Tilbake til søkeresultatene

HELSEINNOVASJON-Helseinnovasjon

Dronar for effektivisering av helsenorge

Tildelt: kr 0,30 mill.

Dagens logistikkløysingar for frakt av biologisk materiale til sjukehusa er ikkje tilfredsstillande, då dei manglar standardisering. Prøvar blir frakta i dels ukontrollerte former, og leveringstida vert påverka av trafikk, vêrforhold og geografiske avstandar. Dronar har i mindre grad blitt brukt innan helsetenestene i Noreg, men fleire faktorar tilseier at denne typen transport vil kunne bidra positivt til nemnde logistikk- og kvalitetsutfordringar. Bruk av dronar tillet meir effektiv og påliteleg leveranse, auka sporbarheit, og er mindre sårbar for ytre faktorar. For at dronetransport skal vere den føretrekte måten å transportere biologisk materiale og legemiddel på frå legekontor i område med utfordrande geografi, må ein vere trygg på at løysinga handterer lange avstandar og krevjande vêrforhold. Airlift Solutions AS og Helse Førde er allereie i eit etablert samarbeid, som dannar basen for forprosjekt Pilot Helse. Det etablerte prosjektet har allereie vore gjennom to fasar i eit utvikingsløp, og er no i fase tre. Prosjektet er svært innovativt, då det utviklar ei drone spesialtilpassa føremålet med mål om å kunne fly lange avstandar og handtere alle vind- og vêrforhold. Partane utfyllar kvarandre svært godt. Helse Førde har kjennskap til dagens logistikkløysing for frakt av legemiddel og biologisk materiale, samt dei tilhøyrande utfordringane. Airlift Solutions AS har teknisk dronekompetanse og kompetanse tilknytt lovar og reglar i luftfarten, samt tett dialog med Luftfartstilsynet for anskaffing av framtidig naudsynte løyve. Prosjektet ser no behovet for å sikre god forankring i kommunane for bruk av drone som transportteneste. Hovudmålet for forprosjekt PilotHelse er difor å få på plass brei forankring i kommunane, og å etablere konsortium av offentlege og private aktørar som er rigga til å søke hovudprosjekt.

Budsjettformål:

HELSEINNOVASJON-Helseinnovasjon

Finansieringskilder