Tilbake til søkeresultatene

FORNY20-FORNY2020

KVAL: All-in-One: Production of G-block containing alginate from Pseudomonas fluorescens

Alternativ tittel: Alt-i eitt: Produksjon av alginat med G-blokker frå Pseudomonas fluorescens.

Tildelt: kr 0,50 mill.

Prosjektnummer:

329512

Prosjektperiode:

2021 - 2022

Midlene er mottatt fra:

Fagområder:

Biopolymerar har spela ei viktig rolle i ikkje berre i mat og fór, men også for industriell og farmasøytisk bruk i mange tiår. Alginat er ein lineær biopolymer sett saman av mannuronsyre (M) og guluronsyre (G). Den prosentvise mengda av dei to uronsyrene, korleis dei er fordelte i alginatet og lengda til alginatmolekyla avgjer eigenskapane til polymeren. Alginat med høgt G-innhald er verdfulle material med mange ulike industrielle bruksområde. Alginat vert no produsert frå brunalgar, men for å kunne møte behova marknaden innan til dømes medisin har for alginat med høgt G innhald , er det svært viktig å etablere gode fermenteringsprosessar for bakteriell produksjon av slikt alginat. Pseudo-G-Block-prosjektet er eit samarbeid mellom SINTEF Industriell og Marin Bioteknologi og NTNU, Institutt for bioteknologi og matvitskap og har som mål å utvikle ein bakteriestamme som kan produsere alginat med høgt G-innhald. Slikt alginat kan til dømes prosesserast for å danne alginat oligosakkarid kalla «OligoG». Desse har fleire lovande medisinske bruksområde, til dømes i behandling av pasientar med sjukdomen cystisk fibrose. Ein bakteriestamme som kan produsere alginat med høgt G-innhald vil opne opp for nye prosjekt med industrien for å utvikle stammen og optimalisere produksjonsprosessen slik at han møter krava for ein industriell produksjon.

Aktivitet:

FORNY20-FORNY2020