Tilbake til søkeresultatene

MARINFORSK-Marine ressurser og miljø

The North West International SDG Conference

Tildelt: kr 99 999

Prosjektnummer:

329600

Prosjektperiode:

2021 - 2022

Arrangementet er relevant for programmet MARINFORSK. Heilskapen i arrangementet adresserer føremålet i utlysinga direkte. I løpet av arenaen The North West er det fleire individuelle arrangement i Ålesund. Det konkrete arrangementet i denne søknaden er «International SDG Conference», som er ein internasjonal konferanse med sterk lokal forankring. Hovudtemaet for arrangementet er «Decade of the ocean». Ein tek utgongspunkt i rapporten frå FN sitt havpanel og knyttar til seg nasjonale forskingsmiljø, offentleg forvalting og næringslivet. Det skal bidra til å auke kunnskap og forme samfunnsutvikling gjennom å presentere forsking, innovasjonar og samfunnstrendar. Ein har ei heilskapleg tilnærming til temaet ved å sjå på både forvalting, utnytting av marine ressursar, energi og maritim teknologi. Det er tung deltaking i programmet frå ulike sektorar og både nasjonalt og internasjonalt. I publikum vil offentleg forvalting vere sterkt representert mellom anna gjennom Det nasjonale berekraftsnettverket og Vestlandsrådet, totalt forventar vi om lag 100 kommunar og fylkeskommunar i tillegg til fleire statlege etatar. Vi arbeider tett saman med ei rekke forskingsmiljø for å sikre akademisk forankring. Og tett saman med næringslivet for å sikre ein relevans for næringane. Arrangementet er på Norsk Maritimt Kompetansesenter på Campus Ålesund og vil ha om lag 550 tilskodarar. Her er vi lokaliserte saman med mellom anna klyngene NCE Blue Legasea og GCE Blue Maritime. I tillegg til tunge forskingsmiljø som NTNU, SINTEF og Møreforsking, samt store næringsaktørar. Det har ein sterk symbolsk verdi å ta denne diskusjonen her, i hjartet av det marine og maritime miljøet på Nordvestlandet. På slutten av konferansen vert det også ein partileiardebatt, i samband med stortingsvalet. Dette sikrar mediedekning og nasjonal relevans. Arrangementet er også eit samarbeid med opninga av det fyste marine vitensenteret i Noreg på Atlanterhavsparken, dette er same dag.

Budsjettformål:

MARINFORSK-Marine ressurser og miljø