Tilbake til søkeresultatene

EUNETTVERK-EU-nettverk

Mobilisering til Horisont Europa i Vestland

Tildelt: kr 1,5 mill.

Prosjektnummer:

328787

Prosjektperiode:

2021 - 2024

Midlene er mottatt fra:

Samfunnet vårt står ovanfor store utfordringar knytt til klima, energi, samfunnsutvikling og omstilling. Skal vi kunne løyse desse vil det være nødvendig med spesialkompetanse, kunnskap og ny kaptial. Fleire av desse problemstillingane treng ei tverrfagleg og tverrsektoriell tilnærming. Dette er i seg sjølv ei utfordring og krev nye samarbeidsformer. Horisont Vestland er eit breitt regionalt samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, kommunane, næringsorganisasjonane, utdanning og forsking. Prosjektet skal mobilisere til, legge grunnlaget for og støtte utvikling av prosjektsøknader til Horisont Europa for partnarar frå Vestland fylke. Horisont Vestland skal dermed bidra til å løyse globale samfunnsutfordringar med stor strategisk betydning for Vestland. Aktivitetane er forankra i Utviklingsplan for Vestland 2020-2024 og Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021-2033. Gjennom prosjektaktivitetar vil vi definere dei viktigaste innovasjonsprosjekta som kan være attraktive for EU-finansiering under Horisont Europa, med fokus på tema som er strategisk viktige for Vestland. Døme er energiomstilling, blå vekst, sirkulærøkonomi, klimautfordringar, miljø- og berekraft og utsleppsreduksjon. Etterverknad av koronakrisa og megatrender avdekka i rapporten Vestlandsscenarioa 2020 er også lagt til grunn. Prosjektet er organisert som eit nettverk der partnarar samarbeider for å opprette og halde ved like eit innovasjonsøkosystem for mobilisering til kvalitetssøknad under Horisont Europa. Tre arbeidsgrupper kjem til å arbeide med tema som er strategisk viktig for Vestland. Prosjektet vil bygge ein open kultur for deling av informasjon og kunnskap for å spele kvarandre gode.Målet er å auke talet for prosjekt frå Vestland, som er forankra i Vestland fylkeskommune sine regionale planar.

Budsjettformål:

EUNETTVERK-EU-nettverk

Finansieringskilder