Tilbake til søkeresultatene

OFFPHD-Offentlig sektor-ph.d.

Kommunal tverrfagleg praksis for betre medverknad og samhandling med born og unge - Offentleg ph.d.

Alternativ tittel: Legg inn tittel engelsk

Tildelt: kr 1,9 mill.

Prosjektnummer:

336871

Prosjektperiode:

2022 - 2025

Midlene er mottatt fra:

Phd’n er ein del av prosjektet Berekraft i Sogn som i sin heilskap skal styrke samspelet mellom utdanning, samfunn og arbeidsliv gjennom tverrfagleg samarbeid, medverknad og samskaping. Den offenlege Phd’en skal særleg utvikle kunnskap om korleis tverrfagleg medverknad og samhandling med born og unge kan styrke utviklinga av eit utdanningssystem som skapar moglegheiter for alle. OFFPHD prosjektet skal foreslå arbeidsmetodar og verktøy for å utvikle den kompetansen born og unge treng i møte med krav og utfordringar i studie-, samfunns- og arbeidsliv. Skuleåret 2020/21 blei fagfornyinga innført i grunnopplæringa. Alle som jobbar med opplæring har plikt og ansvar for elevane si læring og utvikling. Det felles ansvaret føreset godt og systematisk samarbeid på skulen, mellom skular, mellom skule og arbeidsliv, i arbeidslivet og mellom skule og UH-sektoren. OFFPHD prosjektet skal gje rammer og retning for utvikling av profesjonsfaglege fellesskap der born og unge si opplæring står i sentrum. Me ønskjer å forstå eigen praksis gjennom å analysere eigen praksis og bli vand til å justere og forbetre til beste for born og unge. Doktorgradsarbeidet skal levere kunnskap om korleis oppvekstsektoren kan implementere fagfornyinga i grunnskulen gjennom nye former for tverrfagleg arbeid knytt til demokrati, medborgarskap, berekraft og entreprenørskap. Resultatet frå doktorgradsprosjektet skal leie til endra og forbetra praksisar i læring og undervisning, i tverrfagleg samhandling og i korleis kommunen involverer born og unge i utviklinga av samfunnet.

Sogndal kommune søkjer om finansiering til ein OFFPHD innafor a) portefølja Utdanning og kompetanse med tematiske vinklingar mot «Læringsprosessar, vurderingsformer og læringsutbytte» og «Praksis, profesjonsutøvelse og kompetanseutvikling», eller b) utan tematisk føring. Den OFFPHD tilsette blir ein del av ei ny fag- og forskingsgruppe ved HVL for samskaping, medverknad og tverrfagleg samarbeid som er knytt til prosjektet "Samskaping for eit berekraftig Sogn". Medan prosjektet i sin heilskap skal styrke samspelet mellom utdanning, samfunn og arbeidsliv gjennom tverrfagleg samarbeid, medverknad og samskaping, skal OFFPHD'en særleg utvikle kunnskap om korleis tverrfagleg medverknad og samhandling med born og unge kan styrke utviklinga av eit utdanningssystem som skapar moglegheiter for alle. OFFPHD prosjektet skal foreslå arbeidsmetodar og verktøy for å utvikle den kompetansen born og unge treng i møte med krav og utfordringar i studie-, samfunns- og arbeidsliv. Skuleåret 2020/21 blei fagfornyinga innført i grunnopplæringa. Alle som jobbar med opplæring har plikt og ansvar for elevane si læring og utvikling. Det felles ansvaret føreset godt og systematisk samarbeid på skulen, mellom skular, mellom skule og arbeidsliv, i arbeidslivet og mellom skule og UH-sektoren. OFFPHD prosjektet skal gje rammer og retning for utvikling av profesjonsfaglege fellesskap der born og unge si opplæring står i sentrum. Me ønskjer å forstå eigen praksis gjennom å analysere eigen praksis og bli vand til å justere og forbetre til beste for born og unge. Doktorgradsarbeidet skal levere kunnskap om korleis oppvekstsektoren kan implementere fagfornyinga i grunnskulen gjennom nye former for tverrfagleg arbeid knytt til demokrati, medborgarskap, berekraft og entreprenørskap. Resultatet frå doktorgradsprosjektet skal leie til endra og forbetra praksisar i læring og undervisning, i tverrfagleg samhandling og i korleis kommunen involverer born og unge i utviklinga av samfunnet.

Budsjettformål:

OFFPHD-Offentlig sektor-ph.d.

Finansieringskilder