Tilbake til søkeresultatene

MARINFORSK-Marine ressurser og miljø

Havforskermøtet 2021

Tildelt: kr 85 607

Prosjektnummer:

328583

Prosjektperiode:

2021 - 2022

Norsk havforsking er eit stort miljø, og i internasjonal samanheng. Det er likevel få nasjonale arenaer der havforskarar i Noreg kan møtast og dele forskinga si. Havforskermøtet er ein av få slike møteplassar. Havforskarmøtet har blitt arrangert årleg sidan 1949, og dei seinare åra har det deltatt mellom 40 og 100 forskarar frå heile landet. På møtene blir som regel ein problemstilling løfta særskilt fram, på de siste møtene var dette «Plast i havet» (2016), «Hvordan få mer mat fra havet» (2017), "Hvordan kan forskere gjøre økologi mer politisk relevant?" (2019) og "Klimaendring i havet" (Online, 2020). I år vil vi ta for oss korleis moderne teknologi har endra vårt syn på korleis vi tenker omkring livet i havet, med spesielt fokus på observasjonsteknologi og genetiske metodar - under overskrifta "Nye metodar for å møte morgondagens utfordringar". I marine fag ser vi alt som skjer i felt gjennom observasjonsteknologi, som akustikk, fjernmåling, individmerker, undervannsfarty, fastmonterte instrument som logger og liknande. Populasjonsstruktur er ofte bestemt ved hjelp av genetiske metodar, og nye teknikkar som e-DNA kan endre måten vi måler økologisk samfunnstruktur. For å henge med i forskningsfronten er det viktig for oss å henge med i denne utviklinga, og det vil vi bidra til med dette møtet. Vi har booka to fulle dagar på Solstrand Hotel utanfor Bergen, og vil fylle dagane med diskusjon innanfor tema, opne bidrag, poster-sesjonar og sosialt samvær. Temaene vil vi dekke med to paneldebattar, der vi inviterer ekspertar innan temaene med ein moderator som leier diskusjonen. Vi vil legge vekt på at folk skal bli kjent på tvers av institusjonar, disiplinar og geografiske avstandar, invitere studentar og unge forskarar og inkludere dei i fagfelleskapet, og stimulere til meir samarbeid og nye prosjektsøknadar.

Budsjettformål:

MARINFORSK-Marine ressurser og miljø