Tilbake til søkeresultatene

NAERINGSPH-Nærings-phd

Berekraftig utvikling av eit utbyggingsområde - "Bømoen Plussbygd"

Alternativ tittel: Sustainable utilization of an area in development - "Bømoen plus village"

Tildelt: kr 1,9 mill.

Prosjektleder:

Prosjektnummer:

328860

Prosjektperiode:

2021 - 2025

Midlene er mottatt fra:

Organisasjon:

Geografi:

Bømoen Plussbygd -berekraftig utnytting av grunnvassressursar til drikkevatn, energikjelde og energilager Prosjektet skal leggja grunnlag for utvikling av ei framtidig plussbygd som i stor grad er sjølvforsynt med energi og vatn frå lokale georessursar. Det skal undersøkjast korleis ein kan bruka same grunnvassressurs til kommunal vannforsyning og som batteri(energilager) for oppvarming og nedkjøling av framtidige bygg. Plussbygd er eit begrep som er nytta for å visa at dette er eit prosjekt som skal i hovudsak vera sjølvforsynt med energi til oppvarming og nedkjøling. Grunnvatnet held ein relativt jamn temperatur gjennom heile året. Temperaturen i vatnet er å betrakta som lagra solenergi. Ved å pumpa opp grunnvatn og leda det gjennom ein varmevekslar kan ein få ut energi som kan brukast til oppvarming eller nedkjøling. Om vinteren er det generelt eit oppvarmingsbehov og om sommaren, eit nedkjølingsbehov i moderne bygg. Ved oppvarming vert det oppumpa vatnet kjølt ned. Det nedkjølte vatnet skal pumpast ned igjen i grunnvassmagasinet om vinteren. Om sommaren derimot er det generelt større behov for nedkjøling av bygg i staden for oppvarming. Då kan ein pumpa opp igjen det nedkjølte vatnet frå vinteren og bruke det for å kjøle ned bygga.frå . Nedkjølinga av bygga fører til at vatnet vert varma opp, og ein sender det ned i grunnen med en høgare temperatur. På denne måten kan ein nytta grunnen som eit batteri som ein enten ladar opp eller tek energi ut av, der begge delane er gunstig for temperaturstyringa i bygga. Gjennomføring av prosjektet vil verta i form av samarbeid mellom Norges Forskingsråd, Bømoen AS, Voss Herad, Voss energi AS og COWI AS der alle deltek med finansiering. Arbeidet skal føra fram til ein doktorgrad (Nærings-PHD) ved Norges Teknisk Naturvitskaplege Universitet (NTNU). I tillegg er Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) med som fagleg samarbeidspartner.

Denne studien fokuserar på berekraftig utvikling av Bømoen ved bruk av georessursar. Kortreiste georessursar vil danne grunnlag for grøn og framtidsretta utvikling av prosjektområdet. Spesielt gjeld dette grunnvatn som kjelde for både drikkevatn og energi, men også byggeråstoff (sand -og grus) og areal -og naturressursar i Bømoen. Alle ressursane ligg lokalt i Bømoen og er kortreiste. Studiet skal legge grunnlag for planlegging og utvikling av eit område som ei "plussbygd" med grunnlag i ressursane i området. Dette vil legge føringar for komplimentere miljøvennlege løysningar for utbygginga og gje kommune og utbyggar insentiv om å utvikla området i retning miljø og berekraft. Prosjektområdet er lite utbygd, relativt flatt og består av store avsetningar av sand og grus med tildels store grunnvassressursar. Med dei store ressursane som ligg i eit nærast ubebygd område er dette eit ideelt område for forsking på den ressursutnyttinga me legg opp til. Dei fagfelta som vil inngå i prosjektet er geologi, hydrogeologi, fornybar energi og varmeveksling, ressursforvaltning, grunnvannsjuss, arealforvaltning og byplanlegging. Varmeveksling av grunnvatnet er hovudgrunnen til at ein kan utvikla «Bømoen Plussbygd». Ved å pumpa opp grunnvatn og kjøla dette ned frigjev ein energi som kan brukast til oppvarming. Om sommaren når det er behov for kjøling gjer ein det motsatt slik at grunnvatnet vert oppvarma. Svakt oppvarma vatn vert pumpa ned igjen i vassreservoaret og kan liggja lagra der til ein treng oppvarming igjen. Ein brukar grunnvassystemet som eit batteri. Området skal også brukast som kjelde for vassforsyning , derfor er det viktig og undersøkje på korleis dei ulike brukarinteressene kan samordnast. Prosjektet i Bømoen vert, for delen med grunnvarme, ei vidareføring av ORMEL-prosjektet med samarbeidspartnerane som hadde det prosjektet (NGU og NTNU). I prosjektet er det inngått samarbeid mellom COWI AS, Voss herad, Bømoen AS og Voss Energi AS, NTNU og NGU.

Budsjettformål:

NAERINGSPH-Nærings-phd