Tilbake til søkeresultatene

INNOFFARENA-Innovasjonsarena for stat og kommune

Inkluderande praksis i klasserommet

Alternativ tittel: Inclusive practice in the classroom

Tildelt: kr 1,9 mill.

Prosjektnummer:

336862

Prosjektperiode:

2022 - 2026

Geografi:

I dette doktorgradsprosjektet ønskjer ein å undersøka det profesjonelle læringsfellesskapet til lærarane og korleis ein arbeidar og underviser for å oppnå inkluderande praksis i klasserommet. Inkluderande praksis vil i prosjektet bli forstått slik at alle elevar skal oppleva deltaking og kjenna på meistring både fagleg og sosialt. Prosjektet legg spesielt vekt på å utvikle kunnskap om kva som hemmar eller fremmar inkluderande praksis. Målet vil vera at kunnskapen frå prosjektet på både kort og lang sikt vil bidra til at ein på system og einingsnivå kan arbeida meir kunnskapsbasert og analytisk for å legga til rette for meistring for alle elevane. Prosjektet har som mål å utforska opplevingar, haldningar og verdiar til leiarane og lærarane, og det som faktisk går føre seg praktisk i klasserommet. For å få tak i denne kunnskapen vil ein samla data gjennom intervju av lærarane og leiarane, og utføra observasjon av klasseromspraksisar. Resultata frå doktorgradsprosjektet skal vidare nyttast til å sjå på kva endringspotensial som ligg i profesjonsfellesskapet til lærarane når det gjeld inkluderande pedagogikk ,og på denne måten bidra til å utvikla nye og eksisterande metodar for å få til ein meir fellesskapsbyggande praksis i klasserommet. Studien vil gå føre seg på ein skule i kommunen der deltakarane i prosjektet vil vera skuleleiarar og lærarar , det vil vera frivillig å delta i prosjektet. Doktorgradsprosjektet vil bidra til å knytte forsking tett på eigen praksis, og det vil kunne auka kompetansen både på skuleeigar- og skulenivå.

I doktorgradsprosjektet ønskjer ein å undersøka det profesjonelle læringsfellesskapet til lærarane, og korleis ein arbeidar og underviser for å oppnå inkluderande praksis i klasserommet. Inkluderande praksis er i Suldal-skulen forstått slik at alle elevar skal oppleva deltaking og kjenna på meistring både fagleg og sosialt. Hensikta er å bidra til utvikling av eit kunnskapsgrunnlag som kan leggjast til grunn for å identifisere endringspotensial som grunnlag for å gjera eit praktisk handlingsgrep knytt til Suldal sin kommuneplan for 2015-2024 ,og strategiplanen for oppvekst ( 2021). I prosjektet vil ein legge spesielt vekt på å identifisera kva som kan fremma eller hemma inkluderande praksis. Problemstillinga er formulert som «Kunnskapsbasert arbeid med utvikling av kollektiv kultur for inkluderande fellesskap i Suldal-skulen.» Artiklane som vert planlagt i ph.d-avhandlinga skal sjåast i samanheng med undersøking av forskningsspørsmåla ein koplar forskinga til: 1.Korleis arbeidar skuleleiarane i Suldal med å utvikle kultur for inkluderande praksis i Suldalsskulen? 2.Korleis arbeidar lærarane i Suldal, individuelt og kollektivt, med å utvikle inkluderande pedagogiske praksisar? 3.Korleis beskriv og vurderer lærarane sin eigen profesjonskunnskap i forhold til inkluderande praksis? 4.Kva kjenneteiknar inkluderande pedagogisk praksis i klasserommet i Suldalsskulen? I dette prosjektet skal lærarane og leiarane sine erfaringar og opplevingar knytt til inkluderande pedagogikk undersøkast, og ein vil derfor nytta eit kvalitativt forskingsdesign som vert forankra i ei fenomenologisk og hermeneutisk tilnærming. Doktorgradsprosjektet er forankra administrativt i strategisk leiargruppe i Suldal kommune og det er gitt politiske signal og uttrykka eit ønske om å forska i eigen kommune i budsjettframlegget i 2021. Doktorgradsprosjektet vil bidra til å knytte forsking tett på eigen praksis, og det vil kunne auka kompetansen både på skuleeigar- og skulenivå.

Aktivitet:

INNOFFARENA-Innovasjonsarena for stat og kommune