale produksjon som blir utvikla i delprosjekt C i #ungkunst. Teoridelen av forskinga er basert på nevroestetikk, som er ein tverrfagleg vitskap som inkluderer filosofisk estetikk, psykologi og nevrovitskap. Det empiriske materialet vil bli henta inn mellom anna ved hjelp av djupneintervju med elevar, filosofiske samtalar med grupper av elevar og filmopptak av disse og registreringar ved hjelp av metodar frå nevroestetikk. Det vil i tillegg vera semistrukturerte djupneintervju med kunstnarane og andre som er med i utviklingsarbeidet under heile prosessen, og under turneen vil det vera tilsvarande intervju med lærarane som har klassane som får denne produksjonen. Teoridelen vil være grunnlaget for å tolka og drøfta resultata frå empirien.

Aktivitet:

INNOFFARENA-Innovasjonsarena for stat og kommune