ViteMeir, eit vitensenter på Kaupanger i Sogndal kommune, vil bli eit vitensenter med høg attraksjonsverdi regionalt, med fokus på natur- og ressursgrunnlaget i regionen, og dei teknologiske moglegheiter og utfordringar
som ligg i vårt samspel med naturen. Berekraftig utvikling er den overordna faglege profilen til ViteMeir og gjev vitensenteret ein profil som er relevant for skulevesen, næringsliv og for samfunnsutviklinga i mange år framover. ViteMeir ønskjer å vise breidde og mangfald innanfor MNT faga ved å nytte interaktive formidlingsmetodar og kombinere analogt og digitalt innhald. I tillegg er det eit mål å skape innhald med lokal identitet og som viser ressursar i vår region (REINT profil). På den måten vil vi sette MNT-faga inn i både tidsaktuelle, historiske og kulturelle samanhengar. Dette vil ha interesse både for skular, næringsliv, reiseliv og ålmenta.