Tilbake til søkeresultatene

REKRUTTERING-REKRUTTERING

Kunstproduksjon gjennom digitale medium og elevens oppleving (#ungkunst, dks og skole)

Alternativ tittel: Art production through digital medium and the pupils experience (#youngart, The Cultural Schoolbag and schools)

Tildelt: kr 2,2 mill.

Prosjektleder:

Prosjektnummer:

323139

Prosjektperiode:

2021 - 2026

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Formålet til doktorgradsprosjektet er å komma fram til ny kunnskap om kunstopplevingar frå nye medium, og då spesielt opplevingar av estetisk ærefrykt. Dei nye media som er tatt med i prosjektet er dataspel og VR. Omgrepet estetisk ærefrykt svarer til omgrepet det sublime i kunsthistoria. Estetisk ærefrykt er mellom anna karakterisert av å føla seg liten i opplevinga av noko storslaget, som for eksempel majestetisk natur, ein kolossal katedral eller ein mektig symfoni av Beethoven. Dette kan føra til at ein føler seg sterkare knyta til eit fellesskap med dei rundt seg eller til naturen. Utvikling av innovative, kvantitative metodar med bruk av ny teknologi er ein sentral del av doktorgradsprosjektet. Prosjektet spring ut frå Den kulturelle skolesekken (DKS), som er ei nasjonal ordning som sørger for alt alle barn og unge i Noreg får oppleve kunst og kultur av profesjonell kvalitet på skolen. Problemet er at DKS i dag har eit mangelfullt tilbod av produksjonar innan dataspel og nye, interaktive medium. Rapporten Dataspill som kulturuttrykk i DKS-ordningen peikar på at ei mogleg årsak til dette kan vera manglande kompetanse på dataspel som kulturelt produkt og kunstnarleg uttrykksform. Doktorgradsprosjektet bidrar til meir kunnskap om dette. Forskingsdisiplinen i doktorgradsprosjektet er empirisk estetikk. Dette er ei mulitdisiplinær og empirisk basert forskingsgrein som ofte inkluderer teori og metodar frå psykologien for å vinna ny kunnskap om estetiske opplevingar og dei ulike måtane av involvering i alle former for kunst. Doktorgradsprosjektet er artikkelbasert og består av tre artiklar og ei kappe som bind det heile saman. Dei to fyrste er gjev resultata frå ein eksperimentell studie med 70 forsøkspersonar som opplevde på ein 25 minutt lang film i VR. Denne studien blir gjort saman med ei internasjonal gruppe med forskarar innan empirisk estetikk. Den tredje artikkelen er om opplevinga av estetisk ærefrykt frå dataspelet Journey. Empirien til denne artikkelen er spelaromtalar som ligg offentlege på internett. Desse blir analysert med datateknologi og ein metode kalla text mining. Kappa bind funna frå desse artiklane saman og foreslår ein modell for særtrekka og mekanismane bak opplevinga av estetisk ærefrykt.
-
Ph.D.-prosjektet er ein del av eit større forskingsprosjekt som heiter #ungkunst, DKS og skole (vidare kalt #ungkunst) og er eigd av Møre og Romsdal fylkeskommune. Hovudmålet for #ungkunst er å bidra til innovasjon ved å prøva ut nye måtar for samarbeid mellom Den kulturelle skulesekken og utdanningssektoren. Delmål 1 Modeller for organisering av DKS i samarbeid med skulen, er å utvikla modellar, gjennomførbare i DKS, som legg vekt på elevmedverknad i kunstprosessar over tid, og hensiktsmessige samarbeidsstrategiar mellom kunstnarar, lærarar, skuleleiarar, skoleeigarar og kunstinstitusjonar. Delmål 2, Kvalitet for elevane, er å undersøka korleis barn og unge opplever å delta i skapande og kunstnarlege prosessar, kva som er kjenneteikna på kvalitet i slike prosesser og om dei styrkar elevens ferdigheiter og kompetansar slik dei er definerte i Kunnskapsløftet 2020. Delprosjekt C i #ungkunst er «kunstproduksjon gjennom digitale medium og elevens oppleving», og Ph.D.-prosjektet inngår i dette. Det overordna forskingsspørsmålet i Ph.D.-prosjektet er "Korleis kan barn og unge få kunstopplevingar gjennom digitale medium?". Feltarbeidet er å undersøka opplevingane til elevane som er med på den digitale produksjon som blir utvikla i delprosjekt C i #ungkunst. Teoridelen av forskinga er basert på nevroestetikk, som er ein tverrfagleg vitskap som inkluderer filosofisk estetikk, psykologi og nevrovitskap. Det empiriske materialet vil bli henta inn mellom anna ved hjelp av djupneintervju med elevar, filosofiske samtalar med grupper av elevar og filmopptak av disse og registreringar ved hjelp av metodar frå nevroestetikk. Det vil i tillegg vera semistrukturerte djupneintervju med kunstnarane og andre som er med i utviklingsarbeidet under heile prosessen, og under turneen vil det vera tilsvarande intervju med lærarane som har klassane som får denne produksjonen. Teoridelen vil være grunnlaget for å tolka og drøfta resultata frå empirien.

Publikasjoner hentet fra Cristin og NVA

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

REKRUTTERING-REKRUTTERING