Tilbake til søkeresultatene

FORKOMMUNE-Forskning og innovasjon i kommunesektoren

Forprosjekt for utvikling av sjølvbetjeningsløysingar som legg til rette for auka gjenvinning av avfall

Tildelt: kr 99 999

EU sine mål om sirkulærøkonomi seier at 65 % av avfallet frå hushalda skal materialgjenvinnast innan 2035. Dette er ambisiøst, i dag er gjenvinningsgraden om lag 40 %. Kommunane møter difor ambisiøse, og til dels kostnadskrevjande krav om betre sortering, samstundes som innbyggjarane forventer smartare og meir kostnadseffektive avfallsløysingar. Kombinasjonen av relativt store anlegg og bemanning fører til høge kostnader og dermed høge renovasjonsgebyr i kommunane. Gjennom å kutte i opningstidene er det mogleg å spare personalkostnader, men innbyggjarane får då samstundes eit dårlegare tilbod. I 2022 skal en ny gjenvinningsstasjon stå klar i Giske kommune til å betjene miljøbevisste og travle innbyggjarar. Innbyggjarane blir stadig meir vande til sjølvbetjeningsløysingar, og dei har forventningar om å kunne levere avfall når det passar for dei, ikkje for avfallsselskapet. I små kommunar er det vanskeleg å forsvare bruk av store lønsressursar. Sjølvbetjeningsløysingar vil krevje nytenking rundt tryggleik, men kan gi lengre opningstider. Dette prosjektet ønskjer å finne konkrete forslag til smartare løysingar som kan overførast til andre gjenvinningsstasjonar. Dette gjeld innan utbygging av infrastruktur, bruk av tilgangsløysing, kontroll av sortering, korleis påverke, styre og endre brukaråtferd, samt sikring mot skader. Næringslivet og brukarane må inviterast inn for å finne den beste og mest framtidsretta løysinga på denne utfordringa. Konkret blir dette gjort ved at ei referansegruppe blir invitert med inn i arbeidet med å kartlegge behov gjenvinningsstasjonen skal oppfylle. Det må identifiserast ulike kundetyper og kundereiser. Dette dannar grunnlag for å identifisere moglege sjølvbetjeningsløysingar. Dette arbeidet blir samla i eit utfordringsdokument. Utfordringsdokumentet ligg til grunn for ein marknadsdialog med ein-til-ein-møte med aktuelle leverandørar. Basert på utfordringsdokumentet og marknadsdialog blir konkurransegrunnlag utforma.

Aktivitet:

FORKOMMUNE-Forskning og innovasjon i kommunesektoren