Norsk matsikkerheit kan bli og er til ein viss grad truga av internasjonale konfliktar, handelssanksjonar, samanbrot av internasjonal distribusjonssystem, klimaendringar, utbrot av plante- og dyresjukdommar og store endringar i global etterspurnad og tilgang på mat globalt som hindrar tilstrekkeleg fôr- og matimport. Matsikkerheit er i Noreg ofte assosiert med sjølvforsyningsgraden av konsumpsjon av jordbruksvarer. I prosjektet vil vi vurdere og evaluere grunnlaget, oppslutnad, moglegheiter og avgrensingar for målet om auka sjølvforsyning av mat frå norsk jordbruk og vurdere kor langt ei auke i sjøforsyningsgrad bidreg til auka nasjonal matsikkerheit. Først vil vi køyre ein prosess med aktørar innan matproduksjonen, frå dyrking til omsetnad av mat, og andre interessentar for å identifisere eksisterande narrativ om norsk matproduksjon og dei ideologiske og moralske forskjellane mellom narrativ. Vidare vil vi rekruttere medlemmar til grupper som representerer eksisterande narrativ for å definere det vi kallar "idealtypane" av framtidas matsystem. Dette vil skje gjennom ei rekkje tverrfaglege seminar med medlemmane av gruppene og dei involverte forskarane. Dei definerte "idealtypa" for matsystem vil deretter bli omsett til kvantitative inndata til modellar og analysert. Resultat frå modellkøyringane er produksjonsmengd av ulike jordbruksvarer, miljømessige og økonomiske konsekvensar, kosthaldspåverknad og sjølvforsyningsgrad av jordbruksprodukt. Modellresultata vil bli evaluert med involvering av interessentar og om naudsynt køyrd om att. Dei endelege modellresultata vil deretter bli brukt til å vurdere effektane av dei ulike "idealtypane" på fleire indikatorar for norsk matsikkerheit. Resultata av vurderinga av sjølvforsyningsgrad og matsikkerheit vil bli kommunisert og diskutert med beslutningstakarar og aktørar med interesse i og for jordbruk og matproduksjon. Vår ambisjon er brei formidling og debatt om resultata og vil såleis bruke ulike kommunikasjonskanalar.
Det første arbeidsmøtet med aktørar og interessentar innan matproduksjonen vart gjennomført i januar 2024. Det er også gjort ei analyse av redaksjonelle oppslag og meiningsytringar i media. Resultat av samanstilling, som vil bli lagt fram på neste arbeidsmøte i haust, vil innehalde ulike forteljingar (narrativ) som speglar eksisterande ideelle visjonar for ein framtidig norsk matproduksjon. Neste steg er da å justere narrativa i tråd med responsane på møtet og konkretisere narrativa slik at dei let seg operasjonalisere. Det vil seie at vi kan rekne på kva konsekvensar dei ulike narrativa kan ha for matproduksjon, verdiskaping, klima-og miljøeffektar.
Parallelt med dette har vi bygd ferdig ein modell for å kople saman data om produksjon av jordbruksprodukt med intensitetar og arealbruk. På den måten kan vi rekne ut arealbruk for ulik samansetting av jordbruksproduksjonar og intensitetar av desse. Vidare er modellen laga slik at den kalkulerer økonomisk verdiskaping på eit finare oppløysingsnivå, og vi har vald å bruke inndelinga av landet i tilskotssonar. Det blir no arbeidd med å utvide modellen til å estimere klima- og miljøeffektar som til dømes netto klimagassutslepp og næringsstoffbalansar.
In the FOSIP project we will assess and evaluate the foundation, support, opportunities, and limitations for the goal of increased agri-food self-sufficiency in Norway and assess how far an increase will contribute to improved national food security. First, we will run a process with agri-food actors and stakeholders to identify the existing agri-food narratives and the ideological and moral differences between each narrative. Further, we will recruit members into groups representing the existing narratives to define what we call the ‘ideal-types’ of the future agri-food systems. This will be done through a series of interdisciplinary workshops between the members of the groups and the involved researchers. The defined agri-food system ‘ideal-types” will subsequently be translated into quantitative model inputs and analysed. The outcome is production quantity of various agri-food commodities, environmental and economic impacts, dietary impact, and degree of agri-food self-sufficiency. The model outputs will be evaluated with stakeholder involvement and iterated if necessary. The final model outputs will then be used to assess the various “ideal-types” impact on domestic food security using multiple measures. The outcomes of the food-security and agri-food self-sufficiency assessments will be communicated and discussed with policymakers and agri-food actors. Our ambition is broad outreach and debate of outcomes, using different communication channels.