Vilkåra for ein sektorovergripande språkpolitikk
Prosjektet tek utgangspunkt i norsk offentleg språkpolitikk etter 2005 og forstår omgrepet «språkpolitikk» på eit makronivå, altså den offentlege språkpolitikken som er gitt i meldingar frå Stortinget.
Norsk offentleg språkpolitikk er sidan 2005 forstått som eit sektorovergripande politikkområde som skal utøvast i alle sektorar i samfunnet. Samstundes tyder erfaringar frå språkpolitisk forvaltning på at språkpolitikken i liten grad har vore sektorovergripande i praksis. Denne studien vil gå nærmare inn på tilhøvet mellom språkpolitiske ideal og språkpolitikk i praksis med høgare utdanning som felteksempel. Studien vil ta føre seg implementeringsfasen av språkpolitikken i høgare utdanning og bruke det som eksempelstudie for å forstå vilkår for språkpolitikk som sektorovergripande. Prosjektet tek sikte på å ta i bruk samfunnsvitskaplege metodar frå statsvitskap og forvaltningsrevisjon for å undersøkje «uttrykt» og «faktisk» språkpolitikk, altså språkpolitikken slik han er formulert og slik språkpolitikken i røynda utspeler seg.
Studien vil ha eit samanliknande perspektiv på det språkpolitiske feltet. Norsk offentleg språkpolitikk skal samanliknast med språkpolitikken i eit utval europeiske land, med særleg vekt på korleis dei språkpolitiske måla er sette ut i livet og følgde opp. Studien vil vidare granske kva som kjenneteiknar «sektorovergripande» politikkområde og implementeringa av slike politikkområde. Studien vil òg samanlikne oppfølginga av språkpolitikken i universitets- og høgskolesektoren etter 2009 med oppfølginga av internasjonaliseringspolitikken i same sektor i den same perioden.
Prosjektet vil bidra til å etablere ein metode for å evaluere gjennomføringa av norsk offentleg språkpolitikk, og eit mål er å gi offentleg sektor verktøy som kan bidra til å vidareutvikle språkpolitikken. Prosjektet vil òg vere relevant for andre sektorovergripande politikkområde.
Norsk offentleg språkpolitikk er sidan 2005 forstått som eit sektorovergripande politikkområde som skal utøvast i alle sektorar i samfunnet. Samstundes tyder erfaringar frå språkpolitisk forvaltning på at språkpolitikken i liten grad har vore sektorovergripande i praksis. Denne studien vil gå nærmare inn på tilhøvet mellom språkpolitiske ideal og språkpolitikk i praksis, med høgare utdanning som felteksempel. Målet er å granske implementeringsfasen av språkpolitikken i høgare utdanning, og bruke det som eksempelstudie for å forstå vilkår for språkpolitikk som sektorovergripande.
Studien vil ha eit samanliknande perspektiv på det språkpolitiske feltet på tre nivå:
1. Språkpolitiske mål og implementeringa av dei i eit europeisk perspektiv: ei samanlikning av språkpolitiske mål og praksis ved bruken av nasjonalspråk og engelsk i høgare utdanning i eit utval andre europeiske land.
2. Implementering av «sektorovergripande» språkpolitikk og forskingspolitikk i norsk forvalting: Gransking av implementeringa av den sektorovergripande språkpolitikken i høgare utdanning, samanlikna med implementeringa av den sektorovergripande forskingspolitikken.
3. Samanlikning av implementeringa av norsk offentleg språkpolitikk og implementeringa av internasjonaliseringspolitikk innanfor norsk høgare utdanning i perioden 2009-2020.