Tilbake til søkeresultatene

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam

Credit and creditability - a new approach to Norwegian economic history c. 1250-1570

Alternativ tittel: Kreditt og kredittverd – eit nytt blikk på norsk økonomisk historie ca 1250-1570

Tildelt: kr 3,9 mill.

Kreditt og kredittverd – eit nytt blikk på norsk økonomisk historie ca 1250-1570 Dette prosjektet undersøkjer den økonomiske og sosiale rolla til kredittinstitusjonen i norsk mellomalder. Målet med prosjektet er å kaste nytt lys over norsk økonomi og samfunn i mellomalderen og slik å bidra til eit stadig veksande forskingsfelt i internasjonal historieskriving. Ved å studere kvifor, korleis og i kva for situasjonar ulike aktørar utførte kredittransaksjonar ønskjer eg å finne fram til ny kunnskap om restriksjonar og moglegheiter i dåtidas økonomiske system. Er det mogleg at kreditt var med på å gjere økonomien meir fleksibel i ein periode prega av økonomisk endring? Vidare ønskjer eg å utforske kva slags sosial funksjon kreditt hadde. Kredittransaksjonar var i mellomalderen i stor grad basert på tillit mellom långjevar og låntakar, og ein person som var i gjeld til ein person var ofte långjevar til ein annan. Resultatet var at omfattande kredittnettverk vaks fram, og eg ønskjer å utforske i kva grad slike band av gjensidig tillit fungerte som ein sosial kopling mellom menneske av begge kjønn, frå ulike samfunnsgrupper og frå ulike geografiske område. Dette aspektet er særs interessant, då kredittnettverk kunne strekje seg frå Europa sin nordlegaste periferi til kjerna av internasjonal handel.

The aim of the proposed project is to shed new light on Norwegian economy and society in the middle ages and contribute to a further geographic broadening of the existing scholarship on credit in Europe. By studying why, how and when different actors entered credit relations, I seek to gain new knowledge about restrictions and opportunities embedded in the economic system of the time, and to what extent credit made the economy more flexible in a period of economic change. Furthermore, I wish to explore credit’s social role. Medieval credit was to large extent based on personal bonds of trust between debtor and creditor, and a person who was indebted to one person was often creditor to another. Consequently, large networks of credit existed and I wish to explore to what extent these personal bonds functioned as a social link between people of both genders with different social backgrounds and from different geographical areas. This aspect is particular interesting, as networks of credit could stretch from the northernmost periphery of Europe to the very core of international trade.

Budsjettformål:

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam

Finansieringskilder